Kva er kjeveleddsmerter? 

Kjeveleddsmerter, også kalla temporomandibulær dysfunksjon (TMD), er eit samleomgrep for smerter og plagar frå kjeveledd og tyggemusklar. 

Dei vanlegaste formene er

  • smerter frå tyggemusklane
  • forskyving av leddskiva i kjeveleddet
  • slitasje i kjeveleddet (kjeveleddartrose) 

Årsaker til kjeveleddsmerter 

Årsaka til smerter i kjeveleddet er ofte samansett, og kan inkludere stress, tanngnissing, overbelastning eller skade.

Smerter frå tyggemusklane er den vanlegaste typen og heng ofte saman med stress. Når du er stressa, kan du ubevisst bite saman kjeven, stramme tyggemusklane eller gnisse tennene, noko som gir spenningar og smertar.

Forskyving av leddskiva i kjeveleddet betyr at ho kan kome ut av stilling. Det kan gi klikkelyd i kjeven, redusert rørsle, låsing eller smerter. Slitasje i kjeveleddet kan òg gi smerter. 

Du kan få hovudverk eller nakkesmerter av å ha smerter i kjeveleddet. Risikoen for kjevesmerter kan også auke hivs du har hatt skade mot kjeven eller har leddsjukdomar som gir stive og ømme ledd.

Undersøking og diagnose 

For å få stilt diagnosen kjeveleddsmerter eller kjeveplager vurderer legen eller tannlegen plagene ut frå symptom og ei klinisk undersøking.

Dei fleste treng ikkje tilleggsundersøkingar. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med røntgenbilete for å undersøke strukturane i kjeveleddet nærmare.

Kva kan hjelpe mot kjeveleddsmerter? 

Dette kan hjelpe: 

  • Unngå hard tygging og store gapebevegelsar i ei periode.  
  • Velg mjukare mat. 
  • Prøv avspenning og stressreduksjon.  
  • Bruk reseptfrie smertestillande medisinar i korte periodar ved behov. 

Øvingar og rettleiing kan ha god effekt viss plagene varer. 

Når bør du oppsøke helsehjelp? 

Kontakt fastlege eller tannlege dersom 

  • smertene held fram  
  • smertene blir verre 
  • du har problemer med å ete, gape eller snakke 

Kontakt legevakt dersom

  • kjeven låser seg, eller du ikkje får opna/lukka munnen 
  • du får tydeleg hevelse, feber eller teikn til infeksjon 
  • du har sterke smerter etter skade mot kjeven 

Behandling av kjeveleddsmerter 

Behandling av smerter i kjeveleddet avheng av årsaka til plagene og kor lenge du har hatt smerter. 

Vanlege typar behandling av kjeveleddsmerter er 

  • informasjon og eigenbehandling 
  • fysioterapi eller øvingar 
  • bittskjene ved tanngnissing 
  • smertestillande medisinar ved behov 

I nokre tilfelle kan legen vurdere andre medisinar i korte perioder. Dette blir gjort etter individuell vurdering. 

Andre behandlingar kan vurderast i spesielle tilfeller.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kjeveleddsmerter. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 borgemánnu 17, vuossárga [henta 2026 skábmamánnu 14, lávvardat]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/munn-tenner-kjeve/kjevesmerter/

Sist oppdatert 17. borgemánnu 2026

Fant du det du lette etter?