Kursopphald ved Bæreia for krigsenker eller ektefellar av krigspensjonistar

Dersom du har krigsenkepensjon eller er ektefelle av ein krigspensjonist, kan Helfo dekkje opphald ved Forsvarets veteransenter ved Bæreia i Hedmark.

Kven kan få kurs på Bæreia?

Det er eit krav for å få innvilga opphald ved Forsvarets veteransenter er at du har ein somatisk eller psykisk sjukdom, og at opphaldet av den grunn er nødvendig.

Ordninga gjeld for deg som har krigsenkepensjon, eller er ektefelle av ein krigspensjonist frå andre verdenskrig.

Korleis søkjer du om opphald?

Du eller legen må sende søknaden direkte til Forsvarets veteransenter, Bæreia, før opphaldet startar.

Du må leggje ved ei erklæring frå legen eller frå sjukehus om kvifor du treng eit opphald. Det er kurssenteret som behandler søknaden og gir deg eit eventuelt tilbod om kursopphald.  

Kva utgifter dekkjer Helfo?

Du kan få dekt utgifter til opphald på inntil fire veker. Du kan i særlege tilfelle få dekt utgifter til fire nye veker. 

Helfo betaler opphaldskostnadene dine med 606 kroner per døgn (2024) direkte til Forsvarets veteransenter. 

Du slepp dermed å leggje ut foropphaldsutgiftene sjølv. 

Du kan få delvis dekka reiseutgiftene til Bæreia

Helfo kan delvis dekke reiseutgiftene til og frå Forsvarets veteransenter.

Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter opphaldet. 

Dersom du veit kva dokumentasjon du skal sende inn til Helfo kan du gå direkte til søknad om refusjon: 

Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om å få refusjon

Papirskjema 

Dersom du ikkje kan bruke digitalt skjema, kan du i staden fylle ut 

og sende det inn saman med dokumentasjonen og kvitteringar til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.  

Dersom du treng meir informasjon om kva utgifter som kan dekkast i samband med reisa, og kva dokumentasjon du må legge ved søknaden, må du gå til sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og enkelte rekreasjonsopphald». 

Sisdoalu lea almmuhan Helfo

Helfo. Kursopphald ved Bæreia for krigsenker eller ektefellar av krigspensjonistar. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 suoidnemánnu 1, lávvardat [vižžon 2024 cuoŋománnu 19, bearjadat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/refusjon-og-stotteordninger/kursopphold-og-rehabilitering/krigsenker-eller-ektefeller-av-krigspensjonister/

Maŋimusat ođastuvvon 2023 suoidnemánnu 1, lávvardat