Eingongsstønad ved heimefødsel

Når du har fødd heime, kan du få eingongsstønad frå Helfo.

Kvinner som føder heime, har rett til eingongsstønad ved heimefødsel (fødsel utanfor institusjon).

Les meir om vilkåra for heimefødsel på denne sida:

Eingongsstønaden er på 3324  kroner for 2024 (3260 kroner i 2023). Du kan ikkje få denne stønaden dersom fødselen skjer i ambulanse.

Det er svært viktig at jordmor/sjukehus lagar ei skriftleg erklæring om at heimefødselen har funne stad. Du som er heimefødande legg denne erklæringa med søknaden du sender til Helfo.  

Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan seks månader etter fødselsdatoen til barnet.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om eingongsstønad etter heimefødsel ved å bruke digitalt skjema.

Du må leggje ved ei stadfesting frå helsepersonell på at du har fødd heime.

 

Papirskjema

Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut

Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

For at Helfo skal behandle søknaden din så raskt som mogleg, må du sende med all dokumentasjon og kvitteringar når du sender søknaden. Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du fram på følgjande måte når du har logga deg inn i Altinn:

  • Vel «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» frå rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» vel du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterande sak. Då kan vi behandle saken din raskare. Referansenummeret kan for eksempel sjå slik ut: «22/0000».

Content provided by Helfo

Helfo. Eingongsstønad ved heimefødsel. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, April 23, 2024 [retrieved Wednesday, April 24, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/payment-for-health-services/engangsstonad-ved-hjemmefodsel/

Last updated Tuesday, April 23, 2024