Kva er lumbago?

Lumbago er smerter og ubehag i nedre del av ryggen. Tilstanden er vanleg og går som regel over av seg sjølv i løpet av nokre veker. Sjølv om plagene kan vere intense, er dei sjeldan eit teikn på ein alvorleg sjukdom. 

Symptom på lumbago

Lumbago gir akutte smerter i korsryggen. Smertene kan kome brått eller utvikle seg gradvis over tid. Nokon opplever svake og murrande smerter, medan andre får sterke smerter som kan gjere det vanskeleg å bevege seg, kle på seg eller sove.

Smertene er tydelege i nedre del av ryggen, men nokon kjenner også smerter oppover i ryggen eller nedover i sete og bein.

Om du kjenner smerter som strålar ut i eitt bein, kan det hende at isjiasnerven er ramma. Denne nerven går langs baksida av beinet. Isjiassmerter går ofte over i løpet av nokre veker, men dersom isjiasnerven er i klem kan det oppstå komplikasjonar.

Når bør du kontakte lege?

Kontakt lege dersom du:

  • har smerter etter ei større ytre belastning, som fall frå høgde eller bilulykke
  • er nomen i underlivet, setet eller på innsida av låra
  • har manglande kontroll på urin eller avføring
  • kjenner deg kraftlaus i beina
  • har kreft eller tidlegare har hatt kreft
  • har smerter som blir verre veke for veke, eller ikkje blir betre i løpet av 4 til 6 veker 

Årsaker til lumbago

Det er ofte vanskeleg å fastslå éi enkelt årsak til smerter i ryggen.  

Moglege forklaringar kan vere

  • overstrekk av muskulatur etter tunge løft eller uvande rørsler
  • belastande stillingar over tid
  • aldersrelaterte forandringar i ryggvirvlane
  • endringar i mellomvirvelskivene som skivebukning eller prolaps

Risikofaktorar og førebygging

Du kan ha auka risiko for lumbago ved

  • mykje stillesitting
  • arbeid som inneber tunge løft eller uvande arbeidsstillingar
  • overvekt  

Felles for desse risikofaktorane er at dei fører til auka belastning på korsryggen.  
Regelmessig fysisk aktivitet er den viktigaste måten å førebygge ryggsmerter.

Anbefalinger om fysisk aktivitet til voksne og eldre

Her kan du se hvor mye aktivitet som er anbefalt for voksne og eldre og tips til hvordan du kan følge anbefalingene.

Illustrasjon: iStock

Undersøking og diagnose

Ved smerter i korsryggen vil legen vanlegvis undersøke bevegelse og kraft i beina dine. Legen kan også sjekke refleksane dine.

Dersom legen mistenker at isjiasnerven din er påverka, kan du bli beden om å gjere ein løftetest. Testen går ut på at du ligg på ryggen, og legen løftar eitt og eitt bein frå benken. Om dette gir smerter som strålar ned under kneet, kan det tyde på at isjiasnerven ligg i klem.

Om du har problem med urin eller avføring vil legen vurdere å kjenne etter knipekraft i endetarmsopninga.

 Ved ryggplager er det som regel ikkje nødvendig med røntgen, CT eller MR.  

Behandling av lumbago

Målet med behandlinga er å redusere smerter, slik at du kan vere i aktivitet fram til smertene går over. Så lenge smertene tillèt det kan du jobbe og trene som du pleier.

Unngå å sitte eller ligge stille i lange periodar. Aktivitet kan hindre at ledda stivnar, musklane blir svekte og at smertene blir forverra.

Varme omslag eller kulde, til dømes isposar, kan lindre smertene.

Nokon kan ha nytte av fysikalsk behandling.

Behandling med medisiner 

Medisinar gjer deg ikkje raskare frisk, men kan lindre plagene. Reseptfrie smertestillande medisinar kan hjelpe deg å halde smertene nede og aktivitetsnivået oppe. Om du har veldig sterke smerter, kan legen vurdere om du treng sterkare smertestillande medisinar for ein kort periode.

Prognose  

Dei fleste blir betre i løpet av nokre veker. Mange vil likevel oppleve nye episodar med smerter i ryggen, særleg det første året etter ein akutt ryggsmerteepisode.

Filmar om ryggsmerter

Dei fire regionale helseføretaka har i samarbeid med NTNU laga informasjonsfilmar om ryggsmerter

Informasjonsfilm om ryggsmerter.

Ønsker du å se dette innholdet?

For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.

Video som forklarer når det kan være aktuelt å ta en MR-undersøkelse ved rygg- og nakkesmerter.

Ønsker du å se dette innholdet?

For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.

Ryggforeningen i Norge

69 26 87 00

Pasientorganisasjon for mennesker med rygg-, nakke- eller bekkenplager.

Akutte nakke- og ryggsmerter, 2025. Fysikalsk medisin og rehabilitering - veileder. Helsebiblioteket.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Lumbago (akutte ryggsmerter). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 skábmamánnu 4, gaskavahkku [henta 2026 skábmamánnu 21, lávvardat]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/muskel-og-skjelett/ryggsmerter/

Sist oppdatert 4. skábmamánnu 2026

Fant du det du lette etter?