Årsaker til sår hals

Sår hals kjem av at slimhinnene i halsen og svelget har blitt irriterte. Irritasjonen kan gjere det vondt å svelge. Du kan òg kjenne at du blir hås.

Du får som regel sår hals på grunn av ulike virusinfeksjonar. Det kan til dømes vere

  • influensa
  • kyssesjuke
  • koronavirus
  • andre forkjølingsvirus

I nokre tilfelle kan ein bakterieinfeksjon vere årsaka til at du har sår hals.

Andre vanlege årsaker til sår hals kan vere

  • mykje roping
  • røyking
  • sure oppstøytar

Influensa, kyssesjuke og bakteriell halsbetennelse kan ha like symptom med feber og halsvondt, men då får du ikkje hoste og tett eller rennande nase.

Råd når du har sår hals

Halspastillar og varme drikkar kan lindre smertene.

Smertestillande, til dømes paracetamol eller ibuprofen, kan òg hjelpe.

Røyking kan forverre plagene.

Når bør du oppsøke helsehjelp?

Det er sjeldan nødvendig å oppsøke fastlegen om du har vondt i halsen utan å ha feber samtidig.

Om du har vondt i halsen lenger enn 6 veker i strekk, bør du kontakte fastlegen din.

Om du sår hals og feber utan at du har andre symptom, kan du sjå det an nokre dagar før du kontaktar fastlegen din. 

Om du har alvorlege symptom, som til dømes problem med å puste eller kjevesperre, bør du kontakte lege. Det same gjeld om du kjenner deg veldig dårleg.

Behandling av sår hals

Som regel gir plagene seg i løpet av 3-4 dagar, utan at du treng noka form for behandling.

Dersom det er ein bakterieinfeksjon som er årsaka, blir du ofte behandla med antibiotika.

Dersom den såre halsen din kjem av ein virusinfeksjon, til dømes influensa eller kyssesjuke, skal du ikkje behandlast med antibiotika.

Innhaldet er levert av Allmennmedisinsk redaksjon

Allmennmedisinsk redaksjon. Sår hals (halsbetennelse). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tirsdag 31. mars 2026 [henta mandag 6. april 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/ore-nese-hals/halsbetennelse/

Sist oppdatert 31. mars 2026

Fann du det du lette etter?