Kva er jetlag?
Å ha jetlag er å vere døgnvill etter ei reise over fleire tidssoner, som oftast med fly. Døgnrytmen i kroppen heng igjen i den gamle tidssona og treng nokre dagar på å omstille seg.
Vanlege symptom er å vere veldig trøytt på dagtid, men ha vanskar med å sove om natta. Enkelte får mageplager og hovudverk.
Som oftast går jetlag over av seg sjølv, men det finst behandling. Både legemiddel og eksponering for lys på rett tidspunkt kan hjelpe.
Du får meir jetlag, jo fleire tidssoner du reiser gjennom. Vanlegvis får du meir jetlag av å reise austover enn vestover.
Symptom på jetlag
Vanlege symptom:
- vanskar med å sovne og uroleg søvn
- trøytt på dagtid
- mageplager og kvalme
- hovudverk
- ukonsentrert, desorientert, irritabel
Symptoma er verre jo fleire tidssoner du passerer.
For mange snur døgnrytmen utan vanskar i løpet av få dagar, men for enkelte kan det vare i meir enn ei veke.
Søvn og søvnproblemer
Søvn er viktig for både fysisk og psykisk helse. Hvor mye søvn vi trenger er individuelt, men de fleste voksne har behov for sju til åtte timer per natt. Søvnproblemer er en av de vanligste helseplagene i befolkningen.
Behandling av jetlag
Jetlag går som oftast over av seg sjølv etter nokre dagar. Men om du får store plager av jetlag og har slitt med symptom i fleire dagar, kan behandling hjelpe.
Melatonin
Melatonin kan hjelpe mot jetlag og finst reseptfritt på apoteket. Det kan gi biverknader som hovudverk, kvalme og trøyttleik.
Snakk med lege eller apotek dersom du brukar andre medisinar eller har ein kronisk sjukdom.
Vanleg dose er 3 mg ved leggetid i inntil 4 dagar. Du tek første dosen når du kjem fram til reisemålet.
Les meir om Melatoninbehandling av søvnproblem hos Helse Bergen HF
Lys og mørke
Eksponering for dagslys og bruk av mørke solbriller til bestemte tider av døgnet kan hjelpe kroppen å tilpasse seg ei ny tidssone.
Sovemedisinar
Nokre kan ha nytte av ein kortvarig kur med sovemedisinar.
Gode råd mot jetlag
Før du reiser
- Prøv å tilpasse søvn og måltid til reisemålet ditt eit par dagar før du reiser.
- Ver godt utkvilt.
Skal du reise austover? Prøv å legge deg og stå opp litt tidlegare enn vanleg. Få gjerne dagslys tidleg på dagen.
Skal du reise vestover? Prøv å legge deg og stå opp litt seinare enn vanleg. Få gjerne dagslys på ettermiddag eller kveld.
Under flyturen
- Drikk mykje. Unngå alkohol og ver forsiktig med koffein.
- Prøv å tilpasse søvnen til tidssona du skal til.
- Sov helst når det er natt der du skal.
Når du er framme ved reisemålet
- Om du har reist vestover: Hald deg vaken til vanleg leggetid på reisemålet. Få gjerne dagslys på ettermiddagen.
- Om du har reist austover: Prøv å legge deg og stå opp etter lokal tid. Dagslys kan hjelpe, men unngå gjerne sterkt lys om morgonen dei første dagane dersom du har reist over mange tidssoner.
- Unngå koffein om kvelden.
- Hald deg i aktivitet når det er lyst ute.