Kva er tannbyll?

Ein tannbyll, også kalla tannabscess, er ein bakterieinfeksjon i eller rundt ei tann. Infeksjonen fører til ei opphoping av puss.  

Du kan somme tider kjenne tannbyllen som ein kul i tannkjøtet ved sida av tanna. Området kan vere hovent, ømt og smertefullt. 

Tannbyll kjem oftast av: 

  • hol i tennene (karies) 
  • betennelse i tannkjøtet 
  • sprekk eller skade i ei tann 

Bakteriar kan då trenge inn i tanna og gi infeksjon. 

Utan behandling kan infeksjonen spreie seg og gi alvorlege helseproblem. Dei fleste blir raskt bra med rett behandling hos tannlege.

Symptom på tannbyll

Det vanlegaste symptomet er sterk og vedvarande tannverk. 

Andre symptom kan vere: 

  • ein kul eller hevelse i tannkjøtet 
  • raudt og hovent tannkjøtt 
  • vond smak i munnen 
  • dårleg ande 
  • ubehag ved varm eller kald mat og drikke 
  • smerter når du tygger 
  • feber 

Søk tannlege raskt dersom du har slike symptom.

Når bør du søke akutt helsehjelp?

Ein tannbyll kan i sjeldne tilfelle bli alvorleg, dersom infeksjonen spreier seg. 

Har du teikn på ein alvorleg infeksjon, må du kontakte lege eller legevakt med ein gong. 

Dette gjeld særleg dersom du har: 

  • problem med å puste eller svelgje 
  • aukande hevelse i ansikt eller hals 
  • vanskar med å opne munnen 
  • høg feber og føler deg sjuk 

Ring 113 dersom du har pustevanskar. 

Personar med svekka immunforsvar, eldre og små barn kan ha større risiko for alvorleg forløp.

Undersøking hos tannlegen

Tannlegen undersøker tennene dine og tek røntgenbilete for å finne kvar infeksjonen ligg og kva som er årsaka. 

Blodprøver er vanlegvis ikkje nødvendig. Det kan vere aktuelt dersom infeksjonen er alvorleg eller har spreidd seg.

Gruar du deg til tannbehandling? 

Mange synest det er ubehageleg å gå til tannbehandling. Sei frå om dette. Tannhelsetenesta er van med å hjelpe pasientar som gruar seg.

Behandling av tannbyll

Det er viktig med rask behandling for å fjerne infeksjonen og unngå spreiing.  

Vanlege behandlingar er: 

  • rotfylling for å fjerne infeksjonen inne i tanna 
  • tømming av puss (drenering) 

I nokre tilfelle må tanna trekkast.

Som regel treng du ikkje antibiotika. Behandlinga er først og fremst å fjerne infeksjonen lokalt. Du kan få antibiotika dersom du har feber eller redusert allmenntilstand eller infeksjonen har spreidd seg.

Smertelindring 

Reseptfrie smertestillande kan hjelpe mot smerter, til dømes paracetamol eller ibuprofen. Følg anbefalt dosering.

Førebygging av tannbyll

Du kan redusere risikoen for tannbyll ved å ta vare på tannhelsa: 

  • puss tennene med fluortannkrem minst to gonger dagleg  
  • bruk tanntråd eller mellomromsbørstar dagleg 
  • avgrens inntak av sukkerhaldige matvarer og drikke 
  • gå jamleg til tannlege eller tannpleiar 
  • behandle hol og tannkjøtproblem tidleg

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Tannbyll. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 borgemánnu 21, bearjadat [henta 2026 čakčamánnu 21, vuossárga]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/munn-tenner-kjeve/tannbyll/

Sist oppdatert 21. borgemánnu 2026

Fant du det du lette etter?