Dette er ei generell rettleiing. Behandlinga kan variere frå person til person avhengig av blodtrykket og kva slags helseproblem du har.
Det første, høgaste talet heiter det systoliske trykket. Det måler trykket i blodårene (arteriane) når hjartet pumpar ut blodet.
Det andre, lågare talet heiter det diastoliske trykket. Dette trykket blir målt når hjartet slappar av og blir fylt opp med blod.
Høgt blodtrykk blir ofte oppdaga ved ei rutinemessig blodtrykksmåling. Dersom du har éi høg blodtrykksmåling, må du måle blodtrykket ved to eller fleire høve for å få stadfesta om du har høgt blodtrykk. Du bør òg måle blodtrykket i begge armane.
Det er òg vanleg å måle 24 timars blodtrykk viss blodtrykket er mild til moderat forhøgd. Ved sikker hypertensjon, vil legen ofte ta hormonprøver og test av morgonurinen din.
Dersom tala er høgare enn dei burde vere, er tilrådinga livsstilsendringar som kan senke blodtrykket (til dømes kosthaldsendringar, mosjon og røykjeslutt). Mange får òg legemiddel for å senke blodtrykket.
Blodtrykk på 130-139 (systolisk) og 85-89 (diastolisk)
Dette blir kalla «høgt normalt» blodtrykk. Det betyr at du kan ha ein auka risiko for å utvikle høgt blodtrykk. Då er det ofte tilstrekkeleg å endre til eit sunnare kosthald og aktivitetsnivå for å halde blodtrykket stabilt.
Blodtrykk på 140-159 (systolisk) eller 90-99 (diastolisk)
Dette blir kalla mild (grad 1) hypertensjon (legar kallar ofte høgt blodtrykk for «hypertensjon»). Tilhøyrar du denne gruppa vil du truleg få behandling med legemiddel, og dessutan livsstilsråd.
Er du over 60 år, er det mogleg at legen ikkje anbefaler legemiddel med mindre det systoliske trykte stig til 150 eller høgare.
Blodtrykk på 160-179 (systolisk) eller 100-109 (diastolisk)
Dette blir kalla moderat (grad 2) hypertensjon. På dette trinnet vil du mest sannsynleg bli anbefalt meir enn ein medisin, og dessutan livsstilsråd.
Blodtrykk på eller over 180 (systolisk) eller 110 (diastolisk)
Dette blir kalla alvorleg hypertensjon (grad 3). For denne gruppa vil oppfordringa vere behandling med meir enn ein medisin, og dessutan livsstilsråd. Av og til er det behov for akutt behandling på sjukehus.
Høyt blodtrykk
Høyt blodtrykk (hypertensjon) er ingen sykdom i seg selv, men det øker risikoen for flere andre sykdommer, blant annet hjerteinfarkt og slag.