Raynauds fenomen

Raynauds fenomen, også kalla likfingrar, kjem av at små blodårer trekkjer seg saman og klemmer av for blodstraumen. Vanlegvis er det temperaturendringar som utløyser anfalla.

Kva er Raynauds fenomen?

Når fingrar, tær eller andre kroppsdelar plutseleg blir kvite, kjenslelause og kalde, kallar vi det for Raynauds fenomen. Dette kjem av at små blodårer trekkjer seg saman og stengjer av for blodstraumen.

Symptom på Raynauds fenomen

Under eit anfall blir ein kroppsdel plutseleg kvit og kald. Vanlegvis er det fingrane som blir råka, men det kan òg vere tær, øyreflippar, nase, tunge og brystvorter. Det er ofte ei skarp grense mellom den kvite huda og den normale huda. Fingrane kan kjennast kalde, sitrande, kjenslelause og smertefulle.

Når fingrane ikkje får oksygen, kan dei etter kvart bli blå. Når blodet kjem tilbake, kan dei bli raude, bankande og vonde. Slike anfall kan vare i alt frå minutt til timar.

Risikofaktorar og førebygging

Den ytre utløysande årsaka er ofte kulde, men enkelte kan få Raynaud-forandringar ved stress eller lett nedkjøling.

Tilstanden er sjeldan farleg, men kan nokre gonger komme av ein bakanforliggjande autoimmun bindevevssjuksom. Da er det typisk at tilstanden oppstår i vaksen alder, at fingrane blir blålege misfarga under anfall og at også tommelen blir påverka.  

Raynads fenomen opptrer gjerne tidleg i livet. Når fenomenet kjem etter førtiårsalderen er det meir sannsynleg at det heng saman med underliggjande sjukdom. 

Førebygging av anfall

Å halde seg varm er den beste måten å hindre anfall på.

Det finst nokon førebyggjande tiltak:

  • Hald heile kroppen varm når du er ute i kulda.
  • Bruk fleire lag med laustsitjande klede.
  • Bruk lue og vottar/hanskar i kaldt vêr.
  • Hald føtene varme.
  • Slutt å røykje. Røyking kan forverre plagene.
  • Handvarmarar eller varmeposar kan vere lurt å ta med seg på tur i kulda.
  • Stressreduksjon kan hjelpe dersom stress er ein utløysande faktor.
  • Ved anfall kan du varme opp den råka kroppsdelen i lunkent vatn.

Medisinar

Dei fleste treng ikkje medisinar mot Raynauds fenomen, men har du mykje smerter, kan du først prøve ibuprofen eller paracetamol.

Det finst forsking som viser at medisinen nifedipin i nokon grad kan hindre og avgrense anfall. Nifedipin kan derimot gi biverknader som hovudverk og raudning, i sjeldnare grad hjartebank og hovne anklar. Det er òg ein blodtrykksmedisin, og du kan bli svimmel dersom blodtrykket blir for lågt. I ein studie opplevde mellom halvparten og tre fjerdedelar biverknader. Det finst andre legemiddel som legane kan prøve, men dei er lite utprøvde og blir berre prøvde i alvorlege tilfelle.

Dersom du allereie brukar betablokkar av ein annan grunn, kan det forverre Raynauds fenomen. Høyr i tilfelle med legen om det finst alternativ.

Raynauds fenomen kan vere både smertefullt og plagsamt, men enkle forholdsreglar er ofte tilstrekkeleg for å halde plagene i sjakk. Har du meir alvorlege symptom, finst det legemiddel som kan hjelpe.

Ifølge éin studie har berre 1 av 10 alvorlege plagar med hyppige anfall. Hos 1 av 10 blir det oppdaga ein bakanforliggjande sjukdom.

Unge menneske kan ta omsyn til Raynauds fenomen når dei skal velje yrke. Ein bør for eksempel unngå yrke som krev utandørsarbeid i streng kulde.

Nasjonalforeningen for folkehelsen

23 12 00 50

Árgabeivviid d. 10:00 - 14:00

Tjeneste for deg som trenger råd og informasjon om hjertesykdommer.

LHL

Medlemsorganisasjonen LHL jobber for mennesker med hjerte-, kar- og lungesykdom, allergi, hjerneslag, afasi, og deres pårørende.

Raynauds fenomen. Helsebiblioteket, 2023. 

Raynaud`s phenomenon (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2019.

Sisdoalu lea almmuhan Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Raynauds fenomen. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 juovlamánnu 5, maŋŋebárga [vižžon 2024 cuoŋománnu 16, maŋŋebárga]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/hjerte-og-kar/raynauds-fenomen/

Maŋimusat ođastuvvon 2023 juovlamánnu 5, maŋŋebárga