Barn med hoftefeil kan få stønad

Helfo kan gi godkjenning til utlån av spesialvogn for

  • barn med medfødd hoftefeil (hofteluksasjon eller hoftedysplasi) som blir behandla med gips eller Freijkas pute
  • små barn med erverva (ikkje-medfødde) hoftelidingar som blir behandla på same måte i ein kortare periode

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om å få låne spesialvogn ved å bruke digitalt skjema. Legg ved ei legeerklæring som beskriv situasjonen til barnet

Søk Helfo via mobilen

Helfos søknadsskjema i Altinn er tilpasset mobilen din.

  • Legg alle kvitteringer/ dokumentasjon på et bord med godt lys. Ta bilde av hvert enkelt dokument.
  • Last inn hvert enkelt vedlegg der du får beskjed om det i skjemaet.
  • Sender du søknaden via mobilen sparer du tid. Svaret finner du i innboksen her på Helsenorge.

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn legeerklæringa som beskriv situasjonen til barnet, til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Utlevering av spesialvogn

Når søknaden er behandla, får du eit vedtak frå Helfo. Helfo sender ein kopi av vedtaket til Nav hjelpemiddelsentral i det fylket barnet er busett i.

  • Når du har fått imot vedtaket frå Helfo, tar du kontakt med Nav hjelpemiddelsentral i det fylket barnet er busett i. Hjelpemiddelsentralen vil fortelje deg om dei har vogn inne, eller må bestille den. Vær merksam på at det kan ta tid å skaffe riktig vogn.
  • Viss hjelpemiddelsentralen ikkje har ei passande vogn til utlån, kan hjelpemiddelsentralen kjøpe inn ei ny vogn. Innkjøpet må avgrensast til «den rimelegaste vogna som fyller formålet».
  • Spesialvogna må leverast tilbake til hjelpemiddelsentralen når du er ferdig med henne.

Saksbehandlingstid og svar på søknad for spesialvogn

Saksbehandlingstida for søknad om lån av spesialvogn er normalt inntil éi veke.

Helfo sender deg vedtak som gjeld saka di til innboksen din på Helsenorge (eller i di digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikkje bruker digitale løysninger, sender vi post til den folkeregistrerte adressa di.  

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helfo

Helfo. Lån av spesialvogn for barn med hoftelidingar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 borgemánnu 17, vuossárga [henta 2026 borgemánnu 21, bearjadat]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/refusjon-og-stotteordninger/tvillingvogn-og-spesialvogn/

Sist oppdatert 17. borgemánnu 2026

Fant du det du lette etter?