Adenomyose

Adenomyose er ein godarta sjukdom der livmorslimhinne-liknande kjertelvev sit i livmorveggen. Det kan føre til smerter under menstruasjonen, kraftige menstruasjonsblødingar og ein del andre plager i underlivet.

Kva er adenomyose

Adenomyose er ein relativt hyppig og godarta tilstand der livmorslimhinnekjertlar sit i livmorveggen. Sjukdomen er hyppigast hos kvinner i alderen 34 og oppover, men førekjem i alle aldersgrupper. Symptom kan tidlegast oppstå etter første menstruasjonen. Adenomyose kan oppstå hos alle som har ei livmor, uavhengig av juridisk kjønn. 

Adenomyose gjev ikkje symptom hos alle, men kan gje plager i form av sterke menstruasjonsblødingar og smerter. Hos nokre kan adenomyose bidra til vanskar med å få barn. Den best dokumenterte behandlinga for adenomyose er med ein hormonspiral, som blir plassert i livmorhola. 

Adenomyose er i slektskap med endometriose, men blir rekna som ein eigen sjukdom. Adenomyose er ufarleg og gjev ikkje auka risiko for kreftutvikling, men kan påverke livskvaliteten til personar som er ramma. 

Symptom på adenomyose

Adenomyose kan gje desse symptoma: 

  • Kraftige smerter under menstruasjonen (hos om lag 70–80 %). Mange skildrar også at det er samtidig vondt i korsryggen eller iler ned langs låra.
  • Svært kraftige menstruasjonsblødingar, spesielt dei første to til tre dagane (hos om lag 50–70 %). Dersom du må skifte store bind eller store tampongar annankvar time, blir det definert som kraftig bløding.
  • Hyppig vasslating og irritasjon i urinvegar (hos om lag 30 %).
  • Smerter under samleie (djupe støytsmerter), bekkensmerter og oppblåstheit kan også førekome. Men desse symptoma kan også skrive seg frå ei rekkje andre tilstandar og er ikkje spesifikke for adenomyose. 

Symptoma forverrar seg hos mange med åra, dersom dei ikkje blir behandla. Det er også typisk at symptoma blir verre eller startar etter svangerskap og fødsel. Dei kan vare ved nokre år inn i overgangsalderen, men hos dei fleste er symptoma betre når dei sluttar å ha menstruasjonen. 

Komplikasjonar som kjem av adenomyose 

Adenomyose er eit relativt hyppig funn hos ufrivillig barnlause. Derfor går forskarane ut frå at det bidreg til infertilitet, men dei har så langt ikkje funne ut kor stor risikoen for dette er. 

Adenomyose aukar også risiko for å ha spontanabort, for tidleg fødsel og svangerskapsforgifting. Det er viktig å vite at ein auka risiko ikkje tyder at dette nødvendigvis kjem til å skje deg. Så langt har forskarane ikkje lykkast med å finne ut kven som har størst risiko, og dei fleste vil heldigvis ikkje oppleve komplikasjonar. Men samanlikna med kvinner som ikkje har tilstanden, vil kvinner med adenomyose oppleve slike komplikasjonar oftare samla sett. 

Det er dessverre inga behandling for å minske den adenomyose-spesifikke risikoen for svangerskapskomplikasjonar. Ein sunn livsstil vil likevel minske risiko som hos alle, og kan derfor tilrådast. 

Årsaker

Det er ikkje nøyaktig kjent korleis adenomyose oppstår. Det finst fleire teoriar, men meir forsking trengst framleis. 

Hovudteorien kallar vi «skade-og-reparasjons»-teori. Den skildrar at mikroskopiske skadar i overgangen mellom livmorslimhinna og livmorveggen gjer det mogleg for slimhinnekjertlane å invadere inn i veggen. Skadane kan til dømes kome av ukoordinerte og altfor kraftige livmorsamantrekningar under menstruasjonen. Men også heilt vanlege fødslar eller utskrapingar av livmora kan føre til desse småskadane. 

Kroppen prøver så å lækje dei små riftene i overgangssona ved å auke lokale hormon (østrogen), men dette stimulerer uheldigvis og utilsikta til endå meir samantrekningar, noko som forverrar skadane og dermed adenomyose ytterlegare. Denne teorien forklarer godt kvifor adenomyose blir verre og verre med åra og etter fødslar. 

Ein annan teori er at livmorslimhinneceller hamnar på feil stad i livmorveggen alt under organutviklinga i fosterstadiet, for så å vekse når ein når puberteten. 

Eit tredje alternativ er at stamceller, som finst fleire stader i kroppen og som har potensialet til å bli til nesten kvar vevstype dei vil, utviklar seg til livmorslimhinne etter at dei har forflytta seg langs lymfebanene inn i livmorveggen. 

Tilstanden førekjem hyppigare i nokre familiar, og det er sannsynleg at det er ein viss arveleg komponent, men det ser ut som at det arvelege kanskje ikkje speler den viktigaste rolla. Det er ikkje klart kva rolle livsstil, som til dømes røyking, lite fysisk aktivitet eller overvekt, speler i utviklinga av adenomyose. 

Utgreiing og diagnose

I første omgang diagnostiserer ein adenomyose med ei gynekologisk undersøking og ein innvendig (vaginal) ultralyd. 

MR-undersøking (magnetresonansundersøking) av livmora kan i nokre tilfelle vere til hjelp for å utelukke eller stadfeste diagnosen. Dette vil vere aktuelt berre dersom ultralyd ikkje gjev tilfredsstillande resultat, og det vil påverke kva behandling du får. Det er varierande kompetanse for å tolke gynekologiske MR-bilete blant røntgeninstitutta og det er tilrådd at MR blir teke og lese av ekspertar på gynekologisk MR. 

I motsetning til ved endometriose, er ein kikholsoperasjon ikkje nyttig for å diagnostisere adenomyose. Forandringane sit inne i livmorveggen og er dermed ikkje synlege ved ein slik operasjon. 

Lenge var vevsundersøking (histologi) av livmora, etter at ho vart fjerna, «gullstandarden» for å stille diagnosen. Dette har helsevesenet gått bort ifrå sidan ultralyd og MR gjev god diagnostisk nøyaktigheit, samtidig som vevsundersøkinga for adenomyose også viser stor variasjon mellom avdelingar. Vevsundersøking bruker ein derfor berre for å stadfeste ein diagnose ein alt har mistenkt, etter ein har fjerna livmora, eller i forskinga. 

Korleis behandlar ein adenomyose?

Det finst ingen preparat som har «adenomyose» som offisiell indikasjon, det vil seie behandlingsgrunn. Likevel er ulike medisinar prøvde ut i studiar med god effekt. 

Vi er alle forskjellige og reagerer forskjellig på medikament. Nokre kan få plagsame biverknader, mens andre ikkje opplever det i det heile. For enkelte er det utenkjeleg å la seg operere, mens andre ser fram til å fjerne livmora si. Behandlinga blir derfor tilpassa den enkelte. Dersom du har plager, rår vi deg til å ta det opp med legen din og be om tilvising til gynekolog ved behov. 

Hormonspiral 

Hormonspiral er førstevalet i behandlinga av adenomyose. Han har lågt hormoninnhald og få biverknader. I studiar viser det seg at han er svært effektiv mot smerter, kraftige blødingar, irritasjon i urinvegar og låg blodprosent. 
Spiralen inneheld eit hormon som gjer at livmorslimhinneceller blir små og inaktive. Dermed «skrumpar» også adenomyosen. 

Hormonspiral lindrar symptoma hos mange, og kan også stoppe vidare forverring av sjukdomen. Hormonspiral er eit preparat som generelt er godt tolerert, men det kan ta 3–6 månader hos somme før det verkar. Hormonspiralen kan også brukast av unge som ikkje har fødd barn. 

Andre hormonpreparat 

P-piller er det forska mykje på, men for behandling av adenomyose er det berre to, mindre studiar. P-piller har vist seg å vere effektive, men ikkje like effektive som hormonspiral. Likevel fungerer dei godt nok for mange. Det er også nokre få studiar som viser at preparat som inneheld verkestoffet dienogest, er effektive mot blødingar og smerter. Dette blir ikkje dekt av blåresept-ordninga, og ein må betale det sjølv. 

Sprøyter som skaper ein forbigåande, kunstig overgangsalder er også svært effektive. Desse bruker ein likevel berre unntaksvis, då biverknadene kan vere kraftige og langtidsbruk er forbunde med beinskøyrheit og langtidsbiverknader. 

Ikkje-hormonell behandling 

Traneksamsyre kjem som tablettar og har veldig få biverknader. Det dempar kraftige blødingar og forhindrar at du får låg blodprosent, men det er viktig å forstå at det er ikkje ei behandling for sjølve adenomyosen. Likevel er dette preparatet ofte ein viktig del av behandlinga, då det førebyggjer låg blodprosent. 

Det same gjeld medisinar som inneheld verkestoffa paracetamol og naproxen, som er viktig i behandlinga av menstruasjonssmerter. Du skal alltid snakke med legen din om kor mykje av desse medisinane det er greitt å bruke, og om du treng eit magevern for å unngå biverknader. 

Ved barneønske og ufrivillig barnløyse 

Ein kan dessverre ikkje bruke hormonpreparat mens ein prøver å bli gravid, men traneksamsyre og paracetamol er trygge val. 
Dersom du slit med å bli gravid, kan ei kunstig befruktning vere til hjelp, men dette er ikkje ei behandling av sjølve adenomyosen. Dersom ein ikkje har vorte gravid etter eit år med regelmessig samleie, er det tilrådd å oppsøkje fertilitetsspesialist (tilvising i det offentlege via fastlegen). 

Fjerning av livmora 

Dersom du ikkje har noko ønske om å bli gravid i framtida og hormonspiralen ikkje verkar, er det å fjerne livmora, ein såkalla hysterektomi, ei effektiv og endeleg behandling. Det er ikkje mogleg å få barn etter ein har fjerna livmora. 
Du vil etter denne operasjonen miste menstruasjonen fordi livmora er borte, men du kjem ikkje i overgangsalder då eggstokkane (ovaria) ikkje blir fjerna. 

Det er også skildra livmorbevarande operasjon for adenomyose. Men hos dei fleste sit adenomyosen spreidd i livmorveggen. Det er derfor vanskeleg å fjerne adenomyoseceller med kirurgi utan å etterlate ein god del, og det er vanleg at symptoma kjem tilbake etter ei stund. Samtidig inneber eit slikt inngrep ein høg risiko for komplikasjonar i ein påfølgjande graviditet. Då nytte-risiko balansen er ugunstig for dette inngrepet, er dette berre svært unntaksvis tilrådd. 

I enkelte tilfelle kan det vere område med så høg tettleik av adenomyose at vi snakkar om eit «adenomyom». I desse tilfella kan det vurderast om adenomyomet skal fjernast med kirurgi. Denne operasjonen fører også med seg ein stor risiko for komplikasjonar i graviditet og fødsel, og ei forløysing med planlagt keisarsnitt vil vanlegvis bli tilrådd etter eit slikt inngrep. Ein slik operasjon skal gjennomførast av svært erfarne operatørar og berre unntaksvis, og berre når det er viktig å bevare livmora. Det å fjerne delar av livmora på grunn av adenomyose har ikkje vist seg å forbetre fertiliteten. 

Intervensjonsbehandling 

Ein ser no også på fleire ikkje-kirurgiske alternativ for behandling av adenomyose, blant anna «embolisering» og høg-intensitet-fokusert-ultralyd (HIFU). Embolisering blir også brukt for å behandle muskelknutar og den kan dempe blødingar, men det er ikkje tilrådd dersom du har eit framtidig barneønske. 

HIFU er dessverre enno ikkje heilt etablert i Noreg og eignar seg ikkje for alle typar adenomyose. Men det er elles ein effektiv metode for å dempe kraftige blødingar og smerter som skriv seg frå adenomyose. Det er ikkje vist at HIFU aukar risiko ved påfølgjande graviditetar og fødslar, men det manglar data om det kan betre infertilitet. 

Prognose

Dersom adenomyose ikkje blir behandla, kan tilstanden forverrast med tida, men ikkje hos alle. Mange opplever at symptoma blir verre etter kvar fødsel og i tida frå slutten av 30-åra fram til overgangsalderen (menopause). 

Etter overgangsalderen vil plagene bli gradvis betre og så forsvinne. 
Adenomyose er ein godarta sjukdom, og han er ikkje forbunden med auka kreftfare. Det er ikkje behov for regelmessige kontrollar av adenomyose med ultralyd dersom du har god kontroll over symptoma. 

Adenomyose er ein godarta sjukdom, og han er ikkje forbunden med auka kreftfare. 

Å leve med

Det er tilrådd å behandle adenomyose, for å unngå låg blodprosent (anemi) og kronifisering av smerter. Det er vist at begge delar fører til kronisk utmatting og depresjon, og bidreg til dårlegare immunforsvar. 

Kroniske smerter fører ofte til at du har lite energi og overskot. Inaktivitet som følgje av dette kan føre til nye smerter i musklar og skjelett. Regelmessig fysisk aktivitet og ein generelt sunn livsstil kan hjelpe med nokre av symptoma. Dette kan det vere vanskeleg å få til heilt sjølv, men fastlegen har høve til å støtte det gjennom bruk av «grøn resept». 

Kroniske smertetilstandar kan skape kjenslemessige utfordringar, til dømes tankar om ikkje å strekkje til på jobben, på heimebane og i parforholdet. Nokre gonger kan det vere klokt å oppsøkje psykolog for å «sortere» desse kjenslene. Ein samtale med sexolog blir også opplevd som svært nyttig av mange med store underlivssmerter. 

Endometrioseforeningen

Endometrioseforeningen er ein støtteorganisasjon for deg med endometriose og adenomyose. 

 

Foreningen for kroniske smertepasienter

Foreningen for kroniske smertepasienter (FKS) er open for alle menneske med kroniske smerter, pårørande og vener, og andre interesserte. 

Abbas AM, Samy A, Atwa K, Ghoneim HM, Lotfy M, Saber Mohammed H, Abdellah AM, El Bahie AM, Aboelroose AA, El Gedawy AM, Mostafa M, Elsenity MA, Samy M, Safwat S, Abdelrahman RM, Salah El Din AS, Badran E, Abdelkader AM, Abdallah A. The role of levonorgestrel intra-uterine system in the management of adenomyosis: A systematic review and meta-analysis of prospective studies. Acta Obstet Gynecol Scand. [Elektronisk artikkel]. 2020 May;99(5):571-581. doi: 10.1111/aogs.13798. Epub 2020 Jan 24. PMID: 31889294. [hentet 2021-11-13]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/31889294

Dueholm M. Minimally invasive treatment of adenomyosis. Best Pract Res Clin Obstet Gynaecol. [Elektronisk artikkel]. 2018 Aug;51:119-137. doi: 10.1016/j.bpobgyn.2018.01.016. Epub 2018 Feb 15. PMID: 29555380. [hentet 2021-11-13]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/29555380

Horton J, Sterrenburg M, Lane S, Maheshwari A, Li TC, Cheong Y. Reproductive, obstetric, and perinatal outcomes of women with adenomyosis and endometriosis: a systematic review and meta-analysis. Hum Reprod Update. [Elektronisk artikkel]. 2019 Sep 11;25(5):592-632. doi: 10.1093/humupd/dmz012. PMID: 31318420. [hentet 2021-11-13]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/31318420

Marques ALS, Andres MP, Kho RM, Abrão MS. Is High-intensity Focused Ultrasound Effective for the Treatment of Adenomyosis? A Systematic Review and Meta-analysis. J Minim Invasive Gynecol. [Elektronisk artikkel]. 2020 Feb;27(2):332-343. doi: 10.1016/j.jmig.2019.07.029. Epub 2019 Aug 1. PMID: 31377454. [hentet 2021-11-13]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/31377454

Tellum T, Nygaard S, Lieng M. Noninvasive Diagnosis of Adenomyosis: A Structured Review and Meta-analysis of Diagnostic Accuracy in Imaging. J Minim Invasive Gynecol. [Elektronisk artikkel]. 2020 Feb;27(2):408-418.e3. doi: 10.1016/j.jmig.2019.11.001. Epub 2019 Nov 8. PMID: 31712162. [hentet 2021-11-13]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/31712162

Upson K, Missmer SA. Epidemiology of Adenomyosis. Semin Reprod Med. [Elektronisk artikkel]. 2020 May;38(2-03):89-107. doi: 10.1055/s-0040-1718920. Epub 2020 Oct 26. PMID: 33105509; PMCID: PMC7927213. [hentet 2021-11-13]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/33105509

Yuan H, Zhang S. Malignant transformation of adenomyosis: literature review and meta-analysis. Arch Gynecol Obstet. [Elektronisk artikkel]. 2019 Jan;299(1):47-53. doi: 10.1007/s00404-018-4991-2. Epub 2018 Dec 5. PMID: 30519753. [hentet 2021-11-13]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/30519753

Innhaldet er levert av Oslo universitetssykehus HF

Oslo universitetssykehus HF. Adenomyose. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 7. februar 2022 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/underliv/adenomyose/

Sist oppdatert måndag 7. februar 2022