Kva er revmatisk feber?

Sår hals er sjeldan alvorleg og går ofte over av seg sjølv.  I sjeldne tilfelle kan ein halsinfeksjon med gruppe A-streptokokkar føre til revmatisk feber. Antibiotika kan redusere risikoen for dette.  

Revmatisk feber blir også kalla giktfeber og er ein betennelsessjukdom. Sjukdomen gjer at immunsystemet angrip og skadar kroppen sitt eige vev. Revmatisk feber kan gi problem med hjarte, ledd, hud og nervesystemet. Sjukdommen kan skade hjarteklaffane, slik at hjartet ikkje kan pumpe blod like effektivt som før. 

Sjukdommen rammar først og fremst barn mellom 5 og 15 år. Revmatisk feber er mest vanleg i land med dårlegare levekår og der medisinsk behandling ikkje er lett tilgjengeleg. Sjukdommen var tidlegare meir vanleg i Noreg, men er no veldig sjeldan her.  

Revmatisk feber er ikkje smittsam i seg sjølv, men halsinfeksjonen som sjukdommen kjem av, er smittsam.

Symptom på revmatisk feber

Sjukdommen startar med at barnet får ein streptokokkinfeksjon som gir halsbetennelse. Av og til merkar ikkje barnet noko i denne fasen.  

Etter halsinfeksjonen kan barnet vere litt ute av form eller føle seg heilt fin. Deretter kan barnet få symptom på revmatisk feber. 

Symptom på revmatisk feber kan vere: 

  • feber
  • raude, varme, hovne og vonde ledd
  • slappheit
  • brystsmerter, hjartebank, tungpust
  • utslett eller knutar i underhuda (sjeldan)
  • ufrivillige rørsler (sjeldan) 

Når bør du kontakte lege?

Kontakt lege raskt dersom barnet får feber saman med smerter eller hevelsar i ledd, særleg viss barnet har hatt halsbetennelse dei siste vekene. 

Du bør også kontakte lege raskt dersom barnet får uforklarlege, ufrivillige rørsler, brystsmerter, hjartebank eller tung pust. 

Det er viktig å få behandling raskt for å unngå seinskadar.

Undersøking og diagnose

Blodprøver kan vise teikn på betennelse i kroppen, og om barnet nyleg har hatt ein streptokokkinfeksjon. 

Legen lyttar på hjartet til barnet for å høyre etter bilydar og uvanleg hjarterytme. Mistenker legen revmatisk feber, blir barnet lagt inn på sjukehus for fleire undersøkingar.

Behandling av revmatisk feber

Med behandling forsvinn vanlegvis symptoma på revmatisk feber innan eit par veker.  

Vanleg behandling er 

  • antibiotika mot streptokokkinfeksjonen 
  • smertestillande mot leddsmerter, til dømes paracetamol eller ibuprofen 
  • eventuell behandling mot skadar på hjartet.​

Oppfølging av barn som har hatt revmatisk feber

Barnet treng førebyggande behandling med antibiotika i fleire år. Dette er for å forhindre at sjukdommen kjem tilbake.  Barnet må ta regelmessige blodprøver fram til betennelsen er borte. Barnet kan også trenge kontrollar hos ein hjartelege (kardiolog).

God munnhelse er spesielt viktig dersom barnet har fått skade på hjarteklaffene etter revmatisk feber. Enkelte som har fått skade på hjarteklaffane etter revmatisk feber, kan ha behov for antibiotika før dei får tannbehandling. Du må derfor gi beskjed til tannlegen om at barnet har hatt denne sjukdommen.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Revmatisk feber. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 skábmamánnu 19, duorasdat [henta 2026 skábmamánnu 23, vuossárga]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/hjerte-og-kar/revmatisk-feber/

Sist oppdatert 19. skábmamánnu 2026

Fant du det du lette etter?