Eigendelar og pasientbetaling på sjukehus og poliklinikk

Ein poliklinikk behandlar pasientar som ikkje er innlagde på sjukehus. Når du er til undersøking eller behandling ved ein poliklinikk på eit sjukehus, må du betala ein eigendel som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Smilende sykepleier følger pasient nedover sykehuskorridor.

I enkelte tilfelle kan poliklinikken krevje det vi kallar pasientbetaling, som ikkje tel med i oppteninga til frikort.

Dersom du er innlagd på eit sjukehus, skal du ikkje ut med eigendel eller pasientbetaling.

Eigendel på poliklinikk

Eigendelstak for frikort

Du får frikort for helsetenester innan tre veker etter at du har betalt over 3165 kroner i godkjende eigendelar.

Dersom du blir behandla på ein poliklinikk (utan å bli innlagd), må du som regel betale ein eigendel ved

  • undersøking, behandling eller kontroll
  • røntgen- og ultralydundersøkingar
  • nukleærmedisinske biletundersøkingar når du ikkje er innlagd på sjukehus

 Eigendelstakstar på poliklinikk Sats
Undersøking, behandling, kontroll på poliklinikk av spesialist (Taksten gjeld og for telefon- og videokonsultasjonar) 403 kroner
Røntgen, ultralyd eller nukleærmedisinsk undersøking  287 kroner

Finn frikort og sjekk eigendelar

Her kan du finne frikortet ditt, sjå registrerte eigendelar og endre kontonummeret ditt.

Eigenbetaling/pasientbetaling må du dekke sjølv

Nokre behandlingar må du betale heilt eller delvis sjølv.

Det spelar heller inga rolle om du har frikort eller er friteken frå å betale eigendelar.

Pasientbetaling/gebyr på sjukehus/poliklinikk Sats
   
Utgifter til bandasjemateriell/bedøvingsmiddel, maksimalt 75 kroner
   
Sterilisering av menn 1268 kroner
Sterilisering av kvinner* 6079 kroner
Rituell omskjering av gutebarn 4000 kroner
   
   
Kirurgisk innsetting av implantat ved marginal periodontitt  
- første implantat 6500 kroner
- per implantat i tillegg 2550 kroner
   
* Det er pasientbetaling når sterilisering av kvinner skjer utan medisinsk grunn  

Gebyr dersom du ikkje møter opp

Dersom du ikkje kjem til timen du har fått, og du ikkje har gitt beskjed seinast 24 timar i førevegen, må du betala eit gebyr på 1612 kroner.

Gjeld det poliklinisk helsehjelp innan psykiatri eller rusbehandling, skal det ikkje krevjast høgare gebyr enn 403 kroner.

Behandlingsstaden kan ikkje krevje gebyret dersom du ikkje møter til avtalt video- eller telefonkonsultasjon.

Hugs å gi beskjed i god tid dersom du ikkje kan komme.

Frikort for helsetenester

Dersom du har du frikort for helsetenester, skal du ikkje betale eigendel.

Frikort for helsetenester omfattar godkjende eigendelar ved behandling hos lege, psykolog og på poliklinikk, for radiologisk undersøking og behandling, laboratorieprøvar og medisinar og utstyr på blå resept samt for pasientreiser.

Nokre pasientgrupper treng ikkje å betale eigendel. Informasjon om dette finn du i artikkelen «Frikort for helsetjenester».

Forsinka behandling

Om den polikliniske behandlinga vert forseinka med meir enn éin time etter avtala tid, og du som er pasient ikkje har fått melding om dette før oppmøtet, skal du ikkje betale eigendel.

Behandling ved private sjukehus

Staten dekkjer i utgangspunktet ikkje utgifter til behandling ved private behandlingsstader.

Du kan få dekt utgifter til behandling ved private behandlingsstader som har avtale med det offentlege. Her gjeld dei same reglane for utgiftsdekning som for offentlege behandlingsstader.

På Velg behandlingssted finn du ei oversikt over alle behandlingsstadene du kan velje mellom.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Eigendelar og pasientbetaling på sjukehus og poliklinikk. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 12. april 2024 [henta torsdag 25. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/betaling-for-helsetjenester/betaling-pa-sykehus-og-poliklinikk/

Sist oppdatert fredag 12. april 2024