Tromsøpalme kan gje kraftig hudreaksjon

Tromsøpalme (Heracleum tromsoensis) inneheld plantesaft som kan gje kraftig utslett på hud. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom du eller barnet ditt har hatt hudkontakt med tromsøpalme.

Kvite blomar. Ytre blomar i dei ytre småskjermane har større kronblad utover.

​Tromsøpalme.

​​Symptomar ved forgiftning med tromsøpalme

Tromsøpalme inneheld plantesaft som kan gje kraftig hudutslett. Utslettet svir, er gjerne raudt og eksemliknande, og væskefylte blemmer kan utvikle seg. I verste fall kan det utvikle seg arr og permanente pigmentforandringar i huda.

Denne typen utslett oppstår i tilfelle der du først får plantesafta på huda, for deretter å vere ute i sollys. Det tar gjerne eitt til tre døgn etter soleksponering før reaksjonen i huda oppstår.

Førstehjelp ved forgiftning med tromsøpalme

  • Vask huda godt med såpe og vatn.
  • Unngå deretter direkte sollys i minst 2 døgn.
  • Bruk solkrem med høg faktor, eller dekk til det aktuelle hudområdet.
  • Kontakt lege dersom det utviklar seg sår.

Beskriving av tromsøpalme

Illustrasjon som viser skjermplante med hvite blomster og grønne stilker og bladet, som mangler både storsveip og småsveip.

Kjenneteikn på tromsøpalme:

Sveip: Manglar både storsveip og småsveip.

Blad: Store blad, finna med spisse, flika småblad.

Stengel: Grov og kantete, innhol. Inntil 5 cm tjukk. Jamt raudfarga nedst på stengel.

Blome: Kvit. Ytre blomar i dei ytre småskjermane har større kronblad utover.

Rot: Ingen spesielle kjenneteikn.

Høgde: To til fem meter høg.

Lukt: Ingen spesiell lukt.

Voksestad: I bjørkeskog og lier, skogkantar, eng, langsmed bekker og på tangvoll, elles i vegkantar og på skrotemark. Vanleg i kyststrøk i Nord-Noreg frå Finnmark til Nordland. Fleire stader i Sør-Noreg også.

Meir informasjon om fototoksiske skjermplanter kan du lese her:
Fototoksiske skjermplanter.

Informasjon om forgiftningar med andre typar skjermplanter kan du lese meir om her: Identifikasjon av giftige skjermplanter i Norge.

Contact the Norwegian Poisons Information Centre if you suspect a poisoning

22 59 13 00

The phone service is open 24 hours a day.

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Tromsøpalme kan gje kraftig hudreaksjon. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, August 17, 2021 [retrieved Wednesday, October 16, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/tromsopalme/

Last updated Tuesday, August 17, 2021