Slik følgjer du kostrådet
Planteoljar, flytande margarin og mjuk margarin har lite metta feitt og mykje umetta feitt. Du bør velje desse framfor produkt med mykje metta feitt og lite umetta feitt, som smør, harde margarinar, palmeolje og kokosfeitt.
Feitt er delt inn i to typar: metta og umetta. Vidare er umetta feitt delt inn i einumetta og fleirumetta feittsyrer. Forskjellar i kjemisk samansetting avgjer om ei feittsyre er metta eller umetta.
Ein tommelfingerregel er at dess mjukare margarinen og smøret er ved kjøleskapstemperatur, dess meir umetta feitt inneheld dei. Produkt som inneheld mykje metta feitt, blir harde når dei blir oppbevarte i kjøleskap.
Døme på feitt til matlaging med lite og mykje metta feitt
Minst metta feitt (mindre enn 25 g per 100 g vare):
- rapsolje, solsikkeolje, maisolje, soyaolje og olivenolje
- flytande margarin
- mjuk margarin / plantemargarin
Middels (25–50 g per 100 g vare):
- smørblandingar, som Bremykt
- hard margarin, som Melange
Mest metta feitt (meir enn 50 g per 100 g vare):
- smør
- kokosfeitt
- kokosolje
Derfor bør du velje umetta feitt framfor metta feitt
Nasjonal og internasjonal forsking konkluderer med at å skifte ut metta feittsyrer med fleirumetta feittsyrer i kosten reduserer risikoen for hjarte- og karsjukdommar.
Feitt i andre matvarer
I Noreg kjem over halvparten av det metta feittet frå meieri- og kjøtprodukt. Det er derfor viktig å byte ut feite meieriprodukt med magre variantar og produkt med umetta feitt, i tillegg til å ete mindre feite kjøtprodukt, for å redusere inntaket av metta feittsyrer.
Hovudkjelder til metta feitt
- mjølk og meieriprodukt som smør, feite ostar, heilmjølk, fløyte, rømme og creme fraiche
- kjøt og kjøtvarer som bacon, pølser, salami og farsemat
- hard margarin og anna feitt til matlaging
Hovudkjelder til umetta feitt
- rapsolje, solsikkeolje, maisolje, soyaolje og olivenolje
- flytande margarin
- mjuk margarin / plantemargarin
Mjuke margarinar og matoljar gir samla sett mest umetta feitt til kosthaldet vårt og er dei største kjeldene.
Sjekk sjølv i Matvaretabellen
Du kan sjekke innhaldet av metta og umetta feitt i matvarene på matvaretabellen.no.
Andre kostråd som omtalar feitt
I tillegg til kostrådet om feitt til matlaging har vi fire andre kostråd som er knytte til inntak av feitt: