Hva er nakkesleng?

Nakkesleng oppstår når hovudet blir utsett for ei brå og kraftig rørsle, vanlegvis bakover og deretter framover. Dette skjer oftast ved trafikkulykker, men kan òg oppstå ved fall, idrettsskadar eller andre hendingar der nakken blir utsett for store krefter. 

Det er vanleg å få smerter eller ubehag i nakken etter ei slik hending. Dei fleste opplever at plagene går over av seg sjølve. 

Alvorlege skadar på nakkevirvlar, nervar eller ryggmarg er sjeldne.

Plager som kan oppstå etter nakkesleng

Dei fleste som opplever nakkesleng, får ingen eller berre kortvarige plager.   

Vanlege plager kan vere:  

  • stiv og smertefull nakke  
  • redusert rørsleevne i nakken 
  • smerte i skuldrene eller mellom skulderblada 
  • hovudverk 

Enkelte opplever òg: 

  • svimmelheit 
  • trøyttleik 
  • konsentrasjonsvanskar og/eller irritabilitet 
  • øyresus 
  • synsforstyrringar 

Symptoma kan kome med ein gong etter skaden, men det er òg vanleg at dei først kjem etter ein til to dagar. 

Når bør du kontakte lege?

Du bør oppsøke legen din dersom: 

  • smertene er sterke eller blir verre  
  • du får prikking, nummenheit eller svakheit i armen 
  • plagene ikkje blir betre etter ein til to veker 
  • plagene gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen

Kva kan hjelpe?

Rørsle og aktivitet 

Det kan vere vondt å bevege nakken, men det er viktig å halde han i aktivitet. Prøv å bevege nakken så normalt som du klarer, innanfor det som er til å tole. Vanleg aktivitet og å gradvis vende tilbake til daglege gjeremål kan bidra til betring. 

Ein lege eller fysioterapeut kan gi råd om øvingar som kan hjelpe. For mange kan det vere nyttig å starte med forsiktige øvingar tidleg.  

Nakkekrage blir vanlegvis ikkje tilrådd, fordi det kan føre til meir stivheit og lengre plager. 

Smertestillande medisinar  

Reseptfrie smertestillande medisinar, som paracetamol og ibuprofen kan lindre plagene.

Bruk legemiddel etter anbefaling på pakninga eller frå lege. Kontakt lege dersom du treng smertestillande over lengre tid.

Korleis går det vidare?

Dei fleste blir gradvis betre i løpet av veker eller månader.  

Ei mindre gruppe opplever at plagene varer lenger. Forsking viser at langvarige plager ofte har samansette årsaker. Kor lenge symptoma varer, heng ikkje nødvendigvis saman med kor kraftig påkjenninga var, eller om det finst funn på røntgen eller andre biletundersøkingar. 

Dersom plagene held fram, finst det hjelp og oppfølging som kan bidra til betre meistring og funksjon i kvardagen. Kontakt lege dersom plagene varer eller påverkar arbeid, fritid eller daglege aktivitetar over tid.

Emergency medical care

113

If you think the condition is dangerous or could easily become so, you should immediately call the emergency medical number 113.

Emergency clinic

116 117

Call the emergency medical service when you need urgent help or if your GP is not available.

Open 24 hours a day.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Nakkesleng (whiplash). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Tuesday, August 18, 2026 [henta Friday, September 4, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/forstehjelp/behandling-av-skader/nakkesleng-whiplash/

Sist oppdatert 18. August 2026

Did you find what you were looking for?