Organdonasjon reddar liv

Å donere organ vil seie å gi eitt eller fleire organ til ein annan person. Å snakke om organdonasjon kan redde liv. Éin avdød donor kan redde opptil sju liv.

Illustrasjonsbilde av familie

Organ som kan donerast er hjarte, lever, bukspyttkjertel, lunger og nyrer.

Organdonasjon kan skje frå ein person som nyleg er død, eller frå ein levande donor (familiedonasjon). Levande givar blir i Noreg berre brukte ved nyretransplantasjonar.

Opprett digitalt donorkort

Bli organdonor ved å opprette et digitalt donorkort i kjernejournalen din.

Korleis bli organdonor?

Dersom du ønskjer å vere organdonor, er det viktig at dine næraste pårørande kjenner til det. Det er din vilje til organdonasjon som gjeld.

Du kan også fylle ut eit donorkort, som er ei stadfesting på at dine næraste er informerte. Dette kan du gjere ved å:

Les meir om appen

På kortet og i appen fører du opp namnet på to personar som er informerte om standpunktet ditt. Desse kan til dømes vere familie, vener, kollegaer, fastlege eller naboar, og må vere over 18 år.

donorkort på mobil

Kven kan bli organdonor?

Alle kan seie ja til organdonasjon, uavhengig av sjukdomar, alder eller medisinbruk. Skulle donasjon bli aktuelt etter nyleg død, vil det gjerast ei medisinsk vurdering for å sjå om organa er eigna for transplantasjon.

Organdonasjon frå levande donor

Transplantasjon av nyre frå levande donor har ein lang tradisjon i Noreg. For pasientar med svært alvorleg nyresvikt, er transplantasjon av nyre frå levande donor medisinsk sett det beste tilbodet. Det gir best resultat både når det gjeld overleving, livskvalitet og funksjonstida til nyra.

Dersom du blir nyredonor, gir du bort éi av dei to nyrene dine. Kroppen kan fungere normalt med berre éi nyre.

Kven kan bli levande organdonor?

For å bli levande nyredonor i Noreg er det eit krav at det er ein stabil og nær relasjon mellom gjevaren og mottakaren. I Noreg vil det i praksis seie at den som donerer nyra, må vere i familie med mottakaren, eller er ein ven med eit nært forhold til mottakar.

Valet om å bli levande organdonor skal skje på eit fritt grunnlag, og både givar og mottakar skal få brei informasjon om kva organdonasjonen inneber på kort og lang sikt før valet blir teke.

Helsedirektoratet har gitt ut ein rettleiar for nyredonasjon frå levande givar med hovudfokus på utveljing og oppfølging av levande gjevarar. Hovudmålgruppa for rettleiaren er helsetenesta, men han kan også vere av interesse for levande nyredonorar, pasientar og pårørande.

Kvar skjer transplantasjon i Noreg?

Oslo Universitetssykehus Rikshospitalet HF har landsfunksjon for alle organtransplantasjonar i Noreg. Det er 27 sjukehus i Noreg som er godkjende for å identifisere potensielle donorar.

Kvifor er organdonasjon viktig?

​​Organdonasjon reddar liv. Det står heile tida fleire hundre menneske på venteliste for eit nytt, livreddande organ i Noreg. Organdonasjon er for mange menneske einaste utveg frå ein dødeleg sjukdom.

Behovet for organ aukar, og målet er at fleire menneske som treng det, skal få tilbod om organtransplantasjon.

Stiftelsen Organdonasjon

Informasjon om organdonasjon og hvordan du blir organdonor.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Organdonasjon reddar liv . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 5. april 2022 [henta søndag 3. mars 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/donorkort/organdonasjon/

Sist oppdatert tysdag 5. april 2022