After (munnskold)

Sår i munnhola, også kalla after, kan vere både smertefulle og plagsame. Det finst heldigvis behandling som kan hjelpe.

Person med after (munnskold) på innsiden av munnen

Symptom

Kjenneteiknet på after er små, gråkvite sår i munnhola som kan vere smertefulle. Såra

  • sit ofte på innsida av kinna, leppene og på tunga
  • er ofte raude rundt kanten, og du kan få eitt eller fleire om gongen
  • er som regel små, det vil seie mindre enn fem millimeter i diameter

Måltid og prat kan forverre smertene.

Merkar du at matlysta blir mindre av såra, bør du passe på at du får i deg den næringa du treng, og ikkje går for mykje ned i vekt.

Dersom barnet ditt har after og har problem med å ete, kan du få råd om ernæring hos lege.

Eksempel på munnskjold på innsiden av leppe og kinn

Alle får after på eit eller anna tidspunkt i livet. Enkelte er derimot plaga av utbrot med berre nokre vekers eller månaders mellomrom.

Dersom det oppstår sår andre stader på kroppen, bør du kontakte lege. Det kan vere teikn på ein annan sjukdom.

Kva anna kan det vere?

Nokon får mange, små og smertefulle sår som blir kalla herpes. Desse kjem av virus og blir behandla på ein annan måte enn after.

Behov for helsehjelp

Dersom såra ikkje gror, er større enn eit par millimeter eller dukkar opp andre stader på kroppen, bør du kontakte lege.

Du bør òg kontakte legen dersom du får andre symptom, som feber, magesmerter eller vekttap.

Årsaker

Årsaka til after er ikkje sikkert kjend, men risikoen aukar ved

  • mangel på jern, folsyre eller vitamin B12
  • mangel på C-vitamin, og dette gjeld spesielt eldre med feilernæring
  • cøliaki, det vil seie allergi mot gluten, som er eit protein i kveite
  • skadar på innsida av munnen, for eksempel etter bit
  • hyppig førekomst av munnsår i familien
  • inntak av enkelte matvarer og drikke, for eksempel sjokolade, kaffi og peanøtter
  • infeksjonar eller andre sjukdomar

Behandling

Det finst fleire typar behandling som kan hjelpe mot after.

Munnskyljevatn

Klorheksidin er eit middel som kan verke smertelindrande og framskunde tilhelinga. Det finst fleire produkt med klorheksidin mot after som du kan kjøpe på apoteket.

Ved dagleg bruk kan det farge tunga og tenner gulbrune. Denne misfarginga forsvinn når du sluttar å bruke produktet. Det bør gå minst 30 minutt mellom bruk av tannkrem og bruk av klorheksidin. Klorheksidin kan smake bittert og utløyse kvalme hos enkelte.

Hexetidin og thymol er andre verkestoff som finst i munnskyljevatn, men desse ser ikkje ut til å fungere mot after.

Dersom du ofte er plaga, er det tilrådd å bruke ein eigen tannkrem som heiter Zendium. Nokon kan ha nytte av B12-behandling, sjølv ved normale B12-verdiar.

Munnkrem eller munnskyljevatn med kortison kan dempe smerter og stimulere tilhelinga. Det gir lite biverknader, men nokre få kan få munntrøske.

Ein liten studie viser effekt av kolkisin.

Smertestillande middel

Det finst smertestillande legemiddel du kan påføre direkte på munnsår. Du får kjøpt legemidla på apotek i ulike former: gel, spray og munnskyljevatn. Smertestillande tablettar som ibuprofen og paracetamol er andre alternativ.

Sjølvhjelp og råd

Det finst fleire tiltak mot munnsår du kan prøve:

  • puss tenner og tannkjøt nøye for å unngå infeksjonar
  • spør tannlegen kva slags tannbørste og tannkrem du bør bruke
  • unngå drikke med mykje syre, som fruktsaft og brus
  • unngå sterkt krydra mat
  • slutt å røykje
  • unngå stress (fleire forskarar meiner stress kan utløyse munnsår)

Prognose

After gror gjerne i løpet av ei veke eller to. Dersom dei er store, kan det ta litt lengre tid. Større after kan gi arr.

Dersom after kjem tilbake eller det tek meir enn ei veke før dei gror, bør du kontakte lege.

After er vanleg hos tenåringar og unge vaksne. Dei forsvinn ofte med alderen.

After. Helsebiblioteket, 2022.

Mouth ulcers (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . After (munnskold). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 29. april 2022 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/munn-tenner-kjeve/after/

Sist oppdatert fredag 29. april 2022