Forstua ankel

Når du forstuar ankelen, skader du leddbanda som held ankelleddet saman. Ankelen blir som regel hoven og vond, og det kan vere vanskeleg å gå. Dei fleste blir raskt bra igjen.

Kva er ein forstua ankel?

Når du forstuar ankelen, blir skadd leddbanda som knyter beina saman ved ankelleddet. Ofte skjer det under løping. Foten blir innover bøygd med overbelastning av leddband på utsida av ankelleddet.  

Du kan òg få ein skade som blir kalla forstrekning. Dette er ulikt frå ei forstuing. Overbelastninga skjer då ved strekk eller drag i ein muskel og ikkje i eit leddband.

Symptom på forstua ankel

Ein forstua ankel er smertefull og hoven, og den kan kjennast varm når du tar på den. Det kan bli vanskeleg å bevege foten eller stå på den. Er ankelen veldig hoven, og du har problem med å gå på den, bør du oppsøke lege. Mistenker legen at ankelen er brekt, må du ta eit røntgenbilete.

Merket du eit rykk eller at noko rakna då du vrikka ankelen, kan det bety at du har rive av eitt eller fleire leddband. Avrive leddband er den mest alvorlegaste forma for forstuing.

Behandling

Førstehjelp ved forstua ankel

Førstehjelp følgjer RICE-prinsippet. Dette er ei engelsk forkorting, og står for:

  • "Rest": Du skal halde beinet i ro i ein dag eller to, og så kan du forsiktig prøve å belaste det igjen.
  • "Ice" (is): Ankelen skal nedkjølast straks etter skaden, til dømes 30 minutt med ein pose med nedfrosne erter innpakka i eit handkle. Nokon brukar nedkjølande spray.
  • "Compression": Kompresjon med elastisk bandasje straks etter skaden. Den skal ikkje vere så stram at blodtilførselen blir hindra.
  • "Elevation" (elevasjon): Du skal halde foten hevd frå skadetidspunkt når det er praktisk mogleg. Det motverkar hevelse.

Rice-behandlinga dempar hevelsen og reduserer smerta. Når den verste smerta og hevelsen er borte, bør du gradvis begynne å belaste foten.

Ei tilpassa belastning vil dempe hevelsen og hjelper helingen av skaden. Det kan vere lettare å gå om du støttar ankelen med ein elastisk bandasje, sportsteip eller ankelortose. Tidleg tilpassa belastning kan òg verne ankelen mot nye overtråkk.

Medisiner

Det kan vere lurt å ta betennelsesdempande medisinar (som til dømes ibuprofen eller naproxen) i ein kort periode på 3–4 dagar. Desse reseptfrie medisinane reduserer både hevelsen og smerter. Ver obs på at langvarig bruk kan irritere magen eller i verste fall gi magesår.

Fysioterapi

Ved alvorlege ligamentsskadar eller viss du har vanskar med å kome i gang med belastning av foten, blir fysioterapi anbefalt. Ankelen skal ha aukande belastning etter kvart som leddbandet gror.  Når gangfunksjonen blir normal, blir balansetrening anbefalt og styrketrening for å styrke ankelen endå meir. Då kan du òg trappe opp uthaldstrening om du driv med sport.

Kirurgi

Det er sjeldan at ein forstua ankel må opererast, men nokon slit med ein svak og smertefull ankel lenge etter skaden, spesielt etter ei kraftig forstuing. Opplever du smerter, og at ankelen stadig glepp eller gir etter, seks månadar etter skaden, kan kirurgisk reparasjon av avrivne leddband vere til hjelp. Ved eit kirurgisk inngrep er det ein liten risiko for komplikasjonar, som til dømes at nervane i foten kan bli skadde. Nokre få pasientar pådrar seg ein infeksjon, får ei bløding eller utviklar slitasjegikt. Alternativet til operasjon, er teiping av ankelen før belastande aktivitetar.

Førstehjelp ved forstuing og brudd

Forstuing og brudd er vanlige skader. Riktig håndtering kan gi en raskere bedring og mindre komplikasjoner.

Prognose

Den forstua ankelen vil mest sannsynleg bli heilt bra igjen – sjølv etter ei kraftig forstuing. Jo større skaden er, dess lengre tid treng ankelen for å bli bra igjen. Etter ei mild forstuing kan dei fleste gå greitt igjen etter éin til to veker. Etter ei kraftig forstuing kan det ta opptil seks veker. Opptil éin av tre personar har framleis litt vondt etter eitt år.

Dei fleste kan trene like godt som før skaden skjedde, men for nokre få kan det ta inntil 12 månadar før dei kan belaste fullt. Det er likevel viktig å verne ankelen så du ikkje forstuar han igjen, spesielt dei første seks vekene etter skaden. Du kan blant anna teipe ankelen førebyggande slik at han blir meir stabil ved utøving av idrett.

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Døgnope

Ankelforstuing - Vrikket ankel. Helsebiblioteket.no, 2025. 

Ankle sprain (pdf). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2025. 

 

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Forstua ankel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 10. juli 2025 [henta tirsdag 5. august 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/behandling-av-skader/forstuet-ankel/

Sist oppdatert torsdag 10. juli 2025