Omgangssjuke forårsaka av norovirus

Norovirus er svært smittsamt. Dei viktigaste førebyggjande tiltaka er grundig handvask med såpe og vatn og god kjøkkenhygiene. Vinteren er høgsesong for omgangssjuke forårsaka av norovirusinfeksjonar.

Kva er norovirus?

Norovirus er den vanlegaste årsaken til omgangssjuke eller smittsam mage- og tarmsjukdom. Viruset er ansvarleg for minst 50 prosent av alle utbrot med mage- og tarminfeksjon på verdsbasis.

Utbrot av norovirus inntreff gjerne om vinteren i Noreg. Personar i alle aldersgrupper kan bli smitta og sjuke.

Symptom og smitte ved norovirus

Sjukdommen er vanlegvis mild og går over av seg sjølv etter ein til tre dagar hos elles friske personar.

Det tek 12–48 timer frå ein blir smitta til ein blir sjuk. Symptoma er 

  • akutt kvalme 
  • oppkast 
  • magesmerter 
  • diaré

I tillegg får mange influensaliknande symptom som

  • feber
  • muskel- og leddverk
  • hovudpine

Ein smitta person er mest smittsam medan han/ho har symptom med oppkast og diaré, men kan òg vere smitteførande etter at symptoma gir seg. Etter 48 timer skil dei fleste ut mindre smittestoff.

Diaré hos barn

Det viktigste du kan gjøre for å forebygge dehydrering, er å gi barnet rikelig med drikke straks barnet får diaré.

Diaré hos vaksne

Kjenneteiknet på diaré er laus, ofte vasstynn, og hyppig avføring. Diaré fører til tap av væske. Du bør derfor drikke mykje. God handhygiene verkar førebyggjande.

Korleis lindre symptom?

Hos dei aller fleste vil infeksjonen gå over av seg sjølv i løpet av eit par dagar. Det er normalt ikkje behov for å oppsøke lege ved norovirusinfeksjon.

Det finnes ingen behandling mot omgangssjuke, men du kan lindre symptom og førebygge komplikasjoner. 

Det viktigaste er å forhindre uttørring. Det er derfor viktig å få i seg rikeleg med drikke for å erstatte væsketapet ved diaré og oppkast, gjerne i små mengder av gangen. Du bør unngå drikke med høgt sukkerinnhald.

Du kan også kjøpe ulike elektrolyttløysingar på apotek som kan bidra til å erstatte salt, sukker og væsketap.

Når bør du kontakte lege?

Du bør kontakte lege ved bekymring for eigen helsetilstand og ved langvarig diaré og oppkast. Små barn som får oppkast og diaré kan være meir utsett for dehydrering enn vaksne. Vær oppmerksam på barnets allmenntilstand og kontakt lege dersom du er bekymra for barnet.

Jo yngre barna er, desto mindre skal det til for at du bør kontakte lege.

Når kan ein vende tilbake til jobb, skule eller barnehage?

Vanlegvis kan ein vende tilbake til jobb og skule når ein kjenner seg frisk. Fordi ein kan skilje ut smittestoff også etter at symptoma gir seg, er det ekstra viktig med god handhygiene i dei første dagane etter at ein har blitt frisk.

Personar som handterer mat, for eksempel i storkjøkken eller kantine, og helsepersonell som har direkte kontakt med pasientar, bør ikkje vende tilbake til arbeidet før 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.

Barn i barnehage bør på same måte halde seg heime ved symptom og ikkje sendast til barnehagen igjen før det har gått 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.

Råd for å førebyggje smitte med norovirus

Dei viktigaste førebyggjande tiltaka mot norovirusinfeksjon er god hand- og kjøkkenhygiene. Med god handhygiene meiner ein grundig handvask med såpe og rennande vatn.

Alkoholbasert handdesinfeksjon er mindre effektivt mot norovirus.

Det er viktig at ein legg til rette for handvask på stader der mange er samla, til dømes på skular, i barnehagar og offentlege stader. Bruk eingongs tørkepapir til hender og ikkje handkle.

For reingjering av overflater som er tilsølte med oppkast eller avføring, bør ein tørke av overflatene med det same, gjerne med hushaldspapir. Deretter gjer ein rein flata på vanleg måte med reingjeringsmiddel og vatn.

Av vanlege rengjeringsmiddel i heimen kan klorin brukast. Følg brukskonsentrasjonen som står på flaska (1,25 dl klorin i 5 liter vatn). Ta omsyn til om overflata toler klor. Alle berøringspunkt, som toalett, dørhandtak og vask, kan tørkast over med tilsvarande blanding.

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Omgangssjuke forårsaka av norovirus. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 12. desember 2023 [henta søndag 15. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/omgangssjuke-norovirus/

Sist oppdatert tirsdag 12. desember 2023