Pedofili

Pedofili inneber at ein har ei seksuell tiltrekking til barn. Pedofili er ikkje einstydande med misbruk av barn, og det finst hjelp å få for dei som slit med slike seksuelle kjensler og tankar.

Kva er pedofili?

Å ha ei pedofil seksuell tiltrekking inneber at ein hovudsakleg blir tiltrekt seksuelt av barn som ikkje har kome i puberteten eller som er i tidleg pubertet. Tiltrekkinga kan rette seg mot eige eller motsett kjønn, eller mot begge kjønn. Dei med pedofil seksuell tiltrekking kan tenne seksuelt berre på barn, eller også på jamaldrande personar.

På fagspråket blir pedofili skildra som ei «forstyrring i seksuelt objektval» eller som ein parafili. Andre parafiliar er blant anna valdeleg seksuell sadisme, blotting og kikking.

Pedofile utfører ikkje nødvendigvis overgrep

Det er ikkje slik at alle med seksuell interesse for barn, utfører seksuelle overgrep. Det er heller ikkje slik at alle som utfører seksuelle overgrep mot barn, har ein pedofil seksuell preferanse. Seksuell interesse for barn er likefullt ein risikofaktor for å utføre overgrep.

Korleis stiller ein diagnosen?

Det finst ingen sikker metode eller test for å diagnostisere pedofili hos enkeltpersonar, men diagnosen kan stillast på bakgrunn av ei heilskapleg klinisk vurdering.

Nedlasting og deling av overgrepsmateriale på nett (bilete, video, teikningar eller tekst av seksuelle overgrep mot barn) er eit mogleg teikn på ei underliggjande seksuell tiltrekking mot barn.

Korleis søke hjelp?

Mange opplever sterk skam over dei seksuelle tankane og kjenslene sine, og frykt for stigmatisering gjer at mange kvir seg for å søkje hjelp for å meistre den seksuelle interessa si for barn. Helsetenesta skal behandle dei menneska det gjeld med respekt, vyrdnad og kompetanse.

Det finst hjelp

Personar med seksuell interesse for barn kan søke hjelp hos lavterskeltenesten «Det finst hjelp». Tenesten kan kontaktast anonymt via chat eller på telefon for å avtale samtalar. Det trengst ikkje henvisning frå fastlege.

Samtaletilbud finst i alle helseregionar, og dei tilsatte er alle psykologar med kompetanse på behandling av det å ha seksuell interesse for barn. Dei arbeider etter dei nasjonale faglege råda for helsehjelp til personar som står i fare for å utføre seksuelle overgrep mot barn (helsedirektoratet.no).

Behandling ved pedofili

Profesjonell behandling av personar med seksuell interesse for barn har som hovudføremål å hjelpe personen til å leve eit godt og meiningsfylt liv, utan å utføre overgrep mot barn. Det inneber at behandlinga skal hjelpe pasienten å handtere eigne seksuelle kjensler og tankar på måtar som ikkje skader andre.

Behandlinga er individuelt tilpassa. For nokre vil målet vere å lære å leve med den seksuelle interessa si for barn og finne passande måtar å utfalde seksualiteten sin på. For personar som også har seksuelle interesse i jamaldrande personar, kan behandlinga rettast mot å utvikle sosiale og emosjonelle ferdigheiter som gjer det mogleg å inngå i intime relasjonar med ein likeverdig partnar.

Årsaker til pedofili

Det ligg føre stadig meir forsking og kunnskap om pedofili, men mykje av kunnskapen som finst, er basert på undersøkingar av personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn. Det gjer at vi ikkje for sikkert kan overføre denne kunnskapen til personar med pedofil som ikkje er dømde.

Det finst ulike teoriar om årsakene til pedofili, men ein går ut frå at han oppstår som ei blanding av både biologiske og utviklings-/miljømessige faktorar, som nevropsykologiske forstyrringar og traume i barndomen.

Meld frå til politi eller barnevern ved mistanke om overgrep

Mistanke om pågåande eller føreståande overgrep mot barn skal meldast til politiet eller barnevernet. Nedlasting og deling av overgrepsmateriale på nett (bilete, video, teikningar eller tekst av seksuelle overgrep mot barn under 18) er også strafflagd etter norsk lov.

Mental helse

116 123

Mental helses telefon- og nettjeneste er for alle som trenger noen å snakke eller skrive med.

Døgnåpen tjeneste.

Gannon, T. A. (2021). A compositional explanatory theory of pedophilia. Aggression and Violent Behavior, 101662.

Seto, M. C., & Eke, A. W. (2017). Correlates of admitted sexual interest in children among individuals convicted of child pornography offenses. Law and Human Behavior, 41(3), 305.

World Health Organization. (2018). ICD-11 for mortality and morbidity statistics (2018).

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Pedofili. [Internett]. Oslo: Direktoratet for e-helse; oppdatert måndag 29. november 2021 [henta laurdag 2. desember 2023]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/psykiske-lidelser/pedofili/

Sist oppdatert måndag 29. november 2021