Tannbyll

Ein tannbyll er ei infisert lomme av puss som blir danna ved rota av ei tann eller i nærliggjande vev eller bein. Det kan vere smertefullt, men dei fleste blir raskt bra med behandling. Ubehandla tannbyll kan derimot gi alvorlege helseproblem.

Symptomer på tannbyll

Det vanlegaste symptomet på ein tannbyll er intens og kontinuerleg smerte, ofte beskriven som bankande, gnagande, skarp eller ilande.

Andre symptom på ein tannbyll:

  • Raudheit og hevelse (betennelse) der byllen er. Dersom infeksjonen blir verre, kan hevelsen spreie seg og påverke større delar av munnen. Personar med ein abscess langsmed tennene, får ofte hevelse før dei kjenner smerter.
  • Tanna blir var for varm eller kald mat og drikke.
  • Vond smak i munnen og dårleg ande.
  • Feber.

Sjølv om symptoma ikkje er alvorlege, er det viktig å få time raskt hos tannlegen. Behandling kan lindre symptoma og hindre at infeksjonen spreier seg.

Teikn på ein meir alvorleg infeksjon:

  • svært høg feber
  • vanskar med å opne munnen
  • utbreidd hevelse som påverkar ansiktet
  • vanskar med å svelgje
  • pustevanskar

Har du teikn på ein alvorleg infeksjon, bør du søkje behandling så snart som mogleg. Pustevanskar kan vere spesielt farleg og krev akutt behandling på sjukehus.

Andre som kan trenge sjukehusbehandling, er veldig unge eller eldre og personar med helseproblem, for eksempel lungesjukdom, hjartesvikt, HIV eller kreft.

Det finst tre hovudtypar tannbyllar:

Tannbyll ved rota av ei tann (periapikal abscess)

Den vanlegaste typen er når det dannar seg ein tannbyll ved rota av ei tann (periapikal abscess). Infeksjonen oppstår når det mjuke vevet inne i kjernen av tanna (pulpaen) blir infisert med bakteriar og døyr. Bakteriar kan òg angripe ei tann dersom ho er sprokken eller øydelagd.

Tannbyll langsmed ei tann (periodontal abscess)

Ein abscess langsmed ei tann (periodontal abscess) oppstår når vevet rundt ei tann (tannkjøtet) er infisert med bakteriar. Dette kjem ofte av langtkommen tannkjøtsjukdom, der bakteriane har etablert seg under overflata av tannkjøtet og forårsaka skadar på bein og vev rundt tanna.

Tannbyll i tannkjøtet som delvis dekkjer ei tann (pericoronal abscess)

Ein abscess i tannkjøtet som delvis dekkjer ei tann (pericoronal abscess) kan oppstå når ei tann ikkje bryt heilt gjennom tannkjøtet. Når tanna er delvis dekt, kan det vere vanskeleg å halde ho rein, og bakteriar kan spreie seg under tannkjøtet og forårsake ein abscess. Spesielt visdomstenner er utsette for denne typen tannbyll.

Risikofaktorar og førebygging

Dei fleste tannbyllar oppstår på grunn av dårleg tannstell. Du kan hindre framtidige problem ved å

  • pusse tennene minst to gonger om dagen med fluortannkrem
    bruke tanntråd dagleg
  • prøve å avgrense inntaket av sukkerhaldig mat og drikke (for eksempel brus)
  • gå regelmessig til tannlegen
  • passe på at alle hol og tannskadar blir behandla raskt, slik at karies ikkje spreier seg

Utgreiing og diagnose

Tannlegen undersøkjer tennene og tar røntgenbilde for å diagnostisere ein tannbyll. Bilda kan vise kvar infeksjonen er lokalisert, om infeksjonen har spreidd seg, og om det er skadar på tann eller bein. Det kan òg bli tatt blodprøve for å sjå etter teikn på infeksjon.

Behandling av tannbyll inneber å fjerne smittekjelda. Dette kan gjerast på to måtar.

Rotfylling og krone

Rotfylling er den vanlegaste behandlinga for tannbyll som oppstår ved tannrota. Tannlegen borar eit lite hol i tanna og brukar spesielle verktøy for å reinse ut bakteriar og daudt vev inne i midten av tanna.

Når kjernen (pulpa) av tanna er rein, fyller og forseglar tannlegen tanna. Etterpå kan du setje på ein kunstig topp (krone) på det som er igjen av den gamle tanna.

Trekking av tanna og drenering av tannbyll

Dersom ei tann er svært øydelagd av rote eller skade, kan tannlegen trekkje ho. Tanna kan òg bli trekt dersom bein og vev som held ho på plass, er skadd.

Dei tre vanlegaste alternativa når du erstattar ei tann:

  • Eit tannimplantat (ei ny tann blir festa til metall implantert inn i kjevebeinet)
  • Ei bru (ei ny tann blir festa til den eine eller begge tennene på kvar side av den manglande tanna)
  • Ei delvis protese (ei ny tann blir festa til eit gebiss som kan fjernast om kvelden)

Av og til kan det vere nødvendig å lage eit lite snitt i tannbyllen og setje inn eit lite røyr (dren) for å tømme han. Du vil sannsynlegvis ha røyret i to til fem dagar.

Dersom du har ein abscess langsmed ei tann og tanna ikkje må trekkjast, vil drenering av abscessen og djup reingjering rundt tanna og tannkjøtet ofte vere tilstrekkeleg behandling. Har du abscess som kjem av at tannkjøtet delvis dekkjer ei visdomstann, kan tannlegen tilrå at du trekkjer tanna. Visdomstennene sit langt bak i munnen og er ofte vanskelege å halde reine med tannbørste og tanntråd, noko som kan auke sjansen for ytterlegare problem.

Dersom du beheld visdomstanna, tilrår tannlegen sannsynlegvis å utføre ein liten operasjon for å fjerne tannkjøtet som dekkjer tanna. Behandlinga skjer ved lokalbedøving, så du slepp smerter. Nokon brukar i tillegg eit avslappande legemiddel.

Av og til kan tannlegen tilrå ein antibiotikakur for å førebyggje at ein latent infeksjon bryt ut.

Dei fleste tar smertestillande både før og etter behandling. Mange har god effekt av reseptfrie legemiddel, for eksempel ibuprofen. Dersom smertene er alvorlege, kan tannlegen skrive ut eit sterkare smertestillande legemiddel.

Er du engsteleg for å gå til tannlegen, kan du diskutere dette med tannlegen din. Dei har lang erfaring med denne problematikken, og mange får god hjelp.

Med behandling kjem dei fleste seg raskt etter ein tannbyll. Ubehandla tannbyll kan derimot gi alvorlege helseproblem med innlegging på sjukehus.

Dersom tanna må fjernast heilt, kan ho ofte erstattast med ei kunstig tann. Ei manglande tann kan påverke både tygging og tale.

Tannbyll. Helsebiblioteket, 2022.

​Dental abscess: what is it? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Dental abscess: what treatments work? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Sisdoalu lea almmuhan Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Tannbyll. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2022 juovlamánnu 21, gaskavahkku [vižžon 2024 cuoŋománnu 24, gaskavahkku]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/munn-tenner-kjeve/tannbyll/

Maŋimusat ođastuvvon 2022 juovlamánnu 21, gaskavahkku