Kva er amfetamin og amfetaminmisbruk?

Amfetamin som medisin blir brukt i låge, kontrollerte dosar etter forskriving frå lege. Det blir brukt primært til å behandle ADHD eller narkolepsi.

Når amfetamin blir brukt som rusmiddel, blir det brukt utan medisinsk oppfølging og ofte i høgare dosar. Det finst òg ulovleg framstilte variantar amfetamin, som tablettar eller krystall. Desse kan verke sterkare og raskare. Ulovleg produsert amfetamin kan dessutan innehalde andre stoff som kan vere farlege og auke risikoen for biverknadar.

Rusen av amfetamin er oppkvikkande, og det er vanleg å få auka energi og kjenne auka fokus.

Kortvarige verknadar av rusen kan vere:

  • auka fokus
  • sterk energi og uro
  • lite behov for søvn og mat
  • paranoia og aggressivitet
  • nedstemdheit og utmatting når rusen går ut

Mange som brukar amfetamin kan gå lang tid utan søvn og mat. Dette aukar risikoen for negative biverknadar.

Teikn på overdose av amfetamin

Nokon kan få alvorlege akutte biverknadar som
hjarteinfarkt, hjernebløding, krampar eller plutseleg død. Risikoen er større ved høge dosar, og om du frå før har hjarteproblem. Ring 113 med ein gong dersom du eller nokon andre får:

  • brystsmerter
  • pustevanskar
  • krampar
  • tap av medvit

Teikn på amfetaminmisbruk

Mange som har brukt amfetamin over tid opplever at det blir vanskeleg å slutte, sjølv om dei ønsker det. Samtidig er det viktig å understreke at bruk av amfetamin ikkje nødvendigvis er det same som avhengnad.

Avhengnad blir kjenneteikna av nedsett kontroll over bruken, sterk rusmiddeltrong og vedvarande bruk trass i store negative konsekvensar for personen sjølv og omgivnadane.

Langvarig misbruk kan gi:

  • depresjon og angst
  • paranoia og hallusinasjonar
  • minneproblem og konsentrasjonsvanskar
  • høgt blodtrykk
  • vekttap og dårleg allmenntilstand
  • skadar på hud og tenner
  • avmagring

Behandling av amfetaminmisbruk

Ofte starar hjelpa med å avruse og hjelpe med abstinensar. Du kan få hjelp på eigne ruspoliklinikkar. Fastlegen kan tilvise deg dit.

Vidare behandling er avhengig av kva du sjølv ønsker og treng. Behandling kan omfatte samtaleterapi, hjelp med sosiale utfordringar og oppfølging av psykisk helse. 

Kommunen har ulike hjelpetilbod og tiltak som kan hjelpe deg i tida etter at du har fått behandling. Du kan sjekke din kommunes nettside for meir informasjon. NAV kan hjelpe med økonomisk støtte, arbeidstiltak og oppfølging knytt til arbeid eller aktivitet.

Ventetider for behandling

Nedanfor finn du informasjon om ventetid for behandling i spesialisthelsetenesta.

Prognose

Mange blir rusfrie med rett hjelp og oppfølging. For mange er det viktig å få hjelp ikkje berre med rusbruket, men med å etablere ein stabil og meiningsfylt kvardag  .

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Amfetaminmisbruk. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 skábmamánnu 12, duorasdat [henta 2026 skábmamánnu 21, lávvardat]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/rus-og-avhengighet/amfetaminmisbruk/

Sist oppdatert 12. skábmamánnu 2026

Fant du det du lette etter?