Åreforkalking i halskara – carotisstenose

Åreforkalking i halskara aukar sjansen for å få hjerneslag, og du får vanlegvis tilbod om førebyggjande behandling.

Carotisarteriane er viktige halspulsårer som forsyner størsteparten av hjernen med oksygenrikt blod. Du kan kjenne pulsen i desse arteriane med fingrane på kvar side av halsen, like under kjeven.

Når halskara blir forsnevra på grunn av fettavleiringar i karveggen (åreforkalking), blir det kalla carotisstenose. Dette aukar risikoen for hjerneslag.

Risikofaktorane for å utvikle åreforkalking i halskara er samanfallande med risikofaktorane for å utvikle hjarte- og karlidingar. Eksempel på risikofaktorar:

  • alderdom
  • røyking
  • annan hjartesjukdom
  • høgt blodtrykk
  • høgt kolesterol

Legen kan lytte på halskara dine for å avdekkje trange kar.

Symptombilete

Dei færraste som har avleiringar (plakk) i halskara, har symptom. Ofte blir ikkje tilstanden oppdaga før etter eit hjerneslag eller eit lite drypp, også kalla TIA (transitorisk iskemisk anfall).

Eit hjerneslag skjer vanlegvis raskt og ofte utan forvarsel. Moglege symptom på hjerneslag:

  • svakheit eller nummenheit på den eine sida av kroppen
  • svimmelheit og problem med å gå
  • at den eine sida av ansiktet heng
  • synsforstyrringar eller problem med å snakke eller svelgje
  • besviming
  • sterk hovudverk

Symptoma på eit drypp er samanfallande med eit hjerneslag, men dei varer ikkje så lenge. Dei kan vare i alt frå nokre få minutt til 24 timar. Dersom du mistenkjer hjerneslag, må du ringje 113 så raskt som mogleg. Det er viktig å få medisinsk hjelp med ein gong, sjølv om symptoma forsvinn.

Om lag 1 av 10 som får eit hjerneslag, døyr av det, og mange blir prega av det i etterkant. Derfor er det viktig med behandling og førebygging.

Utgreiing og diagnose

Dersom du har hatt slag eller drypp, blir halskara truleg undersøkte med ultralyd. Dette er ei undersøking som viser korleis blodet strøymer gjennom halspulsåra, og om blodåra er trange.

Undersøkinga er ufarleg, men ho kan ta opptil 45 minutt.

Sjølv om mange ikkje finn ut at dei har åreforkalking i halskara før etter at dei har hatt eit hjerneslag eller eit drypp, er det mykje du kan gjere for å førebyggje nye hjerneslag.

Livsstilsendringar kan bidra til å senke blodtrykket og kolesterolnivået, og generelt gi betre helse. Legemiddel bidreg òg.

Dersom du røykjer, er det sterkt tilrådd å slutte. Røyking skadar blodårene og aukar risikoen for hjerneslag. Er du overvektig, kan du prøve å gå ned i vekt ved hjelp av eit sunnare kosthald og fysisk aktivitet. 30 minutt med fysisk aktivitet kvar dag er tilrådd for alle, sjølv om du er normalvektig.

Går du ikkje ned i vekt med auka aktivitet, er det likevel mange helsemessige fordelar ved regelmessig mosjon, spesielt for hjartet og blodårene.

Dersom du har hatt eit hjerneslag, kan det vere enkelte avgrensingar på korleis du bør trene. Snakk om dette med legen din, og bli einige om eit realistisk treningsprogram du kan starte med.

Eit sunnare kosthald består i å ete minst fem porsjonar med grønsaker og frukt kvar dag og unngå for mykje salt, sukker, animalsk feitt og tilarbeidd mat i kosthaldet. Drikk du jamleg alkohol, bør du prøve å redusere inntaket.

Dersom du har hjarteproblem, er det viktig at du følgjer opp behandlinga på best mogleg måte.

Legemiddel

Det vanlegaste legemiddelet mot åreforkalking i halskara er acetylsalisylsyre (blodfortynnande), men ikkje alle kan bruke dette. Alternativt bruker nokon klopidogrel eller tiklopidin.

Mange treng òg kolesterol- og blodtrykkssenkande legemiddel. Begge desse kan førebyggje hjerneslag.

Kirurgi

Dersom forsnevringa av halskaret er svært alvorleg eller du har hatt slag eller drypp, kan kirurgi vere løysinga. Det finst to typar kirurgiske behandlingar å velje mellom.

Ved carotisendarterektomi opnar ein arterien i det trange partiet og reinsar ut feittavleiringar i åreveggen. Denne prosedyren kan gjerast i narkose, det vil seie at du søv under operasjonen. Enkelte kirurgar føretrekkjer å bruke lokalbedøving, noko som inneber at du er vaken. Slik kan legen sjekke om hjernen reagerer på endringar i blodstraumen under operasjonen.

Dei fleste kjem seg heilt nokre dagar etter operasjonen, men ingen kirurgiske inngrep er heilt utan risiko. Snakk derfor med kirurgen om fordelar og moglege ulemper ved inngrepet.

Den andre typen inngrep du kan få utført, blir kalla stenting. Dette blir gjort i område som ikkje er tilgjengelege for carotisendarterektomi, eller for dei som tidlegare har fått behandling, men har fått tilbakefall.

Ved stenting set kirurgen inn eit lite røyr i halspulsåra der det er trangt. Dette stabiliserer åreveggen. Sjølve inngrepet er lite, men prosedyren i seg sjølv inneber ein risiko for blodpropp og hjerneslag. Derfor må ein vege moglege ulemper opp mot fordelane.

Åreforkalking i halskara aukar risikoen for hjerneslag og drypp, men med behandling og livsstilsendring kan du redusere risikoen betydeleg. Enkelte pasientar får tilbod om kirurgi. Vellykka carotisendarterektomi førebyggjer effektivt hjerneslag.

Akutt medisinsk hjelp

113

Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.

LHL

Medlemsorganisasjonen LHL jobber for mennesker med hjerte-, kar- og lungesykdom, allergi, hjerneslag, afasi, og deres pårørende.

Åreforkalkning i halskarene - carotisstenose. Helsebiblioteket, 2023.

Carotid artery stenosis: what is it? (PDF).Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2023.

Sisdoalu lea almmuhan Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Åreforkalking i halskara – carotisstenose. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 cuoŋománnu 21, bearjadat [vižžon 2024 cuoŋománnu 18, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/hjerte-og-kar/areforkalkning-i-halskar-carotisstenose/

Maŋimusat ođastuvvon 2023 cuoŋománnu 21, bearjadat