Astma hos barn
Astma er ein vanleg lungesjukdom som gjer at barnet hostar og har tung pust. Du bør kontakte legen om barnet ditt har symptom på astma.
Kva er astma hos barn?
Mange barn har astma. Det er ein kronisk lungesjukdom som gir betennelse og irritasjon i den delen av luftvegane som heiter bronkiane. Dei blir betente og tette slik at det blir vanskelegare å puste.
Eit astmaanfall kan komme brått, eller bronkiane kan bli tette over tid.
Symptom på astma hos barn
Vanlege symptom på astma hos barn er
- tørrhoste som er mest uttalt om natta eller tidleg på morgonen
- piping i brystet ved utpust
- tung pust
- raskt sliten i leik og aktivitet
Symptoma varierer frå barn til barn. Barnet kan ha eitt eller fleire symptom, og symptoma kan endre seg over tid. Enkelte med mild astma har berre symptom innimellom, medan barn med alvorleg astma er meir plaga og kan ha symptom ofte.
Ikkje alle lungesymptom kjem av astma. Små barn kan få hoste eller bli tette i brystet når dei er forkjølte eller har andre infeksjonar. Kronisk hoste utan pipelydar eller tung pust er sjeldan astma, særleg viss barnet ikkje har allergi.
Hoste hos barn
Hoste er svært vanlig hos småbarn, men det er mer uvanlig hos spedbarn under 3 måneder. Hoste er vanligvis ufarlig og skal normalt ikke behandles med hostemedisiner.
Årsaker til astma
Dei fleste som får astma, får det før dei begynner på barneskulen. Astma kan vere arveleg.
Astma kan bli utløyst eller bli verre av allergi, infeksjonar i luftvegane, støv i lufta, tobakksrøyk, luftforureining, kald luft eller trening.
Når bør du kontakte lege?
Du bør oppsøke lege dersom barnet ditt har symptom på astma. Det er fordi barn med astma kan ha behov for astmamedisin.
Nokre barn får meir alvorlege astmaanfall.
Symptom på alvorlege astmaanfall kan vere
- pusteproblem
- rask puls
- problem med å snakke
- blå farge på leppene eller fingerneglene
- barnet er forvirra.
Barn med slike symptom treng akutt behandling:
- Ring 113 om det er akutt.
- Ring legevakta om du er usikker på kor alvorleg anfallet er.
Undersøking og diagnose
Legen vurderer symptoma, og om det er nære familiemedlemar som har astma, allergi eller atopisk eksem.
Det finst ikkje éin test som kan slå fast om barnet har astma, men ein test av lungefunksjonen (spirometri) kan gi nokre svar. Barn over seks år kan ta denne testen.Legen tek vanlegvis ikkje denne testen på barn under seks år, men vurderer diagnose ut ifrå symptoma og arvelege faktorar.
Av og til kan det vere andre årsaker til symptoma enn astma. Legen gjer derfor testar for å utelukke dette. Andre undersøkingar er allergitesting (prikktest eller blodprøve), måling av nitrogenoksid i utpust (FeNO) og måling av eosinofile blodceller. Desse testane kan støtta opp om ein astmadiagnose. Ved tvil kan ein i samråd med lege prøve astmamedisin i ein periode og vurdere effekt.
Behandling av astma hos barn
Barn som har fått ein astmadiagnose, skal som regel bruke astmamedisin. Legen kan også gi astmamedisinar ved mistanke om astma, for å sjå om det hjelper.
Dei fleste barn med astma har god effekt av astmamedisin. Nokre barn treng kun behandling i pollensesongen. All nedtrapping av medisin skal skje i samråd med lege.
Det finst to grupper av astmamedisin:
- medisinar som førebyggar anfall
- medisinar som lindrar symptom når barnet har eit anfall
Det er vanleg å puste inn medisinane med ein inhalator. Det er eit hjelpemiddel som gjer det mogleg å puste inn medisinen direkte i luftvegane og lungene. Legen vil snakke med foreldra om eventuelle biverknadar av medisinen.
Barn som har astma, går til faste kontrollar hos legen for å følge med på utviklinga og behandlinga av sjukdomen.
Mange barn med astma veks det av seg. Har barnet alvorleg astma, er det større sjanse for at det vil ha astma også som vaksen.
Bruker du inhalatoren riktig?
Riktig bruk av inhalatoren er viktig for deg som har astma eller kols. Er du usikker på hvordan du bruker inhalatoren, kan du få hjelp på apoteket.
Korleis leve godt med astma?
Dei fleste barn med astma kan leve heilt normale liv når dei tek medisinane sine og tek omsyn i kvardagen.
Råd som kan hjelpe barnet:
- Ta astmamedisinen, og bruk han på rett måte.
- Unngå det barnet er allergisk mot og andre ting dei veit kan forverre astmaen, til dømes pollen, kjæledyr, støvmidd eller forureina luft.
- Ikkje røyk rundt barnet.
- Leik utandørs og fysisk aktivitet verkar positivt på astmaen og barnet si fysiske og psykiske helse.
- Eit godt inneklima er viktig for barn med astma. Vask soverommet med jamne mellomrom.
De kan få god rettleiing av fastlegen. Nokre går på kurs om astma i regi av lokalsjukehuset. Du finn også meir informasjon hos Astma- og allergiforbundet (naaf.no).
Astma- og allergiforbundet
23 35 35 35Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi, eksem og andre overfølsomhetssykdommer.
Norsk barnelegeforening (2026). Astma hos barn og unge (PDF).
Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Directorate of Health
Sist oppdatert 18. November 2026