Ta vare på synet ditt

Her finn du nyttige råd for å ta vare på synet ditt. Generelt er det å ha normalt god helse bra for synet og augehelsa di.

God helse er bra for synet ditt

Det å sjå krev ekstremt mykje energi. Auga treng god tilførsel av blod. Viss blodomløpet i kroppen din blir svekt og ikkje får gjort jobben sin kan det skade synet ditt sakte, men sikkert. 

Sidan synet er så avhengig av godt blodomløp er ein enkel hugseregel at: Alt som er bra for hjartet ditt er bra for synet ditt. 

Følgjer du Helsedirektoratets råd om fysisk aktivitet, kosthald og røyking tek du vare på synet ditt. 

Ikkje ver redd for å fortelje dei du har rundt deg at synet ditt ikkje er som før. Forklar kva du opplever som vanskeleg. 

Synet er viktig i kvardagen 

Hugs at synet er viktig for at du skal klare deg bra i kvardagen. Synet hjelper deg med å 

  • orientere deg 
  • bevege deg 
  • finne informasjon 
  • vere sosial 

Redusert syn kan påverke eller i verste fall ta frå deg aktivitetar du liker å gjere i dagleglivet. Du kan gå frå å vere aktiv til å bli meir passiv. 

Gode tips for ein betre synskvardag 

Hjelp auga dine 

Sørg for at du har godt lys heime og at du blir lite blenda av lyset. Det er mindre risiko for å falle viss du har det ryddig og lyst rundt deg. 

Forsøk også  å unngå irriterande motlys.  

Ha gode kontrastfargar heime hos deg sjølv. 

Bruk rette briller til det du driv med: 

•    Lesebriller 

•    Databriller 

•    Køyrebriller/TV-briller 

Opphald deg på stader der du ser godt og les under godt lys. 

Vern auga dine mot skadar og lys 

Bruk solbriller og vernebriller når det er behov for det. Skadar på auga kan gi problem for resten av livet og redusere synet ditt unødvendig. 

Sjekk synet ditt 

Få synet ditt undersøkt jamleg hos ein optikar. Spesielt om du merkar endringar. 

Skal du snart til ein optikar? Då kan du be om ei grundig synsundersøking. 

La auga dine få slappe av 

Det kan vere slitsamt for auga å lese på skjerm eller å sjå på detaljar veldig nære. Ta ein pause på 20 sekund kvart 20 minutt, og sjå på noko som er 6 meter unna deg. 

Om du må konsentrere deg når du ser på ting, må du hugse at dette kan vere slitsamt for synet  ditt. Ta pausar. 

Ta vare på synet til barna 

Forsking viser at dagslys er bra for synet til barn og unge. Send barna ut, det er bra for auga og kroppen! 

Ver klar over kor mykje tid barna dine bruker framfor ein skjerm. Det kan påverke synet deira.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Ta vare på synet ditt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 23. februar 2024 [henta torsdag 16. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/syn/ta-vare-pa-synet/

Sist oppdatert fredag 23. februar 2024