Halsbetennelse

Halsbetennelse kan vere smertefullt, men plagene går som regel over av seg sjølv i løpet av tre–fire dagar. Som oftast er halsbetennelse forårsaka av ein virusinfeksjon, men av og til er bakteriar årsaka.

Oppsummering

Har du halsbetennelse med bakteriar eller virus, blir halsen sår. Det er ein vanleg tilstand som ofte opptrer som del av eit anna sjukdomsbilde, for eksempel forkjølelse.

Symptom på halsbetennelse

  • Smerta sit oftast langt bak i svelget og blir ofte verre ved svelging.
  • Smerta kan òg stråle opp i øyret.
  • Svelget kan vere raudt og irritert, og det kan oppstå kvite flekkar/belegg på mandlane.
  • Enkelte får hovudverk eller feber.

Småbarn har ofte vanskeleg for å fortelje akkurat kvar dei har vondt. Barn kan òg kjenne seg dårlege og kaste opp.

Dei fleste halsinfeksjonar er ikkje alvorlege, men ein bør kontakte lege dersom

  • barnet har vanskar med å svelgje eller puste
  • barnet har temperatur over 38 grader
  • barnet har veldig ømme eller hovne lymfekjertlar på halsen eller i nakken
  • barnet har smerter i biholene eller slimhoste

Årsaker til halsbetennelse

Virus er den mest vanlege årsaka til sår hals. Nokre virus kan gi svært kraftige halsinfeksjonar.

Kyssesjuke er forårsaka av eit virus. Dei fleste blir bra av kyssesjuke innan fire til seks veker utan noko behandling.

Sår hals med betennelse i mandlane kan vere forårsaka av bakteriar som blir kalla streptokokkar. Mandlane hovnar opp og blir raude, av og til med eit pussbelegg.

Candidasopp eller gonorrébakterien kan òg gi halsbetennelse, men dette er sjeldan.

Behandling for halsbetennelse

Varm te med honning eller gurgling med saltvatn kan lindre. Honning er frårådd til barn under eitt år. Nokon tykkjer halspastillar hjelper, men det bør ikkje givast til små barn, sidan dei kan setje dei fast i halsen.

Reseptfrie smertestillande middel som ibuprofen eller paracetamol kan lindre smerta ved sår hals. Desse kan du få kjøpt på apotek eller i butikk. For barn kan det vere enklare å ta stikkpillar eller legemiddel i flytande form.

Bruk av ibuprofen over lengre tid kan irritere magen og gi sår eller bløding. Dette er vanlegvis ikkje noko problem ved bruk av legemidla i nokre få dagar. Ein må ikkje gi ibuprofen dersom ein mistenker vasskoppar.

Paracetamol irriterer ikkje magen på same måte som ibuprofen kan gjere, men det er viktig at du ikkje tar meir enn det som står i pakningsvedlegget. For stor dose paracetamol kan gi alvorleg leversvikt. Mange legemiddel mot forkjøling og influensa inneheld paracetamol, så ver forsiktig med å bruke fleire ulike medikament samtidig.

Legar tilrår vanlegvis antibiotika mot halsbetennelse forårsaka av streptokokkar. Dersom det er tvil om årsaka, kan legen ta ein hurtigtest som gir svar i løpet av få minutt. Av og til sender ein inn prøvar til dyrking. Prøven blir tatt med ein liten bomullspinne frå mandlane.

Antibiotikabehandling forhindrar vidare smitte og gir ofte betring innan eit døgn. Det førebyggjer òg øyrebetennelse, halsbyll og sjeldne komplikasjonar som giktfeber. Antibiotika har ingen verknad mot virus, som er den mest hyppige årsaka til sår hals. Antibiotika kan gi biverknader som diaré eller utslett.

Prognose

Vanleg halsbetennelse blir oftast bra av seg sjølv etter nokre dagar.

Enkelte gonger kan infeksjonen som er årsak til halsbetennelsen, spreie seg. Du kan bli hås eller miste stemma, få øyrebetennelse eller biholebetennelse. Ved øyreinfeksjon, halsbyll og biholebetennelse bør du oppsøkje lege.

Halsbetennelse. Helsebiblioteket.no, 2023. 

Sore throat (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Halsbetennelse. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 14. februar 2023 [henta onsdag 24. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/ore-nese-hals/halsbetennelse/

Sist oppdatert tysdag 14. februar 2023