Hemoroider

Hemoroidar kan gi blødingar og smerter frå endetarmen etter toalettbesøk. Mange merkar ingen symptom, men har du plager, finst det behandlingar som kan hjelpe.

Kva er hemoroidar?

Hemoroidar er oppsvulma blodårer i endetarmen eller rundt anus. Dersom hemoroidane er store, kan dei komme ut av endetarmsopninga. Du kan prøve å dytte dei inn igjen, men det er ikkje alltid mogleg.

Hemoroidar kan oppstå som følgje av treg mage når ein trykkjer gjentakande gonger for å få ut avføringa. Det er òg vanleg å få hemoroidar under graviditet.

Symptombilete

Små hemoroidar kan kjennest litt ubehageleg, men mange merkar ingen symptom. Større hemoroidar kan gi irritasjon, kløe og smerter. Nokon beskriv ei kjensle av at dei aldri får tømt seg heilt når dei er på toalettet, sjølv om dette ikkje stemmer. Blod på toalettpapiret eller i toalettskåla er òg vanleg.

Sidan du normalt ikkje skal blø frå tarmsystemet, bør du kontakte lege dersom dette skjer. Det er spesielt viktig dersom

  • blodet er blanda inn i avføringa
  • du må på toalettet oftare eller sjeldnare enn vanleg
  • du går ned i vekt utan openberr grunn

Legen vil ta nødvendige testar for å utelukke annan sjukdom enn hemoroidar.

Behandling

Det finst enkle behandlingstiltak du kan prøve sjølv. Dersom desse fungerer, er det ikkje sikkert du treng anna behandling.

Fiberrik kost gir avføringa volum og forhindrar at du blir forstoppa. Prøv å ikkje presse så hardt når du er på toalettet. Det kan forhindre hemoroidar. Eksempel på fiberrik kost er frukt, grønsaker og heilkornsprodukt. Du kan òg prøve fibertilskot som loppefrø, linfrø og kveitekli. Dette får du kjøpt på apoteket.

Eit anna råd er å drikke rikeleg med vatn, som kan gjere avføringa mjukare. Du bør heller ikkje utsetje toalettbesøk. Held du deg for lenge, kan avføringa bli hardare. Unngå å presse for hardt eller sitje på toalettskåla lenger enn nødvendig.

Mange opplever at varme bad lindrar kløe og smerter.

Legemiddel

Det finst fleire kremar, salver og stikkpiller mot hemoroidar som du får kjøpt på apoteket.

Adstringerande middel, det vil seie stoff som dreg saman vev, kan redusere blødingstendensen over tid. Natriumoleat er eit slikt middel.

Det finst òg produkt med og utan resept som inneheld kortison og lokalbedøvande middel som kan hjelpe ved lokal irritasjon og hevelse. Salver med kortison skal berre brukast i kort tid, sidan langvarig bruk kan gi tynnare slimhinne.

Ligatur

Strikkligatur blir gjerne brukt når hemoroidar stikk ut av endetarmsopninga, men framleis kan pressast inn att. Ligatur er ei effektiv behandling av hemoroidar. Inngrepet består av at legen festar ein stram gummistrikk rundt "halsen" til ein hemoroide, slik at han fell av. Ein studie viste at 8 av 10 var symptomfrie éin månad etter denne behandlinga.

Moglege biverknader er blødingar og smerter, men dette er sjeldan. Behandlinga blir utført på sjukehus.

Injeksjonar

Injeksjonar med legemiddel i hemoroidane (sklerosering) kan få dei til å skrumpe inn og falle av. Dette blir mest brukt på små hemoroidar. Behandlinga er skånsam.

Infraraud fotokoagulasjon

Med denne metoden bruker ein infraraudt lys til å koagulere blodet i hemoroidane, slik at dei skal skrumpe. Behandlinga blir brukt på små hemoroidar og må utførast fleire gonger.

Kirurgi

Behandlinga avheng av kor store hemoroidane er, og kva ditt lokale sjukehus tilbyr.

"Perianal stapling" er ein annan metode, eit alternativ til strikkligatur. HAL (Haemorrhoid Artery Ligation Operation) eller HAL RAR (recto anal repair) er ei nyare operasjonsform som er teken i bruk ved ei rekkje norske sjukehus. Her bruker legane eit apparat for å finne arterien som forsyner hemoroidane med blod. Desse arteriane blir avsnørte. Inngrepet skjer vanlegvis i narkose og gir færre biverknader enn å skjere bort hemoroidane.

Har du problem med store hemoroidar, kan dei opererast bort. Du får narkose eller lokalbedøving før inngrepet. Legen syr anten att såret eller lèt det stå ope for å gro. I éin studie var alle frie for hemoroidar eitt år etter operasjonen.

Prognose

Hemoroidar kan komme og gå i periodar – også etter behandlinga. Alvorlege problem er derimot sjeldne.

Rettar

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted kan du sjå at ventetidene kan variere.

Hemoroider. Helsebiblioteket, 2021. 

Haemorrhoids (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

Innholdet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Sist oppdatert torsdag 11. november 2021