Tuberkulose

Tuberkulose er ein alvorleg infeksjon som ofte rammar lungene. Han spreier seg med ørsmå dropar i hosten til personar med lungetuberkulose. Dersom du har blitt sjuk med tuberkulose, må du gå på antibiotikabehandling i minst seks månader.

Kva er tuberkulose?

Tuberkulose er ein sjukdom forårsaka av tuberkelbakteriar. Han rammar oftast lungene, men kan òg ramme andre organ i kroppen. Du kan for eksempel få hjernehinnebetennelse, betennelse i beinmerg, lymfeknutar, tarmar, urinvegar, hjartet og binyrene.

Bakteriane som forårsakar tuberkulose, kan liggje latente i kroppen i lang tid, til og med år, utan å gjere deg sjuk. Dette kallar vi latent tuberkuloseinfeksjon. Ein person med latent tuberkuloseinfeksjon er ikkje smittefarleg.

Men ein sjeldan gong kan infeksjonen bryte ut og gi aktiv infeksjon lenge etter smittetidspunktet. Ubehandla HIV-infeksjon kan auke risikoen for at det oppstår ein aktiv infeksjon med tuberkulose.

Alle kan få tuberkulose, men sjukdomen er meir vanleg i Afrika, Latin-Amerika, Aust-Europa og Asia.

Symptom på tuberkulose

Dei viktigaste teikna på tuberkulose i lungene:

  • hoste som varer i meir enn eit par veker
  • feber
  • tap av appetitt
  • vekttap
  • generell sjukdomskjensle
  • sveitte om natta

Mindre vanlege symptom er brystsmerter, tung pust eller at du hostar opp blodig spytt ved djup hoste.

Utgreiing og diagnose

Dersom det er mistanke om lungetuberkulose, må du ta røntgenbilete av lungene (røntgen thorax). Du må òg hoste opp slim frå lungene for å undersøkje om slimet inneheld tuberkulosebakteriar. Dette kallar vi ei sputumundersøking. Du må òg ta ein blodprøve.

Behandling ved tuberkulose

Du må behandlast med antibiotika i minst seks månader for å kurere tuberkulose. Det er svært viktig å ta medisinane slik legen din gir beskjed om. Dersom du avsluttar behandlinga for tidleg eller tek for låg dose, kan bakteriane overleve og bli resistente mot antibiotika.

Korleis skjer behandlinga?

Du startar med ei tomånaders intensiv behandling med fire typar antibiotika. Den vanlege kombinasjonen inneheld verkestoffa isoniazid, rifampicin, pyrazinamid og etambutol. Deretter blir du behandla med berre isoniazid og rifampicin i fire månader. Det vil seie at behandlingstida er seks månader totalt. Det er vanleg å leggje til eit B-vitamin (pyridoksin) for å unngå affeksjon av nervar i hender og føter så lenge du tek isoniazid.

Dersom tuberkulosen har spreidd seg utanfor lungene, må du få behandling endå lenger, vanlegvis i ni til tolv månader.

Du må ta regelmessige testar under behandlinga for å sikre at antibiotikaen fungerer, og for å sjå etter biverknader. Du må hoste opp slim for å ta testar som undersøkjer om du responderer på behandlinga. Du må òg ta blodprøvar for å sikre at tuberkulosemedisinane ikkje skadar levra og nyrene.

Dersom behandlinga ikkje tek knekken på infeksjonen, kan årsaka vere resistens hos den typen tuberkulose du har. Legen gir deg då truleg ytterlegare to medikament i kombinasjon med dei du allereie tek.

Smitte og smittevern

Tuberkulosebakteriar spreier seg via lufta i små dropar når ein person med aktiv lungetuberkulose hostar, nys, snakkar eller ler.

Personar du har vore i nærkontakt med dei to siste åra, kan derfor bli kalla inn til undersøking. Dette blir sett i gang og koordinert av den smittevernansvarlege i kommunen. Barn under fem år eller immunsvekte personar i husstanden eller nær omgangskrets blir tilrådde behandling uansett, for å vere på den sikre sida.

Korleis kan du unngå å smitte andre?

Sjølv etter at du har starta behandling, kan du smitte andre med tuberkulose. Legen forklarer deg nøyaktig kva du må gjere for å unngå å smitte andre. Du blir truleg nøydd til å opphalde deg heime eller i eit isolert rom på sjukehus i eit par veker. Sjansen for å smitte andre er mindre etter nokre vekers behandling.

Blir eg frisk?

Tuberkulose kan vere livstruande dersom du ikkje får behandling. Med behandling blir dei fleste heilt bra. Tuberkulose er farlegare for eldre menneske og menneske med eit svekt immunforsvar.

LHL

Medlemsorganisasjonen LHL jobber for mennesker med hjerte-, kar- og lungesykdom, allergi, hjerneslag, afasi, og deres pårørende.

Tuberkulose. Helsebiblioteket, 2022.

Tubercolosis (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2023.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Tuberkulose. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, January 18, 2022 [retrieved Saturday, April 20, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/lunger-og-luftveier/tuberkulose/

Last updated Tuesday, January 18, 2022