Ridefysioterapi

Helfo gir bidrag til ridefysioterapi (terapiriding hos fysioterapeut) når visse vilkår er oppfylte.

Jente med hest

​Dette gjeld personar med medfødd eller erverva sjukdom/funksjonshemming som gir rørsle-, balanse- og/eller koordineringsvanskar, eller personar med ei fysisk eller psykisk funksjonshemming som gjer at vanlege aktivitetar ikkje gir ein rimeleg grad av fysisk utfolding.

Vilkår for å få bidrag til dekning av utgifter til ridefysioterapi

Det er ikkje lenger eit krav om tilvising frå lege, manuellterapeut eller kiropraktor for å få bidrag til ridefysioterapi, med verknad frå 1. juli 2021.

Bidraget utgjer fra 1. juli 2022 344 kroner per behandling. Det kan givast bidrag til maksimalt 30 behandlingar per kalenderår. Individuell undersøking ved oppstart av inngår i dei 30 behandlingane.

Du kan måtte betale ekstra for leige av hest og stall. Dette får du ikkje dekt av Helfo.

Frå 1. juli 2021 er det krav om at ridefysioterapeuten har direkteoppgjer med Helfo.  Med direkteoppgjer blir bidraget utbetalt direkte til ridefysioterapeuten, slik at du ikkje treng å søke Helfo om refusjon.

Du kan få dekka bidrag til reiseutgifter 

Helfo kan gi bidrag til reiseutgifter til og frå ridefysioterapeuten. Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter at behandlinga blei gjennomført.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om kva utgifter som kan dekkast i samband med reisa på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og nokre rekreasjonsopphald».

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

​Kontakter du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Content provided by Helfo

Last updated Monday, July 4, 2022