Kva er feberkrampar?

Feberkrampar er krampeanfall som oppstår hos eit barn som har feber. Barn mellom seks månadar og fem år kan få feberkrampar, men det er mest vanleg hos barn som er 1 til 2 år gamle. Nokre barn får febekrampar  igjen når dei får feber ein annan gong. 

Dei vanlegaste årsakene til feberkrampar er øyrebetennelse, halsbetennelse og andre infeksjonar i luftvegane.   

Dei fleste feberkrampar går raskt over og er ikkje farlege. Du bør likevel alltid kontakte legen dersom det er første gongen barnet ditt får feberkrampar, slik at legen kan finne årsaka til feberen. Kontakt 113 dersom anfallet varer meir enn fem minutt.

Symptom på feberkrampar

Under eit feberkrampeanfall kan barnet: 

  • miste bevisstheita 
  • riste eller skjelve i kroppen 
  • ikkje vere mogleg å få kontakt med 
  • skumme frå munnen 
  • kaste opp, tisse eller bæsje på seg 
  • bli stiv i kroppen 

Det er mest vanleg å riste eller skjelve like mykje på begge sider av kroppen.  

Anfallet er vanlegvis over i løpet av to minutt.

Når er det meir alvorleg?  

Dersom barnet har eitt eller fleire av desse symptoma, kan det vere snakk om komplekse feberkrampar: 

  • Anfallet varar i meir enn fem minutt. 
  • Barnet ristar meir på den eine enn på den andre sida av kroppen.  
  • Barnet får fleire anfall i løpet av 24 timar. 

Du bør ringe 113 dersom barnet har slike symptom.  

Komplekse feberkrampar er meir alvorlege. For nokre få kan dette ha samanheng med epilepsi.  

Det er vanleg at barnet fell i djup søvn etter eit slikt anfall.  

Kva bør du gjere når barnet har feberkrampar?

  • Legg barnet i sideleie for å hindre at det set oppkast i halsen. 
  • Tørk bort oppkast frå munnen om barnet kastar opp. 
  • Pass på at barnet ikkje skadar seg eller slår hovudet. 
  • Ta tida på anfallet.  
  • Ta av klede for å hjelpe kroppen å kjøle seg ned. 
  • Vurder om det er behov for å kontakte lege, men ta alltid kontakt med lege første gongen barnet får feberkrampar. 

Spedbarn kan haldast i armane mens det ligg på sida, med beina så vidt høgare enn hovudet.

Når bør du kontakte legen?

Kontakt lege, legevakt eller ring 113 dersom: 

  • det er første gongen barnet har feberkrampar 
  • anfallet varar meir enn fem minutt 
  • barnet  får eit nytt anfall innan 24 timar 
  • barnet ristar meir på den eine sida av kroppen enn den andre 
  • du er bekymra  

Det er nyttig for legen å vite kor lenge anfallet varte. 

Dersom barnet ditt har hatt feberkrampar tidlegare, er det oftest laget en plan og kanskje ikkje nødvendig å kontakte lege.

Undersøking hos legen

Legen vil undersøke barnet for å finne årsaka til feberen. Barnet treng kanskje behandling for ein infeksjon. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å ta ei blodprøve eller urinprøve.  

Jo yngre barnet er, jo meir sannsynleg er det at legen tilviser barnet til sjukehus.

Behandling av feberkrampar

Feberkrampar går vanlegvis over av seg sjølv og treng ikkje behandling.  

Dei fleste infeksjonar som kan føre til feberkrampar, kjem av virus, ikkje bakteriar. Antibiotika har ikkje effekt på virus og blir derfor sjeldan brukt ved feberkrampar. 

Smertestillande og febernedsettande legemiddel kan redusere feber og såleis lindre ubehag: 

  • Paracetamol er førstevalet. Det kan brukast frå barnet er tre månadar. 
  • Ibuprofen kan brukast frå barnet er seks månadar. 

Desse kan du kjøpe reseptfritt på apoteket. Det er viktig å følge rett dose, som angitt i pakningsvedlegget.  

Legen kan skrive ut midazolam munnvatn etter første feberkrampe dersom barnet er over seks månadar. Det kan du bruke om barnet får eit nytt anfall som varar lenger enn tre til fem minutt.

Reseptfrie smertestillende medisiner

Når kan du bruke reseptfrie smertestillende, hvilke smertestillende bør du bruke og hvilke bør du være forsiktig med?

Kan du førebygge feberkrampar?

Dersom barnet ditt har hatt feberkrampar tidlegare og får feber på nytt, bør du prøve å unngå at barnet blir for varmt. Du kan til dømes  

  • kle av barnet  
  • ikkje bruke dyne 
  • halde rommet kjølig 

Det er ikkje bevist at febernedsettande legemiddel, som paracetamol eller ibuprofen, kan førebygge feberkrampar. 

Barnet ditt bør følge vaksinasjonsprogrammet som helsestasjonane tilbyr. Det kan førebygge nokon av sjukdommane som gir feber. Enkelte vel i tillegg å vaksinere barna sine mot influensa og vasskoppar (vannkopper)

Feber hos barn

Feber er kroppstemperatur på 38,0º C eller mer målt i endetarmen. Barn får lettere feber enn voksne, og de får ofte høyere feber.

Illustrasjon: Olga Pink / Mostphotos

Kan barnet få varige skadar av feberkrampar?

Dei aller fleste barna blir heilt friske etter eit ukomplisert feberkrampeanfall. Eitt av tre barn får nye feberkrampar når dei får feber seinare.   

Dei fleste barn veks det vanlegvis av seg innan dei er fem eller seks år. 

Barn som har hatt feberkrampar, har ein liten auka risiko for å utvikle epilepsi seinare i livet. Risikoen for dette er veldig låg.

Emergency medical care

113

If you think the condition is dangerous or could easily become so, you should immediately call the emergency medical number 113.

Emergency clinic

116 117

Call the emergency medical service when you need urgent help or if your GP is not available.

Open 24 hours a day.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Allmennmedisinsk redaksjon

Allmennmedisinsk redaksjon. Feberkrampar hos barn. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Wednesday, June 17, 2026 [henta Thursday, July 9, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/barn/feberkramper/

Sist oppdatert 17. June 2026

Did you find what you were looking for?