Eigendelar på sjukehus og poliklinikk

Skal du få behandling ved sjukehus eller poliklinikk, må du i utgangspunktet vere tilvist av lege, kiropraktor eller manuellterapeut. Treng du legehjelp, må du ringje fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Smilende sykepleier følger pasient nedover sykehuskorridor.

Dersom du treng hjelp straks, ring akuttmedisinsk nødhjelpssentral på 113.

Det er det regionale helseføretaket (RHF) som er ansvarleg for å tilby sjukehustenester til innbyggjarane i regionen. På nettstadene til dei enkelte helseføretaka finn du meir informasjon om det regionale helseføretaket du høyrer til, og kva det kan tilby av helsetenester.

Det er gratis å bli innlagd på sjukehus i Noreg.

Du betaler eigendel på poliklinikk

Dersom du blir behandla på ein poliklinikk (utan å bli innlagd), må du som regel betale ein eigendel. I tillegg til eigendel ved konsultasjon må du som regel betale eigendel ved røntgen- og ultralydundersøkingar og ved nukleærmedisinske biletundersøkingar når du ikkje er innlagd på sjukehus.

Finn frikortet og sjekk egenandeler

Her kan du finne frikortet ditt, se registrerte egenandeler og endre kontonummeret ditt.

Godkjende eigendelar tel med i grunnlaget for frikort for helsetenester. Har du fått frikort, skal du i hovudregelen ikkje betale eigendel. 

Nokre pasientgrupper får fritak frå å betale eigendel. Det gjeld mellom anna ved

  • undersøking og behandling i samband med graviditet og fødsel
  • undersøking og behandling av barn under 16 år (for psykiatrisk behandling av barn og ungdom slepp alle under 18 år å betale)
  • godkjend yrkesskade
  • personer som har allmennfarlege smittsame sjukdommar, eller personer ein mistenkjer har ein slik sjukdom – dette gjeld for eksempel klamydia og gonoré

Om den polikliniske behandlinga vert forseinka med meir enn éin time etter avtala tid, og du som er pasient ikkje har fått melding om dette før oppmøtet, skal du ikkje betale eigendel.

Pasientbetaling

I enkelte tilfelle må du betale for bandasje- og forbruksmateriell eller andre tenester i tillegg til eigendelen. Dette kallar vi pasientbetaling eller gebyr, og det tel ikkje med i grunnlaget for frikort for helsetenester.

Pasientbetaling må du dekkje sjølv, det speler inga rolle om du har frikort eller er friteken frå å betale eigendelar.

Full eller delvis pasientbetaling

For enkelte behandlingstilbod er det innført full eller delvis pasientbetaling. Dette gjeld ved

  • assistert befrukting – inntil tre forsøk
  • sterilisering av menn
  • sterilisering av kvinner utan medisinsk indikasjon
  • kirurgisk innsetjing av implantat ved marginal periodontitt
  • rituell omskjering av gutebarn

Dersom du er til behandling/kontroll på poliklinikk for seinskadar som følgje av covid-19/korona, må du rekne med å betale eigendel. Denne tel med i oppteninga til frikort for helsetenester. 

Rett til val av behandlingsstad

Ved planlagd behandling kan du sjølv velje kva sjukehus du vil bli behandla ved. Les meir på «Rett til hjelp fra spesialisthelsetjenesten».

Behandling ved private sjukehus

Staten dekkjer i utgangspunktet ikkje utgifter til behandling ved private behandlingsstader.

Du får derimot dekt utgifter til behandling ved alle private behandlingsstader som har avtale med det offentlege. Her gjeld dei same reglane for utgiftsdekning som for offentlege behandlingsstader. På mange private habiliterings- og rehabiliteringsinstitusjonar må du betale ein eigendel.

Velg behandlingssted finn du ei oversikt over alle behandlingsstadene du kan velje mellom.

Eigendelar og eigenbetalingsbeløp

Frikort for helsetenester omfattar godkjende eigendelar ved behandling hos lege, psykolog og på poliklinikk, for radiologisk undersøking og behandling, laboratorieprøvar og medisinar og utstyr på blå resept samt for pasientreiser.

 
Eigendelstakstar på poliklinikk Sats

Undersøking, behandling, kontroll på poliklinikk av spesialist

(Taksten gjeld og for telefon- og videokonsultasjonar)

386 kroner
Røntgen, ultralyd eller nukleærmedisinsk undersøking 275 kroner
 
Eigendelstak for frikort ​Sats
Eigendelstak 3165

Det er berre godkjende eigendelar som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester. Eigendelstaket for 2024 er 3165 kroner.

Frikortet og vedtaksbrevet finner du når du logger deg inn tenesta «Frikort og egenandeler».

Du får tilsendt en SMS eller e-post når vedtaket om frikort er fatta, avhengig av kva for varselval du har gjort på Helsenorge.

Har du betalt for mye, får du automatisk tilbakebetalt det du har krav på.

Pasientbetaling/gebyr på sjukehus eller poliklinikk

​Pasientbetaling må dekkast fullt ut av pasienten og tel ikkje med i grunnlaget for frikort for helsetenester.

Pasientbetaling/gebyr på sjukehus eller poliklinikk Sats
Pasientgebyr for manglande oppmøte/avbestilling. Det er ikkje høve til å krevje gebyret dersom pasienten ikkje møter til avtala video- eller telefonkonsultasjon.  1544 kroner
​​(Gjeld det poliklinisk helsehjelp innan psykiatri eller rusbehandling, skal det ikkje krevjast høgare gebyr enn 386 kroner.)
Utgifter til bandasjemateriell/bedøvingsmiddel, maksimalt 75 kroner

Pasientbetaling på sjukehus eller poliklinikk ved sterilisering eller rituell omskjering av gutebarn

Helfo dekkjer ikkje utgifter til sterilisering av menn. Når det gjeld sterilisering av kvinner, er det pasientbetaling når behandlinga skjer utan medisinsk indikasjon. Pasientbetaling må dekkast fullt ut av pasienten og tel ikkje med i grunnlaget for frikort for helsetenester.

 
Type Sats
Sterilisering av menn 1 268 kroner
Sterilisering av kvinner 6 079 kroner
​Rituell omskjering av gutebarn ​4 000 kroner

Pasientbetaling på sjukehus eller poliklinikk ved marginal periodontitt (tannkjøtssjukdom)

Pasientbetaling må dekkast fullt ut av pasienten og tel ikkje med i grunnlaget for frikort for helsetenester.

 
Type Sats
Første implantat 6 500 kroner
Per implantat i tillegg 2 550 kroner

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Hverdager kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Eigendelar på sjukehus og poliklinikk. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. januar 2024 [henta søndag 3. mars 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/betaling-for-helsetjenester/betaling-pa-sykehus-og-poliklinikk/

Sist oppdatert måndag 1. januar 2024