Fastlegen 

Fastlegen din kan undersøkje om du ser normalt eller ikkje og hjelpe deg viss du opplever andre synsproblem. Fastlegen viser deg til augelege om du har behov for det. 

Optikar 

Optikarar undersøkjer synet og kan hjelpe deg til å sjå betre med briller og kontaktlinser. Mange optikarar jobbar med andre augeplager òg, som tørre auge, filterbriller og synstrening. Optikaren viser deg til augelege ved behov. 

Augelege 

Augelegen diagnostiserer og behandlar augesjukdom og augeskadar. Normalt treng ein ei tilvising for å komme til augelege, frå lege eller optikar.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kven behandlar synet ditt?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 23. februar 2024 [henta mandag 22. september 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/syn/hvem-behandler-syn/

Sist oppdatert fredag 23. februar 2024