Kven behandlar synet ditt?

I Noreg er det optikarar og fastlegen din som er førstelina for det som gjeld synet. Det er her du går for å undersøkje synet om du har mistanke om synsproblem, eller om du treng attest til førarkort.

Fastlegen 

Fastlegen din kan undersøkje om du ser normalt eller ikkje og hjelpe deg viss du opplever andre synsproblem. Fastlegen viser deg til augelege om du har behov for det. 

Optikar 

Optikarar undersøkjer synet og kan hjelpe deg til å sjå betre med briller og kontaktlinser. Mange optikarar jobbar med andre augeplager òg, som tørre auge, filterbriller og synstrening. Optikaren viser deg til augelege ved behov. 

Augelege 

Augelegen diagnostiserer og behandlar augesjukdom og augeskadar. Normalt treng ein ei tilvising for å komme til augelege, frå lege eller optikar.

Sisdoalu lea almmuhan Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kven behandlar synet ditt?. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 guovvamánnu 23, bearjadat [vižžon 2024 miessemánnu 15, gaskavahkku]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/syn/hvem-behandler-syn/

Maŋimusat ođastuvvon 2024 guovvamánnu 23, bearjadat