Ringorm på kroppen

Ringorm er ein smittsam soppinfeksjon i det ytste laget av huda. Ringorm på kroppen gir kløe og utslett, og blir vanlegvis behandla med eit soppmiddel.

Ringorm  er en ringformet soppinfeksjon

Oppsummering

Ringorm er forårsaka av ein type sopp som heiter dermatofyttar. Det medisinske namnet på ringorm er tinea. Utslettet er ringforma og oppstår vanlegvis på glatt og mjuk hud, utan for mykje hår.

Soppinfeksjonen kan smitte gjennom berøring frå person til person eller indirekte via gjenstandar du kjem i kontakt med, for eksempel kammar, handklede og sengetøy. Ringorm kan òg smitte frå hundar, kattar og enkelte gardsdyr, for eksempel kyr.

Ringorm kan oppstå i hovudbotnen, men dette blir behandla annleis enn ringorm på kroppen. Dermatofyttar kan òg gi fotsopp- og neglsoppinfeksjon.

Symptombilete

Ringorm på kroppen startar vanlegvis som eit kløande, raudt, skjelete utslett på huda. Utslettet er ringforma, og i midten av ringen ser huda ofte meir normal ut.

Du kan få éin eller fleire ringormar. Nokon gonger overlappar dei kvarandre og dannar eit mønster som liknar kronblada i ein blome. Ringorm i lysken dannar derimot inga ringform, men eit stort område med raud hud rundt hudfaldane.

Behandling

Ringorm blir vanlegvis behandla med soppmiddel som skal smørjast på utslettet.

Det finst fleire reseptfrie soppmiddel i kremform som du får kjøpt på apoteket, som klotrimazol, mikonazol og terbinafin. Nokre av desse kremane blir marknadsførte for fotsopp, men kan òg brukast mot ringorm på kroppen.

Ikkje alle kremar er berekna på barn, så spør gjerne ein tilsett på apoteket om råd. Dersom reseptfrie kremar ikkje har effekt, kan legen skrive ut sterkare kremar.

Dei fleste opplever betring etter å ha brukt soppdrepande kremar. Det er viktig å følgje bruksrettleiinga som følgjer med produktet. Kremen må ofte brukast éin eller to gonger om dagen, også etter at utslettet er borte. Dersom kremen ikkje verkar i løpet av ei til to veker, bør du oppsøkje lege.

Nokre få opplever at huda blir irritert av soppkremen.

Sjølvhjelp og råd

  • Hald huda rundt utslettet tørr og rein.
  • Unngå å klø på utslettet. Kløing kan forårsake små sår, som kan bli betente av bakteriar.
  • Bruk laustsitjande klede og unngå klede som held på fukta.
  • Har du ringorm i lysken, bør du bruke laustsitjande bomullsundertøy, for eksempel boksarshorts.

Smitte

Prøv å unngå å klø på utslettet. Soppinfeksjonen kan spreie seg frå neglene som har vore i kontakt med soppen, til andre stader på kroppen eller til andre personar.

Dersom du har fotsopp og ringorm på kroppen samtidig, bør du behandle begge stader for å unngå at soppen spreier seg frå foten til kroppen igjen.

Det er òg viktig med god handhygiene for å unngå å smitte andre. Du bør heller ikkje dele personlege ting som handklede, klede og sengetøy. Hugs òg å vaske desse jamleg.

Har du mistanke om at kjæledyret ditt har ringorm, bør du ta det med til dyrlegen. Hos dyr ser ringorm vanlegvis ut som eit hårlaust område i pelsen. Dersom kjæledyret ikkje blir behandla, kan det smitte deg.

Prognose

Ringorm kan behandlast med soppmiddel. Utan behandling kan infeksjonen vare lenge og kan spreie seg til andre delar av kroppen eller til andre personar.

Ringorm på kroppen. Helsebiblioteket.no, 2021.

Ringworm of the body (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Ringorm på kroppen. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 28. september 2021 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hud-og-har/ringorm-pa-kroppen/

Sist oppdatert tysdag 28. september 2021