Ein elektronisk resept (e-resept) er ein resept som legen sender elektronisk i staden for å skrive han ut på papir.
Slik fungerer e-resept hos legen
- Legen informerer deg om e-resept.
- Legen gjer klar resepten og sender han elektronisk til ein sentral database (Reseptformidlaren).
- Du får ikkje papirresept, men kan få ei utskrift som viser kva legemeddel/varer du bruker.
Slik fungerer e-resept på apoteket eller hos bandasjisten
- Du seier at du har e-resept når du blir ekspedert.
- Du seier fødselsnummer eller namn og fødselsdato og kva vare du skal hente. Du kan bli bedt om å legitimere deg.
- Dei søkjer fram resepten i databasen, ekspederer og leverer deg vara.
- Du kan få vite om du har meir igjen på resepten og du kan få ei liste over dei gyldige e-reseptane dine.
Når får eg e-resept?
Ordninga med e-resept innførast i fylke etter fylke. Målet er at alle kommunar skal bruke e-resept i 2013.
Slik blir det når e-resept er innført i kommunen din
- Du får e-resept viss legen bruker e-resept.
- Apotek eller bandasjistar som har innført e-resept, kan ekspedere e-resepten.
- Dei kan også ekspedere gyldige papirreseptar som du har frå før.
- Legen gir deg papirresept om du skal til eit apotek eller ein bandasjist som ikkje har innført e-resept enno.
Legen kan fortelje deg kva apotek og bandasjistar som kan ekspedere e-reseptar.