Forsnevring i halspulsårene (carotisstenose)
Forsnevring i ei eller begge halspulsårene aukar sjansen for å få hjerneslag. Du kan førebygge hjerneslag ved å ta medisinar og ha ein sunn livsstil.
Kva er forsnevring i halspulsårene?
Forsnevring eller åreforkalking i halspulsårene heiter carotisstenose på fagspråket. Halspulsårene sit på kvar side av halsen. Forsnevringa kan vere i den eine eller i begge.
Forsnevringa kjem av at feittstoff og forkalkingar legg seg på innsida av blodåra. Dette aukar risikoen for blodpropp, som kan føre til hjerneslag og drypp.
Symptom på forsnevring i halspulsårene
Dei fleste har ingen symptom. Legen kan oppdage det tilfeldig ved lytting på halsen. Ofte blir ikkje tilstanden oppdaga før etter eit hjerneslag eller drypp. Eit drypp er eit forbigåande slaganfall, som kan vare frå nokre minutt til 24 timar.
Symptoma på hjerneslag og drypp kjem plutseleg.
Dei viktigaste symptoma på drypp og hjerneslag
- Du klarer ikkje prate.
- Du klarer ikkje smile.
- Du klarer ikkje å løfte begge armane.
Andre symptom kan vere at du blir ustø, svimmel, får hovudverk, kraftsvikt i eit bein eller får problem med synet.
Mistenker du hjerneslag, må du ringe 113 så raskt som mogleg. Sjølv om symptoma forsvinn, er det viktig å få medisinsk hjelp med ein gong.
Risiko og førebygging av forsnevring i halspulsårene
Du har høgare risiko for forsnevring i halspulsårene dersom du er eldre, røyker eller har annan karsjukdom. Høgt blodtrykk, høgt kolesterol og diabetes aukar også risikoen.
Det er lurt å måle blodtrykket og kolesterolet hos fastlegen jamleg og få behandling dersom det er for høgt.
Pass godt på og følg opp behandlinga dersom du har diabetes.
Ein sunn livsstil kan redusere risikoen for hjerneslag:
- Slutt å røyke.
- Følg kostråda.
- Ver fysisk aktiv.
- Ver forsiktig med alkohol.
Utgreiing og diagnose
Forsnevring i halspulsårene kan påvisast ved ei undersøking av blodårene på halsen.
Ultralyd kan vise korleis blodet strøymer gjennom halspulsårene, og om blodårene er tronge. Ei CT-undersøking kan nokre gonger vere aktuelt.
Dersom du har hatt drypp eller hjerneslag, vil legane vurdere om du har forsnevring i halspulsårene som kan trenge behandling.
Behandling
Medisinar kan førebygge hjerneslag. Den vanlegaste medisinen er blodfortynnande. Medisinar som senker kolesterol og blodtrykk er også vanlege.
Dersom forsnevringa i ei halspulsåre er alvorleg, kan det vere aktuelt med operasjon. Dei vanlegaste operasjonane er:
- Carotisendarterektomi: Halspulsåra blir reinsa for feittavleiring.
- Stenting: Det blir sett inn eit lite røyr for å utvide pulsåra.
Legen vil snakke med deg om fordelar og moglege ulemper ved inngrepet. Vellukka behandling førebygger effektivt hjerneslag. Det er likevel viktig at du tek medisinane dine og har ein sunn livsstil.
Akutt medisinsk hjelp
113Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.
LHL
22 79 90 00Medlemsorganisasjonen LHL jobber for mennesker med hjerte-, kar- og lungesykdom, allergi, hjerneslag, afasi, og deres pårørende.