Kva er bronkiolitt?

Bronkiolitt er ein infeksjon i luftrøyra i lungene til barnet. Infeksjonen kjem ofte av Rs-virus.  

Det er hovudsakleg barn under to år som får bronkiolitt. Infeksjonen er smittsam, og dei fleste blir smitta om vinteren. 

Symptom på bronkiolitt

Bronkiolitt gjer luftvegane trongare, gir slim og fører til at barn kan streve med pusten. Vanlege symptom er at barna får 

  • tung pust
  • hoste og pipelydar frå brysta
  • kraftig forkjøling
  • rennande nase
  • lett feber
  • nedsett allmenntilstand
  • slappheit 

Nokre barn kan få meir alvorlege pusteproblem.  

Når bør du oppsøke helsehjelp?

Ta kontakt med legen om du er bekymra for barnet ditt. Ser du at barnet ditt brukar mykje krefter på å få luft, er tette i brystet eller pustar tungt er det viktig å kontakte lege raskt. 

Kontakt også lege dersom barnet strevar med å ete eller drikke. 

Undersøking og behandling av bronkiolitt

Barn blir stort sett friske av seg sjølve etter 1-2 veker. Pass på at barnet får kvile og får i seg nok væske.  

Nokre barn blir lagde inn på sjukehuset. Der overvaker helsepersonellet pusten til barnet, og passar på at barnet får i seg nok væske og næring.  

Nokre barn har problem med pusten og får ekstra oksygen på sjukehuset. Nokre har behov for intravenøs væske, for å få i seg nok næring. 

Metodebok for legevakten i Oslo. Bronkiolitt. Oslo legevakt; [hentet 18.08.2026]. Tilgjengelig fra: https://metodebok.no/emne/0bcb3d8bd36452ec2f82/bronkiolitt/metodebok-for-legevakten-i-oslo

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Bronkiolitt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 17. august 2026 [henta lørdag 14. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/lunger-og-luftveier/bronkiolitt-rs-virus/

Sist oppdatert 17. august 2026

Fann du det du lette etter?