Ultralydundersøking

Ultralydundersøkingar gjerast av spesialutdanna helsepersonell for å stille ein diagnose, kartleggje utbreiinga av ein sjukdom eller vurdere effekten av ei behandling.

Kva er ultralyd?

Ultralyd er høgfrekvente lydbølgjer og fungerer som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølgjer inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovud og lydbølgjene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

Ultralyd slik den blir nytta her er ikkje skadeleg for kroppen.

Helsepersonell med tilvisingsrett kan tilvise til ultralydundersøking.

Kva kan undersøkast med ultralyd?

  • Anatomisk bildeframstilling av vev og organ som til dømes fosterdiagnostikk og undersøking av urin- og gallevegar.
  • Funksjonelle registreringar som til dømes undersøking av hjarte og blodkar.
  • Veiledning ved biopsiar ved kreftutredning og drenasjer av til dømes abscesser.

Sjå ventetider og vel behandlingsstad

Du har rett til å velja behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. I tenesta "Velg behandlingssted" vil du sjå at ventetidene kan variera.  

Førebuing før ultralyd

Førebuing til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva som skal undersøkast.

  • Ved undersøking av mageregionen må du stort sett vere fastande dei siste fire timane før undersøkinga. Dette gjeld ikkje ved svangerskapsundersøkingar.
  • Ved undersøking av nyrer, urinvegar eller urinblæra skal du møte med full urinblære.
  • For dei fleste andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

Meir detaljert informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

Korleis går ei ultralydundersøking føre seg?

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen din som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt. Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, særleg viss du har smerter eller er øm i området.

Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

Ultralyd med kontrastmiddel

I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrastmiddel i blodåra di (mikro-gassbobler) i olbogen eller på handryggen.

Du vil på førehand bli spurt om eventuelle. allergiar og hjarte- eller lungesjukdommar. Kontrasten fører svært sjeldan til ubehag.

Ultralyd av gravide

Alle gravide får tilbud om en eller to ultralydundersøkelser i løpet av svangerskapet.

Resultatet av ultralydundersøkinga

Bileta tatt under ultralydundersøkinga blir granska av helsepersonell som lagar så ei beskriving av kva bileta viser. Beskrivinga blir sendt til den som tilviste deg. Du får vanlegvis svaret innan ei veke.

Enkelte gongar kan du få svar direkte etter undersøkinga. Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag.

Innhaldet er levert av Helse Fonna HF

Helse Fonna HF. Ultralydundersøking. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 18. oktober 2024 [henta tysdag 22. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/undersokelse-og-behandling/ultralyd/

Sist oppdatert fredag 18. oktober 2024