Tarminfeksjon med campylobacter

Campylobacter er ein bakterie som kan gje diaresjukdom hos menneske. Du kan bli smitta gjennom forureina mat eller vatn, eller ved kontakt med smitta dyr, særleg fuglar. Berre nokre få bakteriar er nok til å gjere deg sjuk. Det går vanlegvis eit par døgn frå du blir smitta til du blir sjuk.

Kva er tarminfeksjon med campylobacter?

Sjukdom som kjem av campylobacter kallar vi campylobacteriose. Sidan byrjinga av 1990-talet har campylobacteriose hos menneske auka. Campylobacteriose er vanlegare enn salmonellainfeksjonar både i Noreg og i dei fleste andre europeiske land. Langt fleire blir smitta om sommaren enn om vinteren, og halvparten av tilfella skriv seg frå smitte i utlandet. 

Berre menneske får diaresjukdom 

Campylobacter er vanleg i tarmen, og særleg hos ville fuglar, men finst også hos husdyr som storfe, sau, gris, fjørfe, hund og katt. Også ville dyr og fluger kan ha bakterien, men det er berre menneske som blir sjuke. Dyr skil ut bakterien gjennom avføringa. 

Risiko for smitte

Dei vanlegaste smittekjeldene for menneske er forureina vatn eller mat, eller ved kontakt med dyr som er smitta. I sjeldne tilfelle kan bakterien smitte frå person til person gjennom dårleg handhygiene. 

I Noreg er det risiko for at du blir smitta av campylobacter når du:

  • drikk ikkje-desinfisert drikkevatn til dømes i naturen eller på hytta (vanlegaste årsak)
  • lagar til eller et fjørfeprodukt som er kjøpte rått og som har forureina andre matvarer på grunn av dårleg kjøkenhygiene
  • ikkje har god nok hygiene under grillmåltid
  • har direkte eller indirekte kontakt med husdyr, som storfe, sau, fjørfe, hund og katt, eller avføringa deira
  • drikk upasteurisert mjølk 

Førebygging

Det finst ingen vaksine mot campylobacteriose. 

Du kan førebyggje smitte med campylobacteriose dersom du:

  • unngår ikkje-desinfisert drikkevatn
  • gjennomsteikjer/gjennomkokar fjørfekjøt, hamburgarar, kjøtkaker og annan farsemat, og syter for ei godt steikt overflate på andre kjøtprodukt
  • har god kjøkenhygiene, spesielt ved utegrilling og tillaging av fjørfeprodukt; vask knivar, skjerefjøler og kjøkenutstyr godt før utstyret blir brukt til annan mat
  • vaskar hender når du har vore på toalettet, etter kontakt med dyr og før matlaging og måltid unngår upasteurisert mjølk 

Campylobacter overlever ikkje dersom du gjennomsteikjer og gjennomkokar maten.

Bakterien kan ikkje formeire seg i mat, men kan derimot overleve fleire veker ved kjøleskaptemperatur. I fjørfeprodukt kan bakterien overleve i heile haldbarheitstida. 

Dersom du frys maten, vil han innehalde langt mindre mengde bakteriar alt etter tre veker, men det tek mange månader før maten er bakteriefri. Bakterien er var for uttørking, og overlever derfor dårleg på overflater. 

Ved reiser til land med dårlege hygieniske forhold er det i tillegg viktig å unngå ukokte grønsaker, iskrem som ikkje er meieripakka og frukt som ikkje kan skrellast. I utlandet bør du også passe på at grønsaker, frukt og bær er godt vaska med reint vatn, og unngå drikkevatn som ikkje blir selt på flasker. 

Symptom på campylobacteriose

Sjukdomen startar som oftast nokre dagar etter at du er vorten smitta. Denne perioden kallar vi inkubasjonstida. For campylobacteriose er inkubasjonstida 1–10 døgn, vanlegvis eit par døgn. Berre nokre få bakteriar er nok til å gjere deg sjuk. Bakterien blir ikkje verande i kroppen over lengre tid, vanlegvis blir han skild ut i avføringa 2–5 dagar etter at du er vorten frisk. I denne perioden kan du smitte andre. 

Symptom på campylobacteriose kan vere:

  • moderat feber og ålmennsymptom
  • diaré, ofte med blod og slim
  • magesmerter
  • leddbetennelse (reaktiv artritt) og lammingar (Guillain-Barrés sjukdom) i sjeldne tilfelle 

Behandling

Hos dei aller fleste går sjukdomen over av seg sjølv, men omtrent 20 prosent har symptom ut over ei veke. God personleg hygiene er viktig for ikkje å smitte andre. Dette vil seie grundig handvask når du har vore på toalettet og når du skal lage mat. 

Sjukehusinnlegging eller antibiotikabehandling er berre aktuelt dersom du skulle bli alvorleg sjuk eller få svært sterke plager. 

Kva skal du gjere dersom du blir sjuk?

Dersom du blir sjuk, er det viktig at du er nøye med handvask når du har vore på toalettet og før matlaging. Det er vanlegvis ikkje nødvendig å undersøkje familiemedlemer eller andre som har vore nær den smitta, dersom dei ikkje har symptom. Undersøking av husdyr kan derimot vere aktuelt. 
Det er som regel ikkje nødvendig med vidare undersøkingar ved enkelttilfelle av sjukdomen. 

Når kan du gå tilbake til jobb?

Har du fått påvist campylobacter og jobbar:

  • i næringsmiddelverksemd, inkludert serveringsstader, med direkte eller indirekte kontakt med næringsmiddel som skal etast råe eller utan ytterlegare oppvarming, eller
  • som helsepersonell med direkte kontakt med pasientar som er særleg utsette for infeksjonssjukdomar, eller med personar der infeksjonar kan få særleg alvorlege konsekvensar, til dømes for tidleg fødde barn, pasientar ved intensivavdeling og liknande

skal du ikkje utføre det ordinære arbeidet ditt mens du har symptom, og før du har to negative avføringsprøvar tekne med minst 24 timars mellomrom. 

Du bør ta første kontrollprøve tidlegast 48 timar etter at du er symptomfri, eventuelt etter at du er ferdig med antibiotikakuren. 

Jobbar du utanom desse yrka, kan du gå tilbake på jobb når du ikkje har symptom lenger. Kontrollprøvar er då ikkje nødvendig. 

Når kan barn gå i barnehagen? 

Barn i førskulealder som er i barnehage kan kome tilbake 48 timar etter at dei ikkje har symptom lenger. Kontrollprøvar er ikkje nødvendig. 

Overvaking av campylobacter i norske slaktekyllingar 

I Noreg har vi ein omfattande handlingsplan mot campylobacter hos slaktekylling. Handlingsplanen består blant anna av eit overvakingsprogram som omfattar alle slaktekyllingar som blir slakta i perioden mai til oktober. Under 10 prosent av norske slaktekyllingar er berarar av campylobacter, noko som er svært lågt i verdssamanheng. 

Dersom det blir oppdaga campylobacter, blir dei ferdige produkta fryste eller varmebehandla, slik at smittestoffet blir drepe før produkta blir selde i butikk. 

​​Folkehelseinstituttet. Campylobacteriose - veileder for helsepersonell. [Internett]. 2019 [hentet 2019-07-09]. Tilgjengelig fra: https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/campylobacteriose---veileder-for-he/

Sisdoalu lea almmuhan Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Tarminfeksjon med campylobacter . [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 geassemánnu 14, gaskavahkku [vižžon 2024 cuoŋománnu 25, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/mage-og-tarm/campylobacter/

Maŋimusat ođastuvvon 2023 geassemánnu 14, gaskavahkku