Fødselsdepresjon

Fødselsdepresjon er eit samleomgrep for ulike typar depressive plager og lidingar under svangerskap og etter fødselen. Det er vanleg å oppleve depressive plager i denne livsfasen. Depresjon som krev behandling, rammar færre.

Kva er fødselsdepresjon?

Fødselsdepresjon er ei nemning som inneber at ein har depressive plager eller ein klinisk depresjon under svangerskapet eller etter fødselen.

Denne artikkelen tek føre seg fødselsdepresjon hos den fødande.

Omtrent éi av ti kvinner i Noreg opplever depressive symptom i samband med graviditet og fødsel, og rundt éi av tjue har ein meir alvorleg depresjon.

Sjølv om denne tilstanden ofte blir omtalt som fødselsdepresjon eller barseldepresjon, startar rundt ein tredjedel av dei i svangerskapet.

Symptom på fødselsdepresjon

Det kan vere vanskeleg å vite kvar grensa går mellom ein normal tilstand og ein depresjon. Kjenneteikna på ein fødselsdepresjon er stort sett dei same som for ein vanleg depresjon. Det er ein vedvarande tilstand der:

  • kvardagen blir opplevd som tung og grå
  • du kjenner deg likegyldig, initiativlaus og tom, utan verdi
  • alt verkar meiningslaust

Den likegyldige innstillinga kan bli knytt til amming, mating, omsorg og stell av barnet. Nokre blir også mindre kjenslevare overfor signal og behov frå barnet.

Barseltårer

Å vere gravid og å få barn er ein stor omstillingsprosess, både fysisk og psykisk. Det er vanleg å kjenne seg psykisk sårbar i denne livsfasen, og mange opplever også depressive plager.

Mange opplever å bli lettare rørt og å gråte meir enn dei pleier i dagane etter ein fødsel. Dette kallar vi ofte for barseltårer.

Barseltårer er ein heilt normal og forbigåande kjenslemessig tilstand som opptrer hos 50–80 prosent av alle fødande, og som varer eit par døgn. Utmatting og søvnmangel kan forverre tilstanden.

Dersom barseltårene ikkje går over i løpet av den første veka etter fødselen, eller blir svært kraftige, kan det vere eit teikn på ein byrjande depresjon.

Behov for helsehjelp

Du bør oppsøkje lege, jordmor eller helsesjukepleiar dersom du:

  • manglar initiativ eller evne til å glede deg
  • er irritert eller nedstemt over tid
  • er lei deg eller sint, græt lett og alt kjennest vanskeleg
  • har vonde tankar og fantasiar om å miste kontrollen og skade deg sjølv eller barnet ditt

Risikofaktorar og førebygging

Det kan vere fleire grunnar til at ein utviklar ein fødselsdepresjon. Ved ein graviditet og fødsel skjer det store fysiske og psykiske endringar i løpet av kort tid, og summen av dei kan fungere som ei utløysande årsak. Faktorar som kan spele inn, er:

  • søvnmangel
  • komplikasjonar under fødselen eller med barnet
  • mangel på sosial støtte
  • dårleg partnarforhold
  • ammeproblem
  • tidlegare psykiske problem
  • uvisse rundt eiga evne til å ta vare på barnet
  • graviditeten var ikkje ønskt eller planlagd

Behandling av fødselsdepresjon

Det er viktig å søkje profesjonell hjelp dersom du trur du er deprimert eller treng råd om kvar du kan få hjelp.

Har du tidlegare hatt psykiske plager, er det lurt å opplyse om dette til lege eller jordmor så tidleg som mogleg. På den måten kan du få eit betre tilbod som er tilpassa deg.

Depresjon under graviditet og fødsel blir behandla som depresjonar elles. Alvorsgraden har betydning for behandlinga. Heldigvis finst det ei rekkje effektive behandlingsmetodar, til dømes:

  • enkle støttetiltak på helsestasjonen
  • psykoterapi
  • tilvising til spesialisthelsetenesta for dei mest alvorlege tilfella

Støttesamtalar, styrking av sosialt nettverk og psykoterapi har god effekt.

Ved alvorlege depresjonar kan det vere nødvendig med legemiddelbehandling i tillegg. Dette kan vere aktuelt dersom du, til dømes, har alvorlege søvnforstyrringar eller ber på sjølvmordstankar. Fastlegen din vil hjelpe deg med å finne riktig legemiddel, som ikkje påverkar barnet negativt om du er gravid eller ammar.

Det er viktig å hugse at dei fleste som får riktig behandling, blir heilt friske igjen.

Sjølvhjelp og råd

Dersom du mistenkjer at du er deprimert, bør du ta kontakt med helsepersonell.

Her er nokre andre råd som kan hjelpe:

  • Snakk med nokon du stoler på om korleis du har det.
  • Få hjelp til å få struktur på kvardagen, slik at du sjølv får nok søvn og kvile.
  • Reduser kor ofte du har besøk, dersom du kjenner at det verkar stressande.
  • Kanskje aller viktigast: Ta omsyn til eigne behov og fortel dei rundt deg kva du treng.

Søk hjelp tidleg

Trygge og gode omgjevnader og hjelp frå andre omsorgspersonar er viktig. Det er også ein fordel å erkjenne depresjonen din så tidleg som mogleg, slik at gode hjelpetiltak både for deg og barnet kjem på plass.

Dersom du strever med ein alvorleg depresjon over lengre tid, kan det påverke tilknytinga mellom deg og barnet og utløyse stress hos begge. Barn toler likevel godt ein kortvarig stressa situasjon eller stressfulle enkelthendingar, dersom den jamne omsorga er bra.

Tida etter fødselsdepresjon

Ein depresjon går vanlegvis over etter eit halvt år, nokre gonger kan det likevel ta lengre tid.

Etter ein depresjon er det vanleg å føle skuld overfor barnet og vere redd for at barnet har teke skade. Slike tankar kan det vere nyttig å dele med nokon du stoler på.

Det kan hjelpe deg å fokusere på kva som går bra og kva du kan gjere for å kjenne deg betre no og i framtida. Ved ny graviditet kan det vere nyttig å fortelje lege eller jordmor om tidlegare opplevingar.

Innhaldet er levert av Oslo universitetssykehus HF

Oslo universitetssykehus HF. Fødselsdepresjon. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 8. juni 2023 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/psykiske-lidelser/depresjon/fodselsdepresjon/

Sist oppdatert torsdag 8. juni 2023