Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og enkelte kursopphald

Du kan søkje til Helfo om å få bidrag til reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse- og voksbehandling samt kursopphald ved Montebellosenteret og Bæreia. Pasientreiser har ansvaret for å dekkje reiseutgifter til anna offentleg godkjend helsebehandling.

Jente i stall med hest

Kva dekkjer Helfo reiseutgifter til?

Dersom du har hatt reiseutgifter i samband med ridefysioterapi, elektrolyse- og voksbehandling eller nokon kursopphald, skal du sende reiserekning til Helfo når reisa er avslutta.

Helfo kan gi bidrag til reise i samband med

Reiseutgiftane til og frå kurssentra

Helfo dekkjer reiseutgiftene til og frå kurssentera for blinde og svaksynte ved:

Evenes syn- og mestringssenter, Bogen (Ofoten) i Nordland; Hurdal syn- og mestringssenter, Hurdal i Akershus; Solvik syn- og mestringssenter, Askøy i Hordaland

  • Frå 1. desember 2022 er det kurssentera for blinde og svaksynte som organiserer reisa for den enkelte kursdeltakar. Ta kontakt med kurssenteret dersom du har behov for transport.

Vi gjer merksam på at reiseutgifter til tilpassingskurs for døvblinde, blinde og svaksynte samt dei pårørande framleis blir dekte av NAV.

Søknad om dekning av reiseutgifter til og frå anna offentleg godkjend behandling blir handsama av Pasientreiser.

Kva kan du få dekt?

Hovudregelen er at du sjølv vel transportmiddel og betaler for reisa på vanleg måte. Deretter krev du å få utgiftene refundert frå Helfo.

Dersom du reiser kortare enn 300 kilometer, får du dekt reisa med ein standardsats per kilometer. Reiser du med offentleg transport, blir reisa dekt etter kvittering, men refusjonen er avgrensa oppover til den nemnde standardsatsen. Reisa må vere lengre enn 10 kilometer kvar veg og koste meir enn lokal minstetakst med rutegåande transportmiddel.

Legg du ved kvittering på at du har brukt passasjerbåt eller hurtigrute på reisa, får du dekt faktisk kostnad i staden for standardsats på denne delen av reisa.

Reiser du over 300 kilometer, blir i hovudregelen utgifter dekte etter den billigaste offentlege transporten på strekninga.

Dersom du må bruke bil av helsemessige årsaker eller fordi det ikkje finst tilbod om rutegåande transport, kan du få dekt utgifter til parkering, bilferje, bom og piggdekkavgift. Dette må du dokumentere med kvittering som viser kor mykje du har betalt. Er det helsemessige årsaker til behovet for bil, må lege eller ridefysioterapeut dokumentere dette.

Rekvisisjon og bestilling av transport

Du kan under visse føresetnader få dekt drosje til behandlingsstaden.

Er det medisinske årsaker til behovet for drosje, kan lege eller ridefysioterapeut (kun ved ridefysioterapi) fylle ut Helfo sin rekvisisjonsblankett for bruk av drosje:

«Rekvisisjon for bruk av drosje ved bidragsreiser (05-22.05)» Bokmål | Nynorsk

Helfo kan også skrive rekvisisjon for bruk av drosje ved medisinske årsaker, men da må Helfo ha ei legeerklæring som stadfestar at det er behov for transport av medisinske årsaker. Dei som skal på kursopphald leverer stadfestinga til kurssenteret, som vidareformidlar behovet til Helfo. Alle andre sender legeerklæringa direkte til Helfo.

Dersom du ikkje har eigen bil og det heller ikkje finst tilbod om rutegåande transportmiddel, kan Helfo skrive rekvisisjon for bruk av drosje. Ring oss på 23 32 70 00 (Veiledning helsenorge.no).

Når du har fått ein rekvisisjon, må du sjølv bestille drosje. Rekvisisjonen leverer du til drosjesjåføren når du set deg i drosjen.

Dersom du har levert rekvisisjon til drosjesjåføren, skal du ikkje betale for turen. Drosjesjåføren fyller ut rekningsdelen på rekvisisjonen, heftar ved taksameterutskrifta og sender rekvisisjonen direkte til Helfo for utbetaling.

Behov for drosje, men ikkje rekvisisjon

har behov for drosje, men du vel å legge ut for reisa, kan du søke refusjon til Helfo i etterkant. Før du reiser må du få ei erklæring frå lege eller ridefysioterapeut som du kan legge ved søknaden til Helfo. I erklæringa må det gå fram at du har behov for drosje av medisinske årsaker.

Dersom du har behov for drosje fordi det ikkje finst tilbod om rutegåande transportmiddel, og du heller ikkje har bil, så treng du ikkje å legge ved ei slik erklæring til søknaden, men du må grunngi bruk av drosje i søknaden.

Kost og overnatting

Kostgodtgjersle under reise kan bli gitt dersom du må vere borte frå heimen i over 12 timar.

Overnattingsgodtgjersle blir gitt når det er nødvendig å overnatte på hotell, pensjonat og liknande. Dersom du vel å overnatte ved behandlingsstaden i staden for å reise heim mellom fleire behandlingar, får du dekt kost og losji dersom dette er rimelegare enn å reise heim.

Kostgodtgjersla er på inntil 253 kroner per døgn. Utgifter til overnatting blir dekte med inntil 655 kroner per døgn. Utgifter til privat overnatting blir ikkje dekte.

Følgjeperson på reisa

Dersom det er nødvendig med følgjeperson på reisa, må lege eller ridefysioterapeut attestere dette.

Når pasienten og følgjepersonen køyrer bil saman, har anten følgjepersonen eller pasienten rett til å få dekt reiseutgifter. Dersom det er brukt rutegåande transport, har både pasient og følgjeperson rett til å få dekt reiseutgiftene.

Når pasienten blir følgd på reisa til eller frå behandlingsstaden, kan følgjepersonen søkje til Helfo om godtgjersle for tapt arbeidsforteneste med 153 kroner per time. Godtgjersle blir gitt for inntil åtte timar per døgn.

Du som har vore nødvendig følgjeperson, kan søkje om å få dekt tapt arbeidsforteneste ved å sende inn søknad til Helfo og leggje ved ei stadfesting frå arbeidsgivar på at du er blitt trekt i lønn. Stadfestinga må innehalde perioden du er trekt for, og tal timar per dag. Det må komme fram i søknaden kven du har vore følgjeperson for.

Hovudregelen er at pårørande som ikkje er følgjeerson for pasienten, ikkje har rett til å få dekt reiseutgifter. Nære pårørande kan likevel få dekt utgifter til reise i samband med familiekursopphald. Dekninga er lik som for pasienten.

Send søknad digitalt til Helfo

Hovudregelen er at du må betale for reisa på vanleg måte og krevje å få refundert utgiftene frå Helfo i etterkant. Du skal ikkje betale eigendel ved bidragsreiser.

Du som har hatt reiseutgifter i forbindelse med elektrolysebehandling, ridefysioterapi eller kursopphald ved Bæreia eller Montebellosenteret kan søkje om å få refundert reiseutgifter ved å bruke digitalt skjema.

Du treng desse vedlegga:

  • kvitteringar for reiseutlegg (billettar og liknande)
  • stadfesting på gjennomført behandling (ikkje nødvendig når behandlinga er førehandsgodkjend av Helfo)
  • stadfesting på gjennomført kursopphald (Montebello eller Bæreia)
  • stadfesting frå lege ved behov for følgjeperson (gjeld ikkje for barn under 18 år)
  • stadfesting frå lege eller ridefysioterapeaut på at drosje var medisinsk nødvendig, dersom du har betalt for denne
  • kvittering for betalt overnatting dersom dette er aktuelt


Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke digitalt skjema, kan du i staden fylle ut

«Reiseutgifter - bidrag (05-22.08)» Bokmål | Nynorsk

og sende det inn saman med dokumentasjonen og kvitteringar til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

Kontakter du Helfo på vegne av noen andre, må du ha fullmakt.

Content provided by Helfo

Last updated Sunday, January 1, 2023