Kva er skuldersmerter?

Skuldersmerter er smerter i eller rundt skulderleddet. Smertene kan oppstå i sener, musklar, ledd eller slimposar, og kan vere akutte eller utvikle seg gradvis over tid.

Vanlege symptom er smerter ved rørsle eller belastning, stivleik i skuldra og redusert evne til å løfte armen. Nokon opplever sterke, akutte smerter etter ein skade, medan andre får gradvis aukande ubehag. Ved frosen skulder kan rørsleevna bli kraftig redusert.

Kva kan det komme av?

Skuldersmerter kan komme av mange ulike årsaker, anten dei kjem brått eller over tid. Dei vanlegaste årsakene til ubehag og smerter i skuldra er over- eller feilbelasting, forandringar etter skader eller aldersforandringar.

Overbelasting eller feilbelasting av skuldra

Ein vanleg årsak til ubehag og smerter i skuldra er over- eller feilbelasting, ofte ved:

  • gjentekne rørsler over tid
  • tunge løft
  • mykje arbeid med armen over skulderhøgd
  • brå auke i kor mykje du trenar eller belastar skuldra

Om du over- eller feilbelastar skuldra, kan det føre til irritasjonar og skader i musklar, sener og knoklar.

Slitasje over lang tid kan òg føre til artrose (slitasjegikt) i skuldra.

Akutte skadar

Akutte skadar oppstår gjerne i samband med fysisk aktivitet, som idrett og trening. Skadane skjer ofte på grunn av fall eller samanstøyter, eller at skulderrørsler med mykje kraft blir hindra.

Når bør du kontakte lege?

Om du har moderate smerter, kan du sjå an situasjonen i 1-2 veker før du oppsøker lege. Viss du har store smerter, smerte i kvile, smertene har vart i meir enn seks veker, eller nedsett kraft eller førleik i armen, bør du oppsøke lege.

Behandling av skuldersmerter

Behandlinga varierer etter årsak og alvorsgrad. Din lege kan kartlegge dine symptom og undersøke deg, og slik komme frem til sannsynleg årsak til smertene og anbefale behandling.

Fysioterapi

Dersom du har kroniske skulderplager, kan fysioterapi hjelpe. Behandling og øvingar kan bidra til å redusere smerter og auke rørsleevne.

Medisinar

Smertestillande legemiddel kan hjelpe mot smertene, til dømes ibuprofen og paracetamol. I enkelte tilfelle kan injeksjonar med kortison ha en effekt, særleg ved frosen skulder.  Rådfør deg med din lege angåande medisinbruk.

Kirurgi

Operasjon er sjeldan nødvendig og blir berre vforløpurdert dersom andre behandlingar ikkje har hatt effekt, eller ved alvorlege eller akutte skadar.

Prognose

Prognosen og forløpet avhenger av årsaka til skuldersmertene, og kan variere frå veker eller månder til år.  

Helsedirektoratet. (2024). Skuldersmerter. Hentet 17. august 2026 fra: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/prioriteringsveiledere/fysikalsk-medisin-og-rehabilitering/tilstander-for-fysikalsk-medisin-og-rehabilitering/skuldersmerter.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Skuldersmerter. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 17. august 2026 [henta fredag 4. september 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/muskel-og-skjelett/skuldersmerte/

Sist oppdatert 17. august 2026

Fann du det du lette etter?