Rosen og cellulitt

Rosen (erysipelas) er ein bakteriell hudinfeksjon som er kjenneteikna av eit avgrensa hudområde som er raudt, betent og ømt. Infeksjonen er vanlegvis enkel å behandle med antibiotika.

Oppsummering

Rosen og cellulitt (erysipelas) er så like sjukdomar at det ikkje alltid er lett for legar å sjå forskjell på dei. Hovudforskjellen er at cellulitt angrip djupare lag av huda, mens rosen påverkar huda nærmare overflata. Begge tilstandane blir behandla med antibiotika.

Cellulitt kan på norsk tyde fleire ting, men i denne teksten tyder det ein djup hudinfeksjon. I kosmetikkbransjen blir ordet brukt heilt annleis.

Symptombilete

Rosen og cellulitt gjer at huda blir raud og kjennest øm. Rosen ser ein ofte i ansiktet, men kan òg oppstå andre stader på kroppen. I motsetning til cellulitt, som går djupare ned i hudlaga, er rosen avgrensa til det øvste hudlaget. Cellulitt opptrer oftast på føtene eller armane.

Det ramma området kan auke i utbreiing, og det kan oppstå blemmer på huda. Du kan òg få hovne lymfekjertlar nær infeksjonsstaden, feber og dårleg allmenntilstand, som om du har influensa.

Risikofaktorar og førebygging

Rosen og cellulitt oppstår når bakteriar infiserer huda. Dette kan skje dersom du har eit

  • kutt eller ei rift
  • ope sår
  • operasjonssår
  • insektbit

Sjansen for å få ein bakteriell hudinfeksjon er større for dei som har diabetiske fotsår eller svekt immunforsvar.

Behandling

Det er viktig med rask behandling, slik at infeksjonane ikkje spreier seg til andre delar av kroppen. Du bør kontakte lege så snart du oppdagar at du har fått eit smertefullt utslett.

Får du cellulitt rundt auget, må du behandlast så raskt som mogleg.

Antibiotika er effektivt for nesten alle med cellulitt eller rosen. Du må kanskje starte antibiotikabehandlinga intravenøst på sjukehus og byte til tablettar når du blir betre. Dersom infeksjonen er mild, treng du vanlegvis berre tablettar.

Du må truleg ta antibiotika i éi eller to veker.

Det er viktig å ta antibiotikakuren heilt ut, slik som legen har føreskrive, sjølv om utslettet blir borte og du føler deg betre.

Dei fleste som tek antibiotika, blir betre etter cirka ei veke. Dersom det ikkje skjer, bør du kontakte lege. Uavhengig av resultatet bør du alltid ha ein kontrolltime hos lege etter at behandlinga er avslutta.

Dersom du ikkje blir frisk med den første antibiotikabehandlinga, byter legen til ein annan type antibiotika. Det kan òg hende legen tek prøvar for å finne ut kva bakteriar som forårsakar symptoma. Deretter blir det gitt eit antibiotikum som er spesielt eigna til å behandle desse bakteriane.

Antibiotika kan gi biverknader, men desse er vanlegvis milde. Biverknadene kan vere diaré, kvalme, magesmerter, hovudverk, svimmelheit og utslett.

Sjølvhjelp og råd

Du kan ta paracetamol som smertestillande mens du ventar på at antibiotika skal verke.

Dersom du har cellulitt på foten eller armen, kan det hjelpe på hevelsen å halde føter og armar høgare enn resten av kroppen.

Begynner huda å få blemmer, kan du dekkje ho med bandasje for å beskytte huda.

Prognose

Med behandling blir dei fleste som har cellulitt eller rosen, friske i løpet av éi til to veker. Dersom du elles er sunn og frisk, kan du behandlast heime. Mange treng likevel sjukehusbehandling, men kan reise heim allereie etter éin eller to dagar dersom forma blir betre.

Cellulitt kan spreie seg og føre til komplikasjonar. Infeksjonen kan i sjeldne tilfelle gi blodforgifting – på fagspråket kalla sepsis. Dette er ein svært alvorleg tilstand som påverkar heile kroppen og er forårsaka av at cellulitt ikkje blir behandla i tide, eller dersom antibiotika ikkje verkar.

Cellulitt kan komme tilbake dersom du er disponert for det. Du kan be legen din om råd om kva du kan gjere for å forhindre ytterlegare hudinfeksjonar. Det er viktig å bruke sårsalve og plaster dersom du får eit lite sår.

Enkelte får hevelse i armen eller foten dei har hatt cellulitt i. Dette kallar vi for lymfødem. Med behandling går vanlegvis det betente området i huda bort, men hos enkelte går ikkje hevelsen over.

Rosen (erysipelas) og cellulitt. Helsebiblioteket.no, 2021. 

Cellulitis and erysipelas (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Rosen og cellulitt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 28. september 2021 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hud-og-har/rosen/

Sist oppdatert tysdag 28. september 2021