Bechterevs sjukdom (Ankyloserande spondylitt)
Bechterevs sjukdom eller ankyloserande spondylitt påverkar hovudsakleg ryggraden, noko som gir stivheit og smerter. Nye behandlingar kan gi både betre funksjon og prognose.
- Kva er Bechterevs sykdom?
- Symptom
- Behandling
- Prognose
Kva er Bechterevs sykdom?
Bechterevs sjukdom er ein tilstand som forårsakar betennelse i ryggraden. Dette kan føre til smerter, stivheit, trøyttheit og senebetennelsar. Nokre av ryggvirvlane kan hos enkelte gro saman og gi endå meir stivheit og problem med å røre på seg. Ledd i hofter og kne kan òg bli påverka.
Bechterevs sjukdom er ein arveleg tilstand. Dette tyder at det er forårsaka av gena du arvar frå foreldra dine. Sjukdomen bryt vanlegvis ut i tenåra, men kan oppstå både før og etter.
Sjukdomen er to til tre gonger så vanleg hos menn som hos kvinner. Tilstanden kan hos enkelte menneske betre seg over tid, mens hos andre blir han verre.
Symptom
Bechterevs sjukdom blir ofte ikkje diagnostisert før det har gått fleire år. Dette er delvis fordi ryggsmerter er vanlege, og det kan vere vanskeleg for legar å skilje éin type ryggproblem frå ein annan.
Symptom på Bechterevs sjukdom:
- Nattlege plager frå ryggen.
- Smerter som vekkjer deg tidleg om morgonen.
- Morgonstivheit i ryggen som gjerne varer i meir enn 30 minutt.
- Smerter som vekslar mellom éin rumpeball og ein annan, slik at du kan ha smerter på den eine sida éin dag og på den andre sida ein annan dag.
Andre tilstandar/helseproblem som tyder på at ryggsmerter kan komme av Bechterevs sjukdom:
- smerter i senane, for eksempel i akillessenen
- psoriasis
- regnbogehinnebetennelse (iridocyclitt/uveitt), som forårsakar raudheit i auget
- inflammatorisk tarmsjukdom, som ulcerøs kolitt eller Chrohns sjukdom
- ei kjensle av å vere kortpusta, som kjem av stivheit i brystkassen
- utmatting
- forstyrra søvn
Legen diagnostiserer tilstanden ut frå symptom og undersøkinga. Ryggraden blir undersøkt med omsyn til stivheit og manglande fleksibilitet i brystkassen.
Dersom legen mistenkjer tilstanden, rekvirerer han eller ho eit røntgenbilete av bekkenet og nedre rygg, CT eller MR. Dersom skanninga og symptoma tyder på at du har Bechterevs sjukdom, bør legen tilvise deg til ein revmatolog.
Behandling
Tilstanden påverkar alle forskjellig, og behandlinga bør tilpassast behova dine.
Fysioterapi
Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for å halde rørsleevne og styrke ved lag. Du blir tilvist til ein fysioterapeut, som utarbeider eit eige øvingsprogram tilpassa deg. Dette kan vere tøyiingsøvingar og styrketrening som du gjer saman med ei gruppe eller åleine heime.
Uansett kva program du bruker, er det viktig å gjere øvingane dine regelmessig for å få best mogleg resultat.
Sjølvhjelpsgrupper
Mange blir med i sjølvhjelpsgrupper for personar med same sjukdom. I gruppa kan du få hjelp med øvingar, lære meir om tilstanden og dele erfaringar.
Revmatikerforeningen tilbyr for eksempel informasjon, støtte og gruppemøte via lokale avdelingar.
Slutt å røykje
Bechterevs sjukdom kan forverre seg raskare hos personar som røykjer. Dersom du røykjer, får du hjelp til og råd for å klare å slutte av legen din.
Legemidler
Legemiddel kalla betennelsesdempande middel kan bidra til å lindre smerter og stivheit. Legen kjem truleg til å tilrå deg å starte med desse. Eksempel er ibuprofen og naproksen. Som alle legemiddel kan betennelsesdempande middel ha biverknader, som for eksempel halsbrann. Du kan diskutere med legen kven av desse legemidla som er best for deg. Du bør aldri ta meir medisin enn legen tilrår.
Dersom legemidla ikkje lindrar symptoma, kan legen føreslå at du tek ein type legemiddel kalla tumor nekrosefaktor-alfa-hemmar (TNF-alfa-hemmar). Legemidla kan førebyggje leddskade og stivheit. Kirurgisk behandling med ledderstatning av hofta (hofteprotese) har falle betydeleg etter at behandlinga med TNF-alfa-hemmar blei innført i denne pasientgruppa.
TNF-alfa-hemmar kan gi større risiko for infeksjonar. Snakk med legen om moglege biverknader og kva moglege problem du skal vere merksam på.
Det finst andre legemiddel som òg kan vere nyttige, blant anna injeksjonar med kortisonmiddel når andre ledd enn ryggraden er påverka. Desse stoffa er sterkt betennelsesdempande.
Kortisoninjeksjonar kan fungere godt, men legen vil halde auge med kor ofte du får dei, sidan hyppig bruk kan gi biverknader på sikt.
Eit anna alternativ er såkalla DMARDs. DMARDs står for «disease modifying antirheumatic drugs», som er ei samlenemning på sjukdomsmodifiserande legemiddel som blir brukte i behandlinga av kroniske revmatiske leddbetennelsar.
DMARDs har ført til at mange med potensielt øydeleggjande revmatiske sjukdomar no kan leve eit tilnærma normalt liv.
Bechterevs sjukdom hos barn
Barn med Bechterevs sjukdom har nytte av fysioterapi. Dei kan òg bli behandla med nokon av dei same legemidla som vaksne.
Du bør snakke med legen til barnet om dei behandlingsalternativa som finst.
Prognose
Hos enkelte blir Bechterevs sjukdom verre over tid, mens hos andre blir tilstanden verande uforandra, eller han betrar seg. Best prognose har dei som følgjer behandlinga og er så aktive som mogleg, og som får regelmessig fysioterapi. Bechterevs sjukdom påverkar vanlegvis ikkje kor lenge folk lever.
Du må gå til regelmessige kontrollar for å vurdere nivået av smerte, stivheit og utmatting, og om andre ledd enn ryggraden er påverka. Dette kan hjelpe legen med å justere legemidla, slik at du får rett dose.
Dersom du får eit raudt auge, bør du kontakte lege straks. Dette kan vere ein tilstand kalla regnbogehinnebetennelse (uveitt/iridocyclitt), som er vanleg hos personar med Bechterevs sjukdom. Tilstanden må behandlast så snart som mogleg for å sikre at det ikkje påverkar synet.
Bruker du høge dosar betennelsesdempande over lengre tid, må du ta regelmessige blodprøvar for å kontrollere at legemidla ikkje skadar levra eller nyrene.
Norsk revmatikerforbund
22 54 76 00Tirsdag kl. 10:00 - 15:00
Onsdag kl. 10:00 - 15:00
Torsdag kl. 10:00 - 15:00
Du kan ringe for å snakke med andre med revmatiske sykdommer, som kan gi deg råd og veiledning.
Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ
Sist oppdatert fredag 17. september 2021