E. coli-tarminfeksjon

E. coli-bakteriar (Escherichia coli) er ei fellesnemning for bakteriar som finst naturleg i tjukktarmen hos alle menneske og varmblodige dyr. Dei aller fleste fører ikkje til sjukdom, men har ein viktig funksjon for fordøyinga. EHEC er ein E.coli-bakterie som i enkelte tilfelle kan gje alvorleg sjukdom.

Oppsummering

Det finst nokre grupper av E. coli som ikkje finst i den naturlege tarmfloraen vår, og som kan vere årsak til ulike typar tarminfeksjonar hos menneske. Dei fire vanlegaste gruppene av sjukdomsframkallande E.coli-bakteriar heiter EHEC, EIEC, EPEC og ETEC.

EHEC er den typen E. coli-bakterie som vi har høyrt mest om i media. Nokre former av EHEC-bakterien kan i sjeldne tilfelle gje alvorlege komplikasjonar i form av den alvorlege nyresjukdomen hemolytisk-uremisk syndrom (HUS), spesielt hos barn og eldre. Andre typar av EHEC-bakterien kan gje mildare sjukdomsbilete.

ETEC førekjem hovudsakleg i utviklingsland og kan vere årsak til turistdiaré hos personar frå industrialiserte land som besøker utviklingsland.

Symptom

E. coli-tarminfeksjon er i dei fleste tilfelle ufarleg, men ein sjeldan gong kan infeksjonen gje alvorleg sjukdom.

E. coli kan gje diaré og magesmerter, og i nokre tilfelle blodig diaré. Barn treng ikkje ha feber, men kan vere i generelt dårleg form med slappheit, kvalme og dårleg matlyst. Diaréen kan ofte vare i fire til ti dagar hos vaksne og noko lenger hos barn.

Smittsomhet og inkubasjonstid

EHEC- og andre typar av E. coli-bakterien kan smitte gjennom forureina mat, blant anna frå kjøt og kjøtprodukt av storfe, sau og geit.

I tillegg kan han smitte gjennom:

  • forureina grønsaker
  • upasteurisert mjølk
  • produkt av upasteurisert mjølk
  • forureina drikkevatn

Bakteriane kan også smitte ved:

  • direkte kontakt med dyr
  • indirekte via avføringa frå dyra
  • frå badevatn
  • direkte frå person til person gjennom skitne hender

Risikofaktorer og forebygging

  • Kjøtdeig, hamburgarar, kjøtkaker og annan farsemat bør vere godt gjennomsteikt eller gjennomkokt. Andre kjøtprodukt bør vere godt steikte på overflata.
  • Unngå upasteurisert mjølk og produkt laga av upasteurisert mjølk.
  • Grønsaker som skal etast rå, bør skyljast godt først.
  • Oppbevar maten ved kjøletemperatur, som er 4°C. Hugs kjøleboks i sommarvarmen.

Vask hender etter toalettbesøk, etter kontakt med dyr og før matlaging og måltid. Vask knivar, skjerefjøler og kjøkenutstyr som er blitt forureina av råvarer, før du bruker utstyret til annan mat.

Ved reiser til land med dårlege hygieniske forhold er det i tillegg viktig å unngå:

  • ukokte grønsaker
  • iskrem som ikkje er ferdigpakka frå produsenten
  • frukt som ikkje kan skrellast

Når du er i utlandet, bør du passe på at grønsaker og frukt er godt vaska med reint vatn, og unngå drikkevatn som ikkje blir selt på flasker.

Behandling

Det finst ikkje noka behandling mot sjølve bakterien, og ein skal i utgangspunktet ikkje bruke antibiotika. Enkelte studiar tyder på at antibiotika kan gjere sjukdomen verre. Antibiotika blir berre vurdert som behandling dersom det er mistanke om at ein har ein annan bakteriell infeksjon samtidig.

Når ein har diaré, får ein eit stort væsketap frå tarmen. Derfor er det viktig å drikke nok væske når ein har diaré. I dei mest alvorlege tilfella kan ein leggjast inn på sjukehus for å få væske intravenøst.

Ved dei sjeldne tilfella med EHEC-infeksjon der ein har fått den alvorlege nyresjukdomen HUS (hemolytisk uremisk syndrom), er det nødvendig at ein blir lagd inn på sjukehus for behandling.

Sjukemelding

Personar i spesielt utsette yrkesgrupper bør ha tre avføringsprøvar med negativt resultat før dei kan gå på jobb igjen dersom dei har fått påvist ein EHEC som er forbunden med alvorleg sjukdom («høgvirulent EHEC»).

Dette gjeld personar som:

  • arbeider i matvareproduksjon, serveringsstader, næringsmiddelverksemder, og lagar til eller serverer mat
  • arbeider med personar som er spesielt sårbare for infeksjon, t.d. med immunsvekte pasientar, nyfødde eller på intensivavdeling

Kvar prøve må takast med 24 timars mellomrom og første prøve tek ein tidlegast to til tre dagar etter symptomfridom.

Ved påvising av andre typar E. coli-infeksjon kan ein returnere til arbeid 48 timar etter siste episode med diaré og/eller oppkast.

Heime frå barnehagen

Barn som er blitt smitta med ein EHEC som er forbunden med alvorleg sjukdom («høgvirulent EHEC»), bør ha tre negative kontrollprøvar før dei kan vende tilbake til barnehagen.

Barn som bur i ein husstand der nokon har fått påvist høgvirulent EHEC-infeksjon, bør haldast borte frå barnehagen til:

  • den sjuke ikkje lenger har diaré
  • ein avføringsprøve viser at barnet ikkje er smitta

Barn som har fått påvist andre typar av E. coli-infeksjon, kan gå tilbake til barnehagen 48 timar etter at barnet ikkje lenger har diaré og/eller oppkast.

Rettigheter

Folketrygda dekkjer utgifter til legehjelp ved undersøking, behandling og kontroll av ålmennfarlege smittsame sjukdomar. Det tyder at dersom du får påvist EHEC, eller nokon rundt deg har fått påvist bakterien og du bør testast, skal du ikkje betale eigendel når du går til legen.

Innholdet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. E. coli-tarminfeksjon. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 9. januar 2020 [hentet fredag 19. april 2024]. Tilgjengelig fra: https://www.helsenorge.no/sykdom/mage-og-tarm/ecoli/

Sist oppdatert torsdag 9. januar 2020