Pedofili

Pedofili inneber at ein har ei seksuell tiltrekking til barn. Pedofili er ikkje einstydande med misbruk av barn. Det finst hjelp å få for dei som har slike seksuelle kjensler og tankar.

Kva er pedofili?

Å ha ei pedofil seksuell tiltrekking inneber at ein hovudsakleg blir tiltrekt seksuelt av barn som ikkje har kome i puberteten eller som er i tidleg pubertet.Tiltrekkinga kan rette seg mot eige eller motsett kjønn, eller mot begge kjønn. Dei med pedofil seksuell tiltrekking kan tenne seksuelt berre på barn, eller også på jamaldrande personar.

På fagspråket blir pedofili skildra som ei «forstyrring i seksuelt objektval» eller som ein parafili. Andre parafiliar er blant anna valdeleg seksuell sadisme, blotting og kikking. Parafiliar er for det meste meir utbredt blant menn enn kvinner.

Pedofili er ikkje einstydande med seksuelt misbruk av barn 

Det er ikkje slik at alle med ein pedofil seksuell preferanse utfører seksuelle overgrep. Det er heller ikkje slik at alle som utfører seksuelle overgrep mot barn, har ein pedofil seksuell preferanse. Nokre har seksuell interesse for barn av andre orsakar. Seksuell interesse for barn er likevel ein risikofaktor for å utføre overgrep.

Korleis stiller ein diagnosen pedofili?

Det finst ingen sikker metode eller test for å diagnostisere pedofili hos enkeltpersonar, men diagnosen kan stillast på bakgrunn av ei vurdering hos lege eller psykolog med fagkunnskap på området. 

Nedlasting og deling på nett av bilete, video, teikningar eller tekst som framstiller barn på ei seksuell måte eller visar seksuelle overgrep mot barn, er eit mogleg teikn på pedofili. Slikt materiale kallas overgrepsmateriale og er ulovleg i Noreg. 

Korleis søke hjelp?

Mange opplever sterk skam over dei seksuelle tankane og kjenslene sine. Frykt for fordømming og tap av relasjonar gjer at mange kvir seg for å søkje hjelp for å meistre den seksuelle interessa si for barn. Helsetenesta skal behandle dei menneska det gjeld med respekt, verdigheit og kompetanse. 

Det finst hjelp

Personar med seksuell interesse for barn kan søke hjelp hos lavterskeltenesten «Det finnes hjelp». Tenesten kan kontaktast anonymt via chat eller på telefon for å avtale samtalar. Det trengst ikkje henvisning frå fastlege. 

Behandlingstilbodet finst i alle helseregionar, og dei tilsette er alle psykologar eller legespesialistar med særskilt kompetanse på behandling av det å ha seksuell interesse for barn. Dei arbeider etter dei nasjonale faglege råda for helsehjelp til personar som står i fare for å utføre seksuelle overgrep mot barn (helsedirektoratet.no).

Behandling ved pedofili

Profesjonell behandling av personar med seksuell interesse for barn har som hovudføremål å hjelpe personen til å leve eit godt og meiningsfylt liv, utan å utføre overgrep mot barn. Det inneber at behandlinga skal hjelpe pasienten å handtere eigne seksuelle kjensler og tankar på måtar som ikkje skader andre. 

Personar med pedofili er ikkje ein einsarta gruppe. Behandlinga må såleis utformast individuelt. For nokre vil målet vere å lære å leve med den seksuelle interessa si for barn og finne passande måtar å utfalde seksualiteten sin på. For dei som også har seksuelle interesse i jamaldrande personar, kan behandlinga rettast mot å utvikle ferdigheiter som gjer det mogleg å inngå i intime relasjonar med ein likeverdig partnar. 

Årsaker til pedofili

Me veit framleis for lite om kvifor nokre utviklar pedofili. Dagens kunnskap tilseier at årsakene er samansette. Dei omfattar: 

  • biologi (genar, hjerneutvikling) 
  • psykologi (haldningar til sex, kjenslemessig identifikasjon med barn, haldningar som støttar overgrep) 
  • sosiale forhold (kva man sjølve har blitt utsett for, og kva man har sett og lært frå omgivnadene). 

Det finnes hjelp

Árgabeivviid d. 12:00 - 14:00

Har du seksuelle tanker om barn? Ta kontakt med oss på chat, så hjelper vi deg med å sortere tankene. Du kan også bestille behandling via chat eller telefon.

Mental helse

116 123

Mental helses telefon- og nettjeneste er for alle som trenger noen å snakke eller skrive med.

Døgnåpen tjeneste.

Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse

22 49 19 22

Árgabeivviid d. 10:00 - 15:00

Maŋŋebárggaid d. 11:00 - 19:00

Nasjonal rådgivningstelefon for pårørende

Kirkens SOS

22 40 00 40

Døgnåpen tjeneste.

Gannon, T. A. (2021). A compositional explanatory theory of pedophilia. Aggression and Violent Behavior, 101662.

Seto, M. C., & Eke, A. W. (2017). Correlates of admitted sexual interest in children among individuals convicted of child pornography offenses. Law and Human Behavior, 41(3), 305.

World Health Organization. (2018). ICD-11 for mortality and morbidity statistics (2018).

Sisdoalu lea almmuhan Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Pedofili. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 guovvamánnu 27, maŋŋebárga [vižžon 2024 cuoŋománnu 25, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/psykiske-lidelser/pedofili/

Maŋimusat ođastuvvon 2024 guovvamánnu 27, maŋŋebárga