Forstørra prostata
Benign prostatahyperplasi (BPH) er ei godarta forstørring av prostata, og er ein vanleg tilstand hos menn etter kvart som dei blir eldre. Når prostata veks, kan den presse på urinrøyret og gi plager når du tissar. Om du har slike plager, bør du ta kontakt med lege for vurdering og eventuell behandling.
Kva er forstørra prostata?
Prostata er ein liten kjertel som ligg under urinblæra og rundt urinrøyret. Når prostata blir større, kan den presse på urinrøyret og gjere det vanskeleg å tisse.
Forstørra prostata:
- er vanleg hos eldre menn
- utviklar seg ofte gradvis
- er ikkje det same som kreft
Symptom på forstørra prostata
Om du har forstørra prostata kan du oppleve:
- hyppig vasslating, spesielt om natta
- vanskar med å kome i gang med å tisse
- svak urinstråle
- at strålen stoppar og startar
- at du må presse for å få ut urin
- kjensle av at du ikkje får tømt blæra heilt
- pluseleg og sterk trong til å tisse
- etterdrypp
Plagene kan også påverke deg i kvardagen din. Du kan bli trøytt på grunn av dårleg søvn eller bekymra dersom du ikkje har eit toalett i nærleiken.
Når bør du ta kontakt med lege?
Kontakt lege dersom:
- du har vasslatingsplager som varer meir enn nokre veker
- plagene påverkar kvardagen din
- du opplever aukande symptom
Søk rask legekontakt (fastlege same dag eller legevakt) dersom:
- du ikkje får tissa i det heile tatt
- du får sterke smerter i nedre del av magen
- du ser blod i urinen
- du får feber saman med vasslatingsplager
Dette kan vere teikn på urinretensjon, infeksjon eller annan alvorleg tilstand som krev rask behandling. Blod i urinen skal alltid vurderast av lege, fordi det også kan kome av annan sjukdom.
Plager med vasslating kan ha fleire årsaker. Derfor bør du undersøkast for å utelukke annan sjukdom. Legen kan undersøke prostata. Dette blir gjort ved å kjenne på kjertelen med ein finger i endetarmen. I tillegg er det vanleg å ta urinprøve og blodprøve (PSA).
Korleis blir diagnosen stilt?
Legen vurderer symptoma dine gjennom:
- samtale og symptomskjema
- urinprøve
- blodprøve (PSA og eventuelt sjekk av nyrefunksjon)
- undersøking av prostata via endetarmen
- eventuelt måling av urinstraum og resturin
Behandling ved forstørra prostata
Behandling av benign prostatahyperplasi avheng av kor plagsame symptoma er og korleis dei påverkar livskvaliteten. Ved milde symptom er det ofte tilstrekkeleg med observasjon og livsstilsråd, som å redusere væskeinntak om kvelden, avgrense alkohol og koffein, og sørge for å tømme blæra regelmessig. Om plagene er sterke, kan behandling med legemiddel vere aktuelt.
Behandling kan vere aktuelt dersom:
- plagene går ut over livskvaliteten din
- det er risiko for komplikasjonar
Du og legen din kan saman finne ut kva som passar best for deg.
Behandling med medisinar
Dei vanlegaste medisinane er:
- Alfablokkarar, som avslappar muskulaturen i prostata og blærehalsen og kan gi rask symptomlindring. Vanlege biverknadar er svimmelheit, trøyttleik, hovudverk og blodtrykksfall. Nokon kan også oppleve redusert eller manglande sædavgang ved utløysing.
- 5-alfa-reduktasehemmarar, som kan redusere storleiken på prostata over tid og dermed betre symptoma. Vanlege biverknadar er redusert seksualdrift, ereksjonsvanskar og redusert sædvolum.
Det er også andre medisinar som kan nyttast. Hos nokre kan ein kombinasjon av ulike medisinar gi best effekt.
Behandling med operasjon
Dersom behandling med medisinar ikke gir tilstrekkeleg effekt, eller det oppstår komplikasjonar som urinretensjon, gjentatte urinvegsinfeksjonar eller nyrepåverknad, kan kirurgisk behandling vurderast. Målet med kirurgi er å fjerne eller redusere den delen av prostata som hindrar normal urinstraum.
Den vanlegaste operasjonen, som blir kalla transuretral reseksjon av prostata, eller TUR-P, fjernar vev som blokkerer urinrøyret. Dei fleste får god effekt.
Moglege ulemper:
- bløding etter inngrepet
- midlertidig urinlekkasje, som vanlegvis betrar seg over tid
- sædutløysing kan forsvinne
- nokre treng ny behandling seinare
Sjølvhjelp og råd
Om du har forstørra prostata, kan du prøve å:
- unngå å drikke mykje om kvelden
- avgrense alkohol og koffein
- tømme blæra godt når du tissar
- snakke med lege om medisinar du brukar – nokre kan forverre plagene
Korleis utviklar tilstanden seg?
Plagene utviklar seg ofte sakte. Mange opplever lite endring over tid, og nokon blir betre av seg sjølv.
Alvorlege problem er sjeldne, men kan førekome.
Moglege komplikasjonar er:
- akutt urinretensjon (du får ikkje tissa)
- urinvegsinfeksjon
- blærestein
- påverknad av nyrene (sjeldan)