Om antibiotikaresistens

Antibiotika er viktige og effektive medisinar i behandling av infeksjonar som kjem av bakteriar. Antibiotikaresistens inneber at bakteriar er motstandsdyktige mot antibiotika, og er i dag ein av dei største utfordringane innan moderne medisin.

Antibiotikaresistens inneber at bakteriar kan leve vidare og formeire seg, sjølv om dei blir utsette for antibiotika. Det vil seie at bakterieinfeksjonar som i dag er rekna som ufarlege, kan bli svært vanskelege å behandle og i nokre tilfelle livstrugande.

Kvifor er det viktig å førebyggje antibiotikaresistens?

Ei framtid utan effektive antibiotika er også ein trugsel mot moderne medisin. Blant anna vil ei rekkje kirurgiske inngrep, kreftbehandling og transplantasjonar bli vanskelege eller umoglege å gjennomføre dersom sjukehusa ikkje kan tilby effektiv infeksjonsbehandling.

Kvifor og korleis blir bakteriar resistente mot antibiotika?

Den viktigaste årsaka til antibiotikaresistens er bruk av antibiotika hos menneske og dyr. Unødvendig bruk av antibiotika er eit stort problem, og for å forhindre eller utsetje resistensutviklinga er det viktig at ein berre bruker antibiotika når det er nødvendig:

  • Antibiotika verkar ikkje på virus, men blir likevel nokre gonger feilaktig brukt som behandling ved infeksjonar som oftast kjem av virus – slik som forkjøling, øyrebetennelse, biholebetennelse, halsbetennelse og nokre andre luftvegsinfeksjonar. Når slike infeksjonar skriv seg frå virus, har antibiotika ingen effekt og fører heller ikkje til lindring av plagene.
  • Mange bakterielle infeksjonar går oftast over av seg sjølv, og krev heller ikkje behandling med antibiotika.

Bruk av breispektra antibiotika, som kan vere effektive mot mange ulike bakteriar, gjev lettare utvikling av resistente bakteriar enn når behandlinga er meir målretta med smalspektra antibiotika. Ein skriv for ofte ut breispektra antibiotika, og det bidreg til ei uheldig utvikling.

Når bakteriar er vortne resistente, kan vidare spreiing av slike bakteriar skje gjennom kontakt mellom menneske, gjennom kontakt mellom menneske og dyr eller til menneske frå vatn, mat og miljøet elles.

Bakteriar kan også utveksle resistensgen og dermed «spreie resistens» til andre bakteriar, på tvers av bakterietypar. Internasjonal reiseverksemd og handel med dyr og varer bidreg til spreiing av antibiotikaresistente bakteriar over landegrensene.

I tillegg er det viktig å utvikle nye antibiotika og overvake antibiotikabruk og førekomsten av infeksjonar av både resistente og ikkje-resistente mikrobar, nasjonalt og internasjonalt.

I Noreg har vi så langt kunna kontrollere førekomsten av antibiotikaresistens i helsetenesta ved iherdige og omfattande smitteverntiltak. Til dømes må alle som har vore innlagde i sjukehus utanfor Norden i løpet av dei siste 12 månadene, testast for om dei er smitta med enkelte resistente bakteriar før dei blir lagde inn på sjukehus i Noreg.

Overvaking av antibiotikaresistens i Noreg

Overvaking av antibiotikaresistens er nødvendig dersom helsetenesta også i framtida skal kunne levere medisinsk behandling på ein trygg måte. I Noreg overvakar vi antibiotikaresistens, antibiotikabruk og infeksjonar på fleire måtar:

Norsk overvåkingssystem for antibiotikaresistens hos mikrober (NORM)

NORM er eit nasjonalt helseregister som overvakar resistens mot antibiotika i bakteriar som har ført til infeksjonar. Registeret rapporterer om dei viktigaste sjukdomsframkallande bakteriane hos menneske.

Norsk overvåkingssystem for antibiotikaresistens hos mikrober – veterinærmedisin (NORM-VET)

NORM-VET overvakar førekomsten av antibiotikaresistens blant bakteriar frå dyr, fôr og næringsmiddel i Noreg.

Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS)

MSIS overvakar eit utval av infeksjonar og berarskap som kjem av resistente mikrobar. Mange av infeksjonane som blir registrerte i MSIS, blir overvaka uavhengig av resistensen til mikrobane.

Reseptregisteret

Reseptregisteret overvakar antibiotikabruk i primærhelsetenesta. Ved hjelp av registeret blir det utarbeidd salsstatistikk over antibiotika seld i sjukehus og sjukeheimar.

Norsk overvåkingssystem for antibiotikabruk og helsetjenesteassosierte infeksjoner (NOIS)

NOIS overvakar helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk i spesialisthelsetenesta og kommunale helseinstitusjonar.

Sisdoalu lea almmuhan Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Om antibiotikaresistens. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 ođđajagemánnu 27, duorasdat [vižžon 2024 cuoŋománnu 16, maŋŋebárga]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/medisiner/antibiotika-og-resistens/om-antibiotikaresistens/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 ođđajagemánnu 27, duorasdat