Årsaker til sår hals
Sår hals kjem av at slimhinnene i halsen og svelget har blitt irriterte. Irritasjonen kan gjere det vondt å svelge. Du kan òg kjenne at du blir hås.
Virushalsbetennelse
Du får som regel sår hals på grunn av ulike virusinfeksjonar. Det kan til dømes vere
- influensa
- kyssesjuke
- koronavirus
- andre forkjølingsvirus
Typiske kjenneteikn på ein virushalsbetennelse er feber, hoste og rennande nase.
Bakteriehalsbetennelse
I nokre tilfelle kan ein bakterieinfeksjon vere årsaka til at du har sår hals. Dersom det er ein bakterieinfeksjon, skal du ofte behandlast med antibiotika. Typiske kjenneteikn på ein bakteriehalsbetennelse er feber, grautete stemme, belegg på mandlane og at du ikkje hostar. Dette kan til dømes vere skarlagensfeber. Då får du utslett og ein annan farge på tunga, i tillegg til den såre halsen.
Andre vanlege årsaker til sår hals
- mykje roping
- røyking
- sure oppstøytar
Råd når du har sår hals
Halspastillar og varme drikkar kan lindre smertene.
Smertestillande, til dømes paracetamol eller ibuprofen, kan òg hjelpe.
Røyking kan forverre plagene.
Når bør du oppsøke helsehjelp?
Det er sjeldan nødvendig å oppsøke fastlegen om du har vondt i halsen utan å ha feber samtidig.
Om du har vondt i halsen lenger enn 6 veker i strekk, bør du kontakte fastlegen din.
Om du sår hals og feber utan at du har andre symptom, kan du sjå det an nokre dagar før du kontaktar fastlegen din.
Om du har alvorlege symptom som til dømes problem med å puste eller kjevesperre bør du kontakte lege. Det same gjeld om du kjenner deg veldig dårleg.
Influensa, kyssesjuke og bakteriell halsbetennelse kan ha like symptom med feber og halsvondt, men då får du ikkje hoste og tett eller rennande nase.
Behandling av sår hals
Som regel gir plagene seg i løpet av 1 veke, utan at du treng noka form for behandling.
Dersom den såre halsen din kjem av ein virusinfeksjon, til dømes influensa eller kyssesjuke, skal du ikkje behandlast med antibiotika.